Indiske kristne trakassert palmesøndag

Indiske kristne trakassert palmesøndag

Den indiske statsministeren fordømde bombeangrep mot kyrkjer i Egypt, men var taus om hindunasjonalistiske angrep på på kristne i sitt eige land.

Kristne i fem indiske delstatar opplevde trakassering og angrep då dei var samla til gudsteneste palmesøndag.

Evangelical Fellowship of India fordømde «angrep på kristne på særlege dagar for tilbeding, som palmesøndag».

I landsbyen Sitabedi i Madhya Pradesh vart pastor Amar Singh Solanki i Indian Evangelical Team arrestert etter press frå hindufundamentalistar. Han vart arrestert saman med to andre pastorar under ei gudsteneste. Dei vart skulda for å tvinge folk til konvertering. Dei ventar på rettssak. Dei avviser skuldingane.

I Dindigul-distriktet i Tamil Nadu vart eit 24 timars bønemøte med 25 menneske forstyrra av to offentlege styresmakter, melder Christian Solidarity Worldwide.

Etter ein dom i Madras høgsterett frå 2012 trengst det ikkje løyve for å halde private bønemøte. Likevel insisterte ein representant for eit lokalt økonomitilsyn (RI) og  landsbyens administrasjon (VAO) på at løyve er naudsynt. Dei deltakande fekk klar beskjed om at dei ikkje kunne halde fram utan eit løyve.

Pastor Gunasekharan, som leia bønemøtet, vart tvinga til å love at han ikkje vil halde slike bønemøte på nytt, og han måtte signere eit brev på dette.

I Chhattisgarh-staten vart tre kyrkjer like utanfor hovudstaden Raipur terroriserte av hindunasjonalistiske fundamentalistar. Dei kom ifølgje rapportar på motorsyklar under morgongudstenestene og ropte slagord som «Kristne, dra til Israel» og «I India må du bøyge deg for vår religion, eller bli halshogd».

I Ghazipur i Uttar Pradesh, gjekk ein hindufundamentalist fysisk til angrep på pastor Krishna Paul i Believers Church. Pastor Krishna Paul og to andre pastorar vart arresterte, men seinare sette fri etter at lokale kristne leiarar og Evangelical Fellowship of India.

– Det er urovekkjande å høyre at kristne i verdas mest folkerike demokrati møter aggresjon frå hindufundamentalistiske grupper og institusjonar som handhevar offentleg lov og orden. Samvitsfridom og trusfridom er garanterte av den indiske konstitusjonen, seier leiaren for Christian Solidarity Worldwide, Mervyn Thomas. Thomas legg til: – Vi ber den indiske regjeringa tag rep overfor fundamenatlistgrupper og offentlege institusjonar som angrip religiøse minoritetar.

Indias statsminister Narendra Modi fordømde dei to sjølvmordsangrepa mot to egyptiske kyrkjer på palmesøndag. Han blir kritisert for ikkje å fordøme angrepa på fem kyrkjer i sitt eige land på den same dagen, skriv World Watch Monitor.

Kyrkjer i India krev ekstra vern. Evangelical Fellowship of India fryktar nye angrep på langfredag og påskedag.

Fire av dei fem delstatane er styrte av det hindunasjonalistiske BJP, partiet til statsminister Modi.

Langfredag er offentleg heilagdag i India. Den indiske presidenten Panab Mukherjee sende ut ei helsing til kristne for langfredag, der han uttrykte verdsetjing av dei verdiane Kristus levde og døydde for, melder Vatikanradioen. «Læra til Jesus Kristus inspirerer oss til å leve liv i sanning, tilgjeving, kjærleik og uselvisk teneste», skreiv han. «Lat oss sameinast i å fjerne vald og hat frå samfunnet vårt. Lat oss dedikere oss til teneste for dei veike og undertrykte», skreiv presidenten.

Også statsminister Narendra Modi skreiv om den tenesta og det offeret Jesus Kristus stod for.

Sjølv om altså langfredag er offentleg heilagdag i India, valde den føderale regjeringa å bruke dagen til å feire «Digitale Indias dag».