Egypt: Flyktar frå IS si dødsliste

Egypt: Flyktar frå IS si dødsliste

Ei koptisk kvinne som var augevitne då IS-ekstremistar drap mannen og sonen hennar i Nord Sinai, seier at drapsmennene kryssa ut namna deira på ei dødsliste.

(Bildet er fra ei gravferd etter ein av dei drepne. Foto: World Wath Monitor)

I eit eksklusivt intervju med World Watch Monitor (sjå faksimile til denne saka) fortel Nabila Fawzi Hanna (65) at ein av drapsmennene hadde ei liste med «mange namn». Etter å ha drepe mannen hennar og sonen hennar inne i huset, ba dei henne stadfeste kven dei var før dei kryssa av på lista.

Ifølgje Amnesty International tømde drapsmennene også huset hennar for verdisaker før dei sette fyr på det.

Drapa skjedde 21. februar. Dagen etter, fortel ein nabo av henne, banka menn på døra til dottera og svigersonen til denne naboen. Dei var ikkje heime. Mennene braut seg då inn i eit anna hus og drap han som budde der då han prøvde å flykte.

Dette var dei tre siste drapa av i alt sju i El-Arish.

Nabila Fawvi og dottera vart intervjua av BBC etter at dei flykta for livet frå El Arish.

På grunn av drapa har 70 prosent av dei kristne i El Arish no forlete byen og flykta til ismailia eller Suez kring 20 mil unna. Dei har søkt vern i overfylte kyrkjer og offentlege bygningar og i ptivate heimar. Ei kjelde opplyser til World Watch Monitor at 1000 av 1700 kristne har flykta frå kystbyen El-Arish.

Sonen til Nabila Fawzi vart først rapportert brent levande, men ho fortel at dette ikkje stemmer. Begge vart skotne til døde inne i huset medan ho stod utanfor.

LES OGSÅ: Kristne i Sinai flyktar for livet

«I denne grufulle angrepsbølgja er koptiske kristne i Nord Sinai blitt jakta på og myrda av væpna grupper», skriver Amnesty International i sin alarmerande rapport.

Den koptiske biskop Angaelos i Storbritannia slår alarm: «I vår raskt skiftande verd som er fylt med så mange nye tragediar, krig og død, er det altfor lett at ugjerningar blir ‘hendingar’ og at dei menneska som opplever ugjerningane, blir gjorde til statistikk og raskt dytta unna før neste melding om ein tragedie. I augo til overgriparane blir dei eit lett mål, i augo til verda blir offera reduserte til eit beklageleg fenomen. Det vi faktisk snakkar om er traumatiserte menneske, familiar og samfunn som har mista sine kjære. Dei er under angrep.»

I Ismailia har dei som har flykta, søkt vern i kyrkjer, offentlege bygningar eller private heimar. Også muslimar har opne dørene sine for å hjelpe kristne på flukt.

Telegrambyrået Reuters påpeikar at IS-gruppa ser ut til å ha skifta strategi i kampen mot president Sisi. Frå tidlegare å ha angripe soldatar og politi, angrip dei no kristne - sektersk vald skal skape kaos.