Kristen guvernør fengsla for blasfemi

Kristen guvernør fengsla for blasfemi

Guvernøren i Jakarta i Indonesia er dømt til to års fengsel etter påtrykk av konservative muslimar. Somme vil ha han hengt.

Basuki Tjahaja Purnama, kjent som Ahok, vil anke dommen, melder Christian Solidarity Worldwide. Han nektar for at han har drive blasfemi.

Benedict Rogers, som er teamleiar i Aust-Asia for Christian Solidarity Worldwide (CSW) seier: «Dommen og fengselsstraffa er eit graverande misbruk av rettsreglar. Den inneber ei ytterlegare og alvorleg undergaving av Indonesias religiøse pluralisme som ligg til grunn for statsideologien Pancasila. Indonesias høve til å stå fram som eit eksempel på eit moderat, tolerant demokrati med muslimsk fleirtal er i fare. Vi ber rettssystemet om å omgjere dommen og setje guvernør Basuki Tjahaja Purnama fri, seier Rogers.

Guvernøren, altså kjend som Ahok, er kinesisk kristen og Indonesia mest kjende politikar frå ein etnisk minoritet. Han vart den første ikkje-muslimske guvernøren i Jakarta på over 50 år då han tok over som guvernør i 2014. Han er blitt kjend som tydeleg og ei sterk kraft mot korrupsjon. Han har meir vore ein handlekraftig teknokrat enn ein partipolitikar og har kjempa for minsteløner, gratis skulegang og betre helsetenester.

Hans kampanje for å bli attvald i april vart heilt overskugga av skuldingane om blasfemi, og han tapte valet i april. Muslimen Anies Rasyid Baswedan vann valet. Ahok sjølv stod heile tida fast på at han ikkje hadde brote blasfemilovene og at motstandarane hans på falskt grunnlag dreiv blasfemiskuldingane vidare for å stogga han.

27. september 2016 vart det rapportert at Ahok hadde sitert koranvers på valturneen sin. Han uttrykte uro for at hans politiske motstandarar ville bruke versa for å få folk til ikkje å røyste på han som ikkje-muslim. Han vart på urett grunnlag skulda for å kritisere sjølve koranversa, melder Christian Solidarity Worldwide.

Han vart skulda for å snakka nedsetjande om islam. Dommen var strengare enn venta, melder BBC. Dei svært konservative islamske gruppene kravde derimot lovas strengaste straff, på fem års fengsel. Ifølgje BBC seier ein av kritikarane hans at det beste ville vore om Ahok blei hengd.

15.000 politi- og tryggngsstyrkar var utplasserte ved rettslokalet då dommen blei gjort kjent. Støttespelarane greip til tårene då fengselsdommen kom. Ahok vart straks sett i fengsel då dommen kom, melder lokale media.

Blasfemiskuldingane som enda for retten, blei framførte av konservative islamske grupper etter at det han hadde sagt, blei spreidd på You Tube.

Han vart tiltalt 13. november, og rettssaka starta 13. desember. Kring ein halv million muslimar stilte opp i demonstrasjonar for å protestere mot hans påståtte blasfemi.

Indonesia er verdas største muslimske land, men landet har motsett seg teokratiet og lagt til grunn ein ideologi kalla Pancasila som gir like anerkjenning til alle store religionar.

Christian Solidarity Worldwide meiner at saka mot Ahok er del av ein større kampanje for å undergrava trus- og livssynsfridommen i landet.

Dei ytterleggåande motstandarane hans har sett på han som «vantruande» og brukt mot han både at han er kristen og kinesar. Slik er Ahok blitt dobbelt-minoritet i det muslimsk dominerte landet. Konservativ islam er på frammarsj i delar av Indonesia. 

Saka mot Ahok er ein test på om Indonesia verkeleg er eit samfunn med plass for fleire reliionar, understreka advokaten hans då rettssaka pågjekk, melder BBC. Rasande muslimske demonstrasjonar pressa på utanfor rettslokala for å få han dømt som ein som fornærma islam ikkje berre i Indonesia, men i heile verda.

Med eit folketalpå om lag 237,5 millionar menneske er Indonesia det fjerde mest folkerike landet i verda, det landet i verda som har flest muslimer og verdas tredje største demokrati etter India og USA.