(Opphavleg publisert 20.1.2018 oppdatert 2.2. 2018)

Megakyrkja Golden Lampstand (Jindengtai, Gylne lysestake) i Linfen i Shanxi-provinsen har meir enn 50 000 menneske som soknar til kyrkja, melder The New York Times. No er kyrkja jamna med jorda.

Religionsfridom er garantert i grunnlova, men det vert ofte nytta tekniske grunngjevingar for å slå til mot uregistrerte kyrkjer. Ifølgje den statskontrollerte avisa Global Times vart kyrkja øydelagt som del av ein kampanje mot «illegale bygningar» – kyrkja hadde, melde avisa, ikkje nødvendige løyve.

Paramilitære styrkar frå Peoples Armed Police gjennomførte øydelegginga, skriv Associated Press.

Fengsla
I 2009 blei leiarane i denne kyrkja fengsla i opp til sju år etter at dei hadde klaga på eit angrep på kyrkja av hundrevis av politifolk og sivilkledde offiserar. Den lengste straffa fekk pastor Yang Rongli som vart sett fri i oktober 2016.

Slik så magakirken Golden lampstand ut før kinesisk politi jevnet den med jorden. Stefanusalliansen er meget kritisk.

I desember i fjor rapporterte Asia News at ei 20 år gammal katolsk kyrkje i Shanxi-provinsen var øydelagt, trass i at kyrkja hadde naudsynte løyve frå Kontoret for religiøse saker.

Dette er del av det kritikarane meiner er ei sterkare styring av religiøst liv i Kina.

(Biletet viser Golden Lampstand før sprenginga. )

Under president Xi Jinping har regjeringa i Kina øydelagt fleire kyrkjer eller fjerna kross-symbola som del av ein kampanje for å redusere kyrkjeliv som trugar kommunistpartiet sin autoritet, melder The New York Times.

Ei revidert utgåve av reguleringane for religiøst liv trer i kraft 1. februar. Øydelegginga av ei rekkje kyrkjebygg er del av dette, melder Christian Solidarity Worldwide.

18. januar blei seks medlemmer av ei uregistrert kyrkje i Yunnan-provinsen dømde til opp til 13 års fengsel for «bruk av ein vond kult for å organisera undergraving av lov og orden» i Kina. Dei vart tiltalte for å vera med i det styresmaktene kallar ein «vondskapsfull kult» som heiter Three Grades of Servants. Ifølgje China Aid er kring 200 kristne blitt fengsla i denne provinsen og på falskt grunnlag skulda for å tilhøyra denne gruppa.

– Religiøs forfølging er for tida på det hardaste i Kina på kanskje 50 år, seier president Bob Fu i China Aid til BBC. Fotoet under viser ruinane etter sprenginga, foto: China Aid.

Korset fulgte med da kinesisk politi sprengte kirken Golden lampstand i Kina. Stefanusalliansen er bekymret. Foto: China Aid

Tok kontroll
I Sichuan-provinsen har kinesiske styresmakter teke administrativ kontroll over  Larung Gar Buddhist Institute, eit av dei største buddhistiske læresentra i Kina. Eit offisielt dokument som er kome Human Rights Watch i hende og omsett til engelsk av dei, tek til orde for å avgrense kor mange som får halda til der. Og studentar skal ha eit rett politisk standpunkt for aksepterer «the Great Motherland, the Cinese people, Chinese culture, the Chinese Communist party and Sosialism with Chinese characteristics».

Høge bøter
Pastorane i Living Stone Church i Guizhou-provinsen er dømde til ei bot på over 1 million US dollar for at dei «illegalt» skal ha samla gåver frå medlemmar av kyrkjelyden. Pastorane har appellert og vist at gåvene er samla inn friviljug. Living Stone er ei uregistrert protestantisk kyrkje. Pastor Yang Hua blei fengsla på eit anna grunnlag 6. januar i fjor. Pastor Su Tianfu er i husarrest. Diakonen i kyrkja sat meir enn to år i forvaring før vedkom ande blei sett fri august i fjor.

– Desse sakene heng saman med eit fornya fokus frå kinesiske styresmakter på å kontrollera religiøse aktivtetar, seier Mervyn Thomas i Christian Solidarity Worldwide.

– Ulike tiltak er sette i verk i ulike provinsar, men i sum kan dette vera ein langsiktig plan for å angripa uavhengige religiøse samfunn, seier Thomas.

CSW med base i England, ber statsminister Theresa May ta opp menneskerettssituasjonen i Kina med regjeirnga der under gjestinga hennar i Kina 31. januar til 2. februar.

Etter kommunistrevolusjonen  har kommunistpartiet godteke ei kontrollert og registrert Tre Sjølv-kyrkje. Men det har vore eit veksande liv i uregistrerte kyrkjer som ikkje har vilja godta statleg kontroll.

Kai Tore Bakke, leiar av internasjonal avdeling i Stefanusalliansen seier:

– Vi har dei siste årea hatt et håp om at det skulle gå framover med religionsfridommen i Kina. Men nå ser at vi det blir verre, seier Bakke.

Auka press
Frå 1. februar gjeld altså ei ny regulering for religiøse spørsmål i Kina. Føremålet, ifølgje reguleringa, er «å verna borgarane sin religionsfridom».

Det er vedteke detaljerte vilkår for religiøse organisasjonar for å bli registrerte eller etablere ein stad for religiøs aktivitet. Religiøse kontor hos lokale styresmakter har makt til å avgjera søknader om registrering og søknader om byggjeløyve for gudshus. Lærarar i religion og medlemmar av stab i religiøse organisasjonar skal rapportere til dei religiøse kontora.

Dei nye reguleringane har utløyst kontrovers mellom nokre religiøse leiarar i Kina, melder World Watch Monitor. Pastor Wang Yi i Early Rain Church i Sichuan meiner reguleringane bryt med religionsfridommen.

Ying Fuk-Tsung ved Chinese University of Hong Kong ber religiøst truande menneske bli meir klar over korleis dei skal forsvara rettane sine for å møta utfordringane gjennom dei nye reguleringane.

Mot ekstremisme
Dei nye reguleringane vart vedtekne i byrjinga av september i fjor. Føremålet er å sikra nasjonal tryggleik, bekjempa ekstremisme og avgrensa tru praktisert utanfor organisasjonar som er godkjende av staten, melde Reuters, med det kinesiske telegrambyrået Winua som kjelde. Statsminister Li Keqiang la fram forslaget som er ein strammare versjon av reguleringar frå 2005.