Muslimsk leiar ber kristne bli i Irak

Muslimsk leiar ber kristne bli i Irak

– Europa må oppmuntra kristne flyktningar frå Irak til å venda tilbake til Irak, meiner sentral islamsk lærd. Han ber innstendig kristne om å bli i Irak.

– Utan kristne blir ikkje Midtausten lenger Midtausten, seier Mohammad Sammak.

Dr. Mohammad Sammak er generalsekretær i Islamic Spiritual Summit i Libanon og Lebanons National Committee for Christian-Muslim Dialogue. Han deltok tysdag og onsdag i møte i Oslo etter invitasjon frå biskop Ole Christian Kvarme.

I eit ope møte i Oslo bispegård onsdag om korvidt det er håp for kristen-muslimske relasjonar i framtidas Midtausten, gjorde han pave Johannes Paul 2 sine ord til sine eigne: «Det finst ingen kriminell religion, men det er kriminelle i alle religionar.»

– I Midtausten har vi opplevd ein tsunami av terror og ekstremisme dei siste 6 åra. Det starta ikkje av ingenting. For det første kom dette etter tiår med politisk undertrykking i nærast alle land. Undertrykkjande regime har grunngitt sin politikk med kampen for frigjering av Palestina. Det motsette har skjedd. I 1967 tapte arabarane krigen mot Israel og mista Jerusalem, Golan og Vestbreidda. Pan-arabismen hadde viste seg som mislukka. Islamistane ville ta over, dei kom opp frå undergrunnen. Men dei har verken nokon analyse eller noko program. Dette er ein vond sirkel. Dei prøver å bevise sin eksistensberettigelse med terror.

For seint
Sammak tok oppgjer med IS sin «inhumane hensynsløyse». Men han erkjente at då bølgja med ekstremisme, vald og terror braut ut, undervurderte dei store islamske institusjonane valdsbølgja til IS.

– Vi kom for seint på bana. Vi må konfrontere dei, og ikkje snu ryggen til. Det var ein feil at vi undervurderte dei i starten. Hadde vi ropt ut straks, kunne ting vore annleis. Vi trudde dette berre var ein bevegelsen som ville hemna seg på undertrykkjande regime. Men så såg vi at dette er ein fare for islam, for heile samfunnet og for internasjonal fred. Vi seier at dette er ikkje islam, seier Sammak.

Ekstremistane i IS vil laga eit kalifat, ein religiøs stat. Sammak viser til at Al Azar, den største sunnimuslimske institusjonen – med ein moske og eit universitet i Kairo i Egypt – har slått fast at det ikkje finst nokon religiøs stat i islam. Det skjedde alt på 1800-talet.

Sivil stat
Han viste til fleire nyare konferansar som mellom anna ein i Amman i Jordan i 2004. 200 lærde slo fast at ein sivil stat er i samsvar med islam og at kalifatet ikkje er islamsk. Ein konferanse i Marrakesh i Marokko i januar i fjor viste til «Medina-konstitusjonen».

– Etter at profeten emigrerte til Medina, slo han fast at «muslimar og andre truande er ein nasjon». Dei andre truande er jødar og kristne. I Marokko brukte vi dette prinsippet til å slå fast at ein sivil stat er for alle uavhengig av konfesjon. Det skal gjelde eit likt statsborgarskap for alle. Dette står i motsetnad til det IS gjer.

Sammak deler uroa for situasjonen for kristne i Midtausten.

– IS angrip kyrkjer og kloster, dei tvingar folk til å reise, dei gjennomfører alle slags brotsverk – også mot andre enn kristne.

Felles tru
Sist veke var Sammak med på å arrangere eit dialogmøte og ein større fredskonferanse på Al Azar i Kairo. Der deltok både Kirkenes Verdensråd, den anglikanske kyrkja og Vatikanet. Tre prinsipp vart slått fast: Religionsfridommen er ein prinsipiell fridom. Borgarrettar skal gjelda alle.

– Det tredje prinsippet er at muslimar sin relasjon til kristne i Midtausten ikkje skal vera basert på toleranse, den skal vera basert på felles tru på Gud. Kristne var i Midtausten før muslimane. Kristen-muslimsk identitet er Midtausten

Ber kristne bli
Dersom kristne dreg frå Midtausten, blir det ikkje noko Midtausten. Vi seier til kristne: Bli her, ikkje emigrer.

– Det store fleirtalet av kristne i Irak har forlete Irak. Er det reelt håp om at kristne skal bli verande i og venda tilbake til Irak?

– Europa må ikkje oppmuntra kristne til å bli verande i Europa. Europa må utfordra kristne til venda tilbake til Irak. Europa må ikkje absorbera kristne – det er lettare å absorbera kristne enn muslimar – men oppmuntra dei til å venda tilbake. Muslimar har ei plikt til å respektera trusfridom

– Korleis skal kristne våga å flytta tilbake til landsbyar og byar i Nord-Irak? Erkebiskop Nicodemus Daoud i Den syrisk-ortodokse kyrkja seier at kristne som no bur i Erbil-området, ikkje berre er redde for IS, men for mentaliteten blant dei muslimske naboane som let IS erobra landsbyane og byane, og med det tvinga kristne til å flykta. Kva seier du til denne redsla?

– Situasjonen vil vera annleis når IS er borte. Kva skulle folk sagt då IS kom og overtok? Folk handla i sjølvforsvar. Når IS er borte vil mentaliteten endra seg igjen, meiner Sammak.

 – Det pågår ein hard diskusjon. President Sisi i Egypt vil at Al Azar skal stempla IS som blasfemi. Det vil ikkje Al Azar. Kva er di meining?

– Eg vil ikkje utalla meg om det. Sisi vil pressa Al Azar til å seia at IS ikkje er muslimar. Al Azar vil ikkje seia det, så lenge dei seier at dei følgjer profeten, er dei muslimar. Det vi må gjera er å konfrontere IS, ikkje snu ryggen til. Dei er opprørarar mot islam. Det dei står for bryt med den verkelege meininga i islam, seier Sammak.