– Kristne og muslimar saman mot IS-vald

– Kristne og muslimar saman mot IS-vald

– Sentrale muslimske leiarar vil at kristne i Midtausten skal ha same borgarrettar som muslimar. Det er viktig, seier KV-sjef Olav Fykse Tveit.

(Foto: Kirkenes Verdensråd)

Sist helg var Olav Fykse Tveit, generalsekretær i Kirkenes Verdensråd (KV), med på fleire historiske møte i Kairo i Egypt. Som KV-leiar deltok han saman med pave Frans og andre globale kyrkjeleiarar. Dei var inviterte av sjeik Ahmed Al-Tayed, ein av dei fremste muslimske leiarane i Midtausten. Han er storimam og leiar for Al Azhar, den største sunnimuslimske institusjonen. I Kairo deltok Fykse Tveit både i ein KV-dialog med Al Azhar og ein påfølgjande fredskonferanse arrangert av Al Azhar og Muslim Council of Elders, ei samling globale muslimske leiarar

Kort varsel
Dialogmøtet var ei oppfølging etter at sjeiken gjesta KV i Geneve. Fredskonferansen vart kalla saman på nokså kort varsel etter at IS utløyste to sjølvmordsbomber i to egyptiske kyrkjer palmesundag. I desember i fjor sprengde ein sjølvmordsbombar frå IS seg i lufta i St. Peter-kyrkja like ved den koptiske katedralen i Kairo. I denne kyrkja møttest pave Frans og den koptiske paven Tavadros og andre kyrkjeleiarar til bønegudsteneste. Kyrkja er delvis reparert, men skadar er framleis synlege. Fykse Tveit vart sitjande ved sida av ei av dei mest skadde marmorsøylene, akkurat der valdsmannen utløyste bomba.

– Inntrykket sit framleis fast i kropp og sjel. Vi bad ei enkel bøn saman for ofra, for kyrkjene i Midtausten, for kvarandre, for fred, rettferd, for slutt på valden, for at kjærleiken må overvinne hatet, seier Fykse Tveit.

Han heldt så eitt av opningsforedraga på fredskonferansen på Al Azhar. I dette intervjuet med Stefanusalliansen forklarar Olav Fykse Tveit kva KV gjer for kristne i Midtausten og kva som skjer i dialogen med sentrale muslimske leiarar.

LES FOREDRAGET TIL OLAV FYKSE TVEIT HER

– I talen din snakka du generelt om folk som skaper skilje mellom menneska etter kva dei trur. Du snakka om behovet for å stå samla mot dei som oppildnar til vald og diskriminering. Du snakka om dei som manipulerer religionen. Men du nemnde ikkje konkret den valden som har skjedd mot kristne i Egypt. På den andre sida nemnde du heilt konkret sjølvkritikk mot kristne for krosstoga, Holocaust og moderne rasisme og framandfrykt. Og du var konkret i døme på muslimsk omsorg for kristne etter terrorangrepa i Egypt. Kvifor fordømde du ikkje uttrykkjeleg i møte med sentrale muslimske leiarar vald og diskriminering i Egypt?

– Ingen som var der var i tvil om kva eg meinte med det eg sa. Alle visste kvifor vi var der og kva som hadde hendt i vekene før vi var samla. Dette vart jo ramma for fredskonferansen, som vart samankalla på nokså kort varsel. Eg tok det for gitt at alle visste kva eg eg sikta til. Det låg ingen agenda i at eg ikkje nemnde dette. Terroraksjonane blei fordømde av KV då dei hende. Dessutan var det klar addresse i mine utsegner om religion og vald, som ingen var i tvil om gjaldt spesielt konteksten i Egypt.

LES KV-FORDØMING AV TERROR MOT KYRKJER I EGYPT

– Eg spør fordi dei som ikkje var der berre har talen din å halde seg til og som gjerne vil vita...

– Eg ser poenget og kunne ha teke dette meir tydeleg med. I ein kronikk i VG har eg i ettertid meir tydeleg teke dette med. KV har i årevis hatt søkjelys på situasjonen for dei kristne i Midtausten, for å få fram kva som skjer med dei der og for å arbeida for fred og forsoning. Men det eg brukte tida på i talen min på Al Azhar var å få sagt noko tydeleg om kva det betyr grunnleggjande sett at vi trur på éin Gud som har skapt éi menneskeætt. Vald i religionens namn er vald mot religionen. Vald i Guds namn mot dei Gud skapte er eigentleg vald mot Gud sjølv. Det kan vi ikkje gjera. Som religiøse leiarar har vi eit særleg ansvar for å framheva at menneskelivet er dyrebart og heilagt og at det må vernast dersom vi tek gudstrua på alvor.

– På kva basis skal framtida for kristne i Midtausten sikrast. Mange seier dei kjenner seg som andreklasses borgarar?

– Det vi ope diskuterte på Al Azhar var at framtida skal basert på omgrepet «citizenship», altså like borgarrettar for alle. Vi var samde om at vi ikkje løyser situasjonen for dei ulike minoritetane i Midtausten – dei som heller ikkje vil bli kalla minoritetar, sjølv om dei er få – basert på den gamle forståinga: at dei vart sikra spesielle ordningar. Framover må dei sikrast like borgarrettar – dette gjeld både kristne og andre grupper. Det er eit viktig signal at også Al Azhar meiner dette. Og så hadde vi ein felles front mot ekstremisme og vald. Hovudbodskapen frå pave Frans var at vi må byggja ein fredskultur saman.

– Både kyrkjer og menneskerettsorganisasjonar har kritisert diskriminering av kristne i Egypt over tid. Vart dette diskutert?

– Poenget for meg var å få fram at gudstrua mi leier til menneskerettar for alle slik at alle kan leva med vern. Eg sa uttrykkjeleg noko om statens og styresmaktenes ansvar for å sikra likt vern for alle mot vald og urettferd. Men dette var ikkje ein konferanse med den egyptiske staten som motpart. Dei som var der, visste likevel at det eg sa, vart sagt inn i situasjonen i Egypt der vi var. Hadde vi møtt styresmaktene i Egypt, ville vi meir tydeleg teke opp det spesielle i situasjonen i Egypt med dei. Møtet vårt var mellom kyrkjeleiarane og leiinga ved Al Azhar. Eg har elles skrive brev til president Sisi om menneskerettssituasjonen i Egypt tidlegare.

– Det er sentrale lærde ved Al Azhar som har sagt at fråfall frå islam må straffast med døden. Diskuterte de synet på fråfall?

– Det var ikkje eit tema vi tok opp i og for seg. Men dette var eitt av fleire underliggjande emna i ein lengre sesjon om skrifttolking. Nokså ulike stemmer både frå kristent og muslimsk hald tok opp korleis vi skal stille oss til utsegner som skaper problem i dag. Her var det dårleg omsetjing og eg fekk ikkje med meg alt. Men det var direkte usemje mellom muslimske aktørar. Dessutan: Vår dialog med Al Azhar har vi ikkje fordi vi er samde med dei, men fordi Al Azhar er ein svært viktig sunnimuslimsk institusjon som utdannar dei fleste imamane i Midtausten. Difor spelar Al Azhar ei stor rolle langt utover regionen. Når sjeiken tok initiativet til ein diskusjon om situasjonen med vald mot kristne, tok vi del. Så får vi sjå kva dialogen fører til, svarar Fykse Tveit og legg til:

– Vi drøftar i denne dialogen også konkrete tips også til korleis vi skal dempe motsetnader andre stader i verda. Det er viktig med dialog om religion og vald som rammar både muslimar og kristne og kva vi kan gjera for å stogga dette. For tre-fire år sidan gjesta kyrkjeleiarar Nigeria saman med lokale kristne og muslimske leiarar. Det resulterte i eit fredssenter i Kaduna der valdsoffer kan fortelje si historie og motivere ungdom til kamp mot vald. Vi vil gjerne følgje opp med liknande initiativ overfor Al Azhar, noko det var interesse for.

- I Egypt har menneskerettsorganisasjonar kritisert systemet med at vald mot kristne blir handtert i forsoningsråd der kristne er den svake parten som mistar rettar Har de tatt opp dette?

– Vi har ikkje tatt det opp direkte i møta denne gongen. Men medlemskyrkjene våre i Egypt drøftar korleis dei skal handtere dette. Det er vanskeleg. Men kristne må få tryggleik, og det er viktig at dei som står for vald, blir stilte til ansvar og straffa. Det må vere rettferd om det skal verte fred. Dette er kyrkjene og vi i KV opptatt av.

– Dei kristne som er ramma av vald har ofte svært sterke utsegner om tilgjeving og forsoning, meir enn nokon kan forvente av dei. Det er ein viktig bodskap som har kome frå kristne terroroffer, som no i påska: Ei kvinne som hadde mista mannen sin i eitt av bombeangrepa i påska, uttalte på egyptisk TV til manges forbløffelse at ho ikkje hata, men ville tilgje. Det var ein sterk bodskap også til muslimar – at kristne seier at hat ikkje er svaret. Men kyrkjene held likevel fast på kristne har rett til vern og at brotsverk skal straffast. Dette prøver vi å få sagt kvar gong vi uttalar oss.

– Kva vart sagt om Al Azhar sitt ansvar for å ta tak i det som er av «hatespeech» i ein del moskear?

– Det var mange som tok opp problema med ekstrem vald og hate speech som kunne leie til dette, både frå kristne og muslimske talarar. Etter det eg forsto, var dette eit særleg viktig tema for storimamen å ta opp også i samanheng med denne fredskonferansen. Han ville også mane til ein annan fredskultur med sameksistens på fredeleg grunnlag. Eg nemnte at vi må stå saman i kampen mot «hate speech», mot hatefull tale. Elles var det ganske imponerande at Al Azhar har etablert ei eiga avdeling med meir enn 100 velkvalifiserte tilsette for å svare på eller dementere utsegn frå ISIS på nettet, nettopp for å unngå at oppmuntring til terror og vald blir ståande uimotsagt og at IS blir oppfatta som ekte uttrykk for islam. Dette skjer på meir enn 20 språk. Det var eit sterkt teikn på at dette er ein kamp om ord.

 – Om vi ser til Syria og Irak: Er det håp om framtidig kristent nærvær ikkje minst i Irak?

 – Det er ikkje lov å gje opp håpet. Dette har vi gjort noko konkret med. I samarbeid med Kirkens Nødhjelp presenterte vi i desember ein stor analyse av situasjonen for minoritetane i Syria og Irak og kva som trengst for at dei skal flytta tilbake. Etter at rapporten blei presentert, hadde fleire kyrkjeleiarar eit besøk til Irak og møtte styresmaktene i Irak og i kurdiske Erbil. Dessutan møtte vi kyrkjeleiarar og leiarar for sunnimuslimane og shiamuslimane. Det er ingen lett veg tilbake for kristne, seier Fykse Tveit.

LES KV-RAPPORTEN OM SIKING AV MINORITETAR

Fykse Tveit held fram: – Men når IS ein dag vonleg er nedkjempa i Mosul og landsbyane rundt, må det investerast for å byggja opp att landsbyane. Sist veke var eg i Utanriksdepartementet i USA for å ta opp dette – at det internasjonale samfunn, og særleg dei som har ført krigen i Irak, no må investere, ikkje berre militært, men også i å byggja opp etterpå. Kyrkjeleiarane vi møtte i Erbil, var klare på at det dei treng er tryggleik, tryggleik og tryggleik. Situasjonen er prega av at dei kristne ikkje har tillit. Nokre familiar har flytta tilbake, det fortalde patriark Sako då eg møtte han i Kairo. Men det trengst tryggingstiltak. Og dei må få hjelp til å reparera hus, mykje er øydelagt. Dessutan må dei få sjanse til utdanning og arbeid.

- Kva med frykta? «Vi er ikkje berre redde for IS. Når IS er borte, vil IS-mentaliteten vera der, den som hjalp IS med å ta over landsbyane våre», seier erkebiskop Nicodemus Daoud i Den syrisk-ortodokse kyrkja i Mosul, frå sitt indre eksil i Erbil. Er det råd å komme over denne?

LES INTERVJU MED ERKEBISKOP NICODEMUS DAOUD

– Vegen tilbake er ikkje lett. Men på ein eller annan måte må kristne og muslimar leve saman i Midtausten også i framtida. Kristne er ein viktig del av mosaikken. Mange har diverre gitt opp og drege frå landet.

– Dr Mohammad Sammak som var med på arrangera møtet i Kairo, sa i Oslo denne veka at dei kristnes muslimske naboar som tok imot IS i landsbyane då dei kristne måtte flykta for å berga livet, vil få en annan menatalitet igjen etter at IS er nedkjempa. Er du samd i det?

– Frykta er sterk. Tilliten til muslimske naboar fekk ein alvorleg knekk. Det er ikkje lett å byggja oppatt tillit i ein slik ekstrem situasjon. Det må vi ta på alvor. Dei er nøydde til å ha nokon dei kan stola på. Difor trengst det tryggleik.

LES INTERVJUET MED MOHAMMAD SAMMAK

- Bør land i Europa oppmuntre kristne til å dra tilbake, som Mohammad Sammak formulerte det?

– Det skal mykje til at folk som har forlete landet, vender tilbake. Det avheng sjølvsagt av levevilkåra der. Men det er viktig at det er kristne som framleis ønskjer å bli, og det er godt at mange muslimar ønskjer at dei skal bli verande i Irak eller Kurdistan, seier Olav Fykse Tveit.

CECILIE HELLESTVEIT TRUR IRAK BLIR TØMT FOR KRISTNE - LES INTERVJUET HER