Ny indisk stat vil hindre konvertering

Ny indisk stat vil hindre konvertering

Fem indiske delstatar forbyr å skifte religion. I ein sjette skal forslag behandlast i haust. I Myanmar er konvertittar under angrep frå mobb.

Lovforslaget vart vedteke i delstatsregjeringa i Jharkand 2. august og sendt til parlamentet. Den lovgjevande forsamlinga som kjem saman denne veka, vil truleg behandle forslaget seinare i haust, melder Christian Solidarity Worldwide.

– Lovframlegget er urovekkjande, men dessverre ikkje overraskande, seier menneskerettsrådgjevar Kristin Storaker i Stefanusalliansen.

Lova har fått namnet «Jharkhand Freedom of Religion Bill 2017» – altså ei lov om religionsfridom. Delstatsregjeringa er leia av Raghubar Das. Han er knytt til Indias styrande hindunasjonalistiske Bharatiya Janata Party (BJP).

BJP kom til makta i India i mai 2014. Regjeringa vert leia av statsminister Najendra Modi (bildet). Etter den tid har dei religiøse minoritetane fått tøffare og tøffare vilkår. Ikkje minst har den ideologiske greina til BJP, Rashtriya Swayamsevak Sangh (RSS), fyrt opp retorikk og politikk mot dei religiøse minoritetane. RSS har ein klar hindunasjonalistisk agenda.

– Det er blitt tøffare for religiøse minoritetar. Ifølgje hindunasjonalismen må ein vere hindu for å vere ekte indar. Dette prøver hindunasjonalistar å regulere ved å innføre lover mot konvertering, så langt innført i fem delstatar. Lat oss håpe at den lovgjevande forsamlinga i Jharkanad forkastar forslaget, seier Storaker.

Fem statar
Lover som vil hindre eller setje svært strenge grenser for konvertering, er allerede innført i delstatane Gujarat, Himachal Pradesh, Chhattisgarh, Madhya Pradesh and Odhisa States. Ei liknande lov er vedtatt, men ikkje innført, i endå ein delstat – Arunachal Pradesh.

Christian Solidarity Worldwide skriv at lova i Jharkand er lik lova i Gujarat. Den kriminaliserer konvertering gjennom «sjarm, tvang og bestikkelsar», men lova manglar klare definisjonar av slike omgrep. Straffa er fengsel inntil tre år, eller ei bot som maksimalt svarar til vel 6000 kroner.

– Denne lova vil, slik lovene i dei andre statane, berre ytterlegare oppildne til vald mot religiøse minoritetar. Staten skal ikkje stille spørsmål ved folks val om å skifte religion. Introduseringa av denne nye lova i Jharkand er ei verkeleg årsak til uro om religionsfridommen i India, seier menneskerettsaktivisten Tehmina Arora i New Dehli.

Kriminaliserer
CSWs teamleiar i Sør-Asia, Steven Selvaraj, seier at trass i at lova har fått namn som ei lov om religionsfridom, er føremålet det stikk motsette – å setje grenser for religionsfridommen ved å kriminalisere retten til å skifte tru.

– Vi trur at desse lovene særleg er innført for å hindre kristne i å utøve og fortelje om religionen sin, seier Selvaraj.

CSW utfordrar India til å respektere religiøs pluralisme, pliktene i grunnlova og internasjonal lov og sikre retten til tanke-, samvits- og religionsfridom.

I ein rapport frå Lausannebevegelsen i fjor heiter det at spreiinga av lover som forbyr eller set strenge grenser for konvertering, er ein trussel mot religionsfridommen for minoritetar.

– Trass i ein rik tradisjon og eit juridisk rammeverk som stør samvitsfridommen og retten til å praktisere, snakke ope om og forkynne religionen sin, opplever religiøse minoritetar i India at dei stadig oftare blir offer for religiøst motivert vald, skreiv Lausannebevegelsen.

Straffeprosessar
Lausannebevegelsen viste til 2015: Ifølgje menneskerettsgrupper var det dette året meir enn 160 tilfelle der kristne blei angripne for trua si.

Lausanne-rapporten viser også til at i fleire statar er straffeprosessar sette i verk mot medlemmer av kristne samfunn. Og det har vore angrep utført av medlemmer av høgre-orienterte hindugrupper som hevdar at det har skjedd konvertering med «tvang».

Lausannebevegelsen viser til at liknande lover som er innført i indiske delstatar, også er innført i Nepal, Bhutan og Myanmar. Dette er lover som set strenge grenser for skifte av religion.

I Myanmar lyder lovparagrafen, i ei uoffisielle omsetjing gjort av Chin Human Rights Organization, som er Stefanusalliansens partner:

«14. No one is allowed to apply for conversion to a new religion with the intent of insulting, degrading, destroying, or misusing any religion.
15. No one shall compel a person to change his/her religion through bonded debt, inducement, intimidation, undue influence, or pressure.»

Lova krev også at ein person som ønskjer å konvertere, skal varsle lokale styresmakter slik at dei kan undersøkje saka.

Myanmar: Dåp og angrep
I slutten av juli angreip 150 sinte munkar og buddhistar i juli kristne som hadde konvertert frå buddhismen, melder Morning Star News. Dei øydela eigedom og skada sju menneske. I landsbyen Thi Taw nordvest i Myanmar kasta mobben steinar og braut seg inn i hus 6. juli. Det hende to dagar etter at to familiar gjekk frå buddhismen til kristendommen. Fire kvinner og tre menn vart skada av steinar og kjeppar. Tre motorsyklar blei øydelagde.

Angriparane forklarte til lokale media at dei kristne sang og forkynte seint på kvelden for å feire dei nye kristne. Til Morning Star News sa lokale buddhistar at pinsekyrkjelyden Assembly of God hadde fått gjester frå nabostaten Chin og heldt gudsteneste tre dagar til endes. På den tredje dagen valde buddhistane å slå tillbake. Ifølgje den lokale avisa Chinland Guardian er konvertittane under sterkt press frå både lokale styresmakter og buddhistiske munkar om å rekonvertere til buddhismen - eller å forlate landsbyen.

– Sjølv om ikkje lova mot konvertering er direkte brukt her, er det sannsynleg at eksistensen av lova legitimerer handlingane både til styresmaktene og mobben, seier menneskerettsrådgjevar Storaker.

Muslimar
Forbod mot å skifte tru er mest kjend frå islam-dominerte statar. Men dei indiske delstatane viser at hindunasjonalismen i aukande grad grip til det same verkemidlet.