Ramez Attalah, generalsekretær i Bibelselskapet i Egypt, åtvarar mot å overdrive omfanget av kristenforfølgelse i Egypt.

Ramez Attalah, generalsekretær i Bibelselskapet i Egypt, åtvarar mot å overdrive omfanget av kristenforfølgelse i Egypt.  


IS har sjokkert med sjølvmordsangrep mot kyrkjer, med drap for å driva kristne ut av Nord-Sinai og rein nedslakting av kristne på veg til eit kloster. I mange nabolag har det lenge vore spenning og tidvis vald. Muslimske konvertittar blir forfølgde. Kristne har ikkje same rettar som muslimar i arbeidsliv og forvaltning. Men Ramez Atallah nyanserer biletet.

Paradoks
– Vi har eit forvirrande paradoks. Det er sant at kristne blir diskriminerte og at det i nokre landsbyar og bysentra der lov og orden står svakt, skjer forfølging. Like sant er det at kyrkjer av alle konfesjonar i Egypt blomstrar meir enn nokon gong før i nyare historie, seier Atallah.

Han minner også om at kristne entreprenørar opplevde sterk vekst i den nyliberale økonomien og at desse i dag kontrollerer ein klart større del av økonomien enn talet på dei skulle tilseie.

Frustrere
Atallah seier at bodskapen hans vil frustrere somme egyptiske kristne som desperat ønskjer å forlate landet for eit betre liv i Vesten og som difor prøver å overtyde seg sjølv – og landet dei søkjer asyl i – om at livet som kristen i Egypt ikkje er til å halde ut.

– Det vil også frustrere leiarar av somme kristne organisasjonar i Egypt som trur at deira støtte frå vestlege organisasjonar er heilt avhengig av at dei teiknar eit bilete av kristne i Egypt som ein totalt forfølgt minoritet. Det vil frustrere vestlege fundraisarar som ofte overdriv biletet av ein «forfølgt minoritet» for å skaffe gjevarar som difor gjev av gale motiv, seier Atallah.

Ikkje friare
Det går ein straum av kristne emigrantar frå Midtausten til land i vest. Atallah utfordrar ikkje minst leiarane og pastorane til å bli verande.

– Mange trur dei vil bli «friare» kristne i Vesten. Men dei veit ikkje kva restriksjonar som det vestlege, liberale etablissement set på trua deira. Eg har enno ikkje møtt nokon som var aktiv kristen leiar i Egypt som no vil seie at dei er meir aktive i kristen teneste i deira nye liv i vesten enn dei var «heime», seier Atallah.

Han studerte og arbeidde i Canada og USA i 18 år før han vende heim til Egypt. – Eg leier i dag eit blomstrande og veksande bibelselskap. Det er lettare å tene Jesus i Egypt enn i noko sokalla «fritt» land i Vesten. For mange av dei daglege utfordringane må ikkje knyttast til trua vår, men til kompleksiteten i det egyptiske samfunnet, seier Atallah.

Han seier også at mange pastorar og leiarar som dreg til Vesten, er prega av den moderne førestellinga om at det viktigaste er komfort og tryggleik. Sjølv minner Atallah om ansvaret for å ta opp krossen og følgja Jesus.

Oppmuntra

Atallah blei sterkt oppmuntra av vitnesbyrda til mange kristne overlevande og pårørande etter IS-terroren. Fleire, mellom anna ei mor til ein som vart drepen i angrepet på Markuskatedralen i Alexandria palmesøndag, har gitt sterkt uttrykk for at dei tilgav terroristane.

– Slike vitnesbyrd kom frå mange, heilt uavhengig av kvarandre, sagt i sjokk og sorg og ikkje med smil. Den største tragedien for dei var ikkje drapa, men dersom nokon fornekta Jesus. Desse viste kva verkeleg tru er, seier Atallah og legg til:

– Andre var sinte og kravde betre vern og tryggleik. Det er «catch 22». Dei vil snart skulde regjeringa for å undergrave demokratiet. Berre ein full politistat kan hindre all terror.

Atallah seier at «vi søkjer ikkje lidinga og martyriet, Gud skapte oss til å leva».

– Vi tek ikkje sjølvmord for å koma til himmelen. Dette står i sterk motsetnad til IS-folk som trur at dei kjem til himmelen ved å drepa kristne, seier Ramez Atallah.

 

AKTUELT

PROSJEKT

Egypt: Stefanusbarna

På «søppelfjellet» i Kairo bor det tusenvis av kristne familier som er overlatt til å leve i, og av, storbyens søppel. Inspirert av Jesu kjærlighet har Mama Maggie gjennom tre tiår bygget opp et arbeid som kalles Stefanusbarna. Stefanusalliansen støtter dette arbeidet.