Kristne blir nekta å bruke ordet «Allah»

Kristne blir nekta å bruke ordet «Allah»

Ei kristen kvinne i Malaysia har gått til retten for å få lov til å bruke namnet «Allah» om Gud. Saka er i Høgsterett som gjennomfører høyringar.

Her i landet er det kristne som reagerer sterkt dersom «Allah» blir omtalt som «Gud». I Malysia er debatten heilt annleis. Der har regjeringa forbode å bruke ordet «Allah» i ikkje-musliomske samanhengar. Forbodet kom i 1986. Grunnen er at til dømes kristen bruk av ordet «Allah» kan forvirre muslimar og inspirere dei til å konvertere, melder todayonline.com.

Jill Ireland har kjempa for kristne sin rett til å bruke ordet Allah heilt sidan immigrasjonsstyresmaktene på flyplassen i Kuala Lumpur beslagla 8 kristne CD-ar sidan ordet «Allah» var brukt i ein kristen samanheng.

Etter ein sju år gamal strid i rettsvesenet fekk Ireland tilbake CD-ane i 2015. Men ho heldt fast på at retten ikkje hadde teke stilling til den konstitusjonelle retten hennar som kristen til å bruke ordet «Allah», melder World Watch Monitor og lokale media.

Då ho møtte i retten 19. oktober sa advokaten hennar at 60 prosent av dei kristne i Malaysia snakkar språket Bahasa Malaysia, og i dette språket er Allah ordet for Gud. Han sa at kristne aldri blei rådspurt då landet i 1986 forbaud kristne å bruke ordet «Allah». Han sa at forbodet var ukonstitusjonelt og diskriminerande.

– Vi har også internasjonale ekspertar som seier at «Allah» ikkje er eksklusivt for for islam, og sjølv om kristne og muslimar har ulik forståing av ordet «Allah», kan ikkje islam krevja eksklusiv rett til å bruke ordet. Det finst ingen copyright på ordet «Allah», sa advokat Lim Heng Seng.

Lokale media melder at Innanriksdepartementet har skaffa seg ein ekspertrapport på at ordet «Allah» er eit ekslusivt islamsk ord. Det er planlagt ny høyring 2. november.

Det er ikkje berre Jill ireland som i rettsleg strid om bruken av ordet VAllah». Ei liknande sak er oppe mot Sabah Church. I Høgsterett 19. oktober vart kravet frå kyrkja om å få innsyn i kvifor regjeirnga innførte forbod mot kristen bruk av ordet «Allah» avvist, melder todayonline.com. Grunnen var at dokumenta er stempla hemmeleg etter lova om hemmelege offentlege dokument (OSA). Dessutan meinte retten at dokumenta ikkje er naudsynte for å kaste lys over saka.

Rettsaka mot denne kyrkjelyden kjem etter at materiale laga for barn vart inndratt 15. august 2007. Dei fekk det tilbake i januar 2008 på vilkår av at førestida fekk eit stempel med ein kross og at materialet blir merkt med «kristen publikasjon».