Sterk vekst i vald mot kristne i India

Sterk vekst i vald mot kristne i India

Den gravide mora på biletet blei saman med sine fem barn kasta ut av huset av mannen og hans slekt då ho ikkje ville fornekte den kristne trua si.

Av Johannes Morken og Kristin Storaker

I India er talet på angrep på kristne fleirdobla på to år. I Myanmar går ekstreme busshistar fysisk til angrep på nydøypte kristne.

Den hindunasjonalistiske bølgja i India gjer det stadig vanskelegare for religiøse minoritetar. Endå ein delstat går langt i å kriminalisere skifte av tru. Fem indiske delstatar har innført lover med svært stramme vilkår for å skifte religion. Ein sjette var vedteke ei slik lov, men ikkje sett ho ut i livet. No står debatten i ein sjuande delstat. Det siste lovforslaget vart vedteke i delstatsregjeringa i Jharkand 2. august og sendt over til den lovgjevande forsamlinga som kjem saman denne veka, melder Christian Solidarity Worldwide.

Uro

Lova har fått namnet «Jharkhand Freedom of Religion Bill 2017». Viktige delar av lova er derimot noko heilt anna enn religionsfridom. At lovforslaget kjem er ikkje uventa, men likevel urovekkjande når vi ser korleis hindunasjonalismen dei siste tre åra har prega indisk politikk.

Leiaren av delstatsregjeringa er knytt til Indias styrande Bharatiya Janata Party (BJP). BJP kom til makta i India i mai 2014. Etter den tid har dei religiøse minoritetane fått tøffare og tøffare vilkår. Den ideologiske greina til partiet, RSS, har fyrt opp retorikk og politikk mot dei religiøse minoritetane – med ein klar hindunasjonalistisk agenda.

Ifølgje hindunasjonalismen må ein vere hindu for å vere ekte indar. Dette prøver hindunasjonalistar å regulere ved å innføre lover mot konvertering. Lat oss håpe at den lovgjevande forsamlinga i Jharkand forkastar forslaget.

Kriminaliserer

Lova i Jharkand er nokså lik lova i delstaten Gujarat. Den kriminaliserer konvertering gjennom «sjarm, tvang og bestikkelsar». Men lova manglar klare definisjonar av omgrepa. Her er det lett å bli kriminell. Straffa er fengsel inntil tre år, eller ei bot som maksimalt svarar til vel 6 000 kroner, skriv CSW.

Det er grunn til å frykte at også denne lova ytterlegare inspirerer til vald mot religiøse minoritetar. Vi fryktar at CSW sin teamleiar i Sør-Asia, Steven Selvaraj, har rett: At desse lovene særleg er innført for å hindre kristne i å utøve og fortelja om religionen sin. Også muslimar kan få det verre.

Sekulær

India er i sin konstitusjon ein sekulær stat. Rundt 80 prosent er hinduar. Vel 13 prosent av folket er muslimar. Kristne utgjer 2,3 prosent.

Det er god grunn både for regjeringar og friviljuge organisasjonar å utfordre India. Retten til tanke-, samvits- og religionsfridom er eit berande prinsipp i eit demokrati. Dersom India også i framtida vil reknast som verdas mest folkerike demokrati, må den hindunasjonalistiske bølgja med angrep mot minoritetane, stoggast. Den definisjonen av religionsfridom som ligg til grunn for lovene mot konvertering, er ikkje sann fridom. Det er ein politikk for å styrkje religiøs nasjonalisme og fundamentalisme.

Trussel

I ein rapport frå Lausannebevegelsen i fjor vart det slått fast at spreiinga av lover som gjer konvertering vanskeleg og farleg, er ein trussel mot religionsfridommen for minoritetar.

«Trass i ein rik tradisjon og eit juridisk rammeverk som stør samvitsfridommen og retten til å praktisere, snakke ope om og forkynne religionen sin, opplever religiøse minoritetar i India at dei stadig oftare blir offer for religiøst motivert vald,» heitte det.

Ifølgje menneskerettsgrupper var det i 2015 meir enn 160 tilfelle der kristne blei angripne for trua si. Talet på angrep auka så i 2016. Ifølgje Open Doors er talet på angrep på kristne i India så langt i 2017 nesten like stort som i heile 2016. I dei første seks månadane av 2017 blei kristne trakasserte, utsette for truslar eller angripne grunna trua si i 410 rapporterte tilfelle. I 2016 var talet 441, melder World Watch Monitor.

Angrep

I fleire statar er det sett i verk straffeprosessar mot medlemmer av kristne samfunn. Og det har vore angrep utført av høgre-orienterte hindugrupper som hevdar at det har skjedd konvertering med «tvang».

Palmesøndag i år vart kristne i fleire indiske delstatar angripne av hindufundamentalistiske grupper og delvis av lokale ordensmakter. I Madhya Pradesh, ein av delstatane som har innført ei lov med stramme vilkår for konvertering, vart ein pastor arrestert. Hindufundamentalistar hevda at han utførte konvertering med tvang. Politiet arresterte pastoren for påstått brot på «lov om religionsfridom». Dette lovverket er altså eit sterkt verkemiddel i hendene på fundamentalistiske grupper med enkel veg til makta.

Må rapportere

Liknande lover som er innført i indiske delstatar, er også innført i Nepal, Bhutan og Myanmar. Det er ikkje eksplisitte forbod mot å skifte religion. Lova i Myanmar seier at det ikkje er lov å søkje om å skifte religion for å «håne, øydeleggja eller misbruka ein religion». Og ingen skal prøve å få nokon til å skifte tru gjennom bruk av «pengar, overtyding, frykt, overdriven påverknad eller press.»

Sjølvsagt skal det verken brukast tvang eller pengar for å få folk til å skifta tru. Men staten legg svært mistenkeleggjerande ord i hendene på fundamentalistiske, religiøse grupper. Staten påbyr i tillegg at folk som vurderer å skifte religion, skal rapportere det til styresmaktene som skal ha rett til å undersøkje saka. Dette er ikkje religionsfridom.

I slutten av juli angreip 150 sinte munkar og buddhistar kristne som hadde konvertert frå buddhismen, melder Morning Star News. Dei øydela eigedom og skada sju. Angriparane forklarte til lokale media at dei kristne sang og forkynte seint på kvelden for å feire dei nye kristne. Til Morning Star News sa lokale buddhistar at pinsekyrkjelyden Assembly of God heldt gudsteneste tre dagar til endes. På den tredje dagen valde buddhistane å slå tilbake. Ifølgje den lokale avisa Chinland Guardian er konvertittane under sterkt press frå både lokale styresmakter og buddhistiske munkar for å konvertere tilbake til buddhismen - eller å forlate landsbyen.

Sjølv om ikkje lova mot konvertering er direkte brukt her, er det sannsynleg at eksistensen av lova legitimerer handlingane både til styresmaktene og mobben.

Hykleri

Forbod mot å skifte tru er mest kjend frå islam-dominerte statar der folk som konverterer frå islam, er utsett for fare for liv og helse. Men frå Asia ser vi altså at religiøs fundamentalisme både i hinduistisk og buddhistisk innpakning i aukande grad grip til det same verkemidlet.

Det er som Heiner Bielefeldt, FNs tidlegare spesialrapportør for trus- og livssynsfridom, har sagt, mykje internasjonalt hykleri om religionsfridom. Statar vedtek lover som dei gjev etiketten religionsfridom. I realiteten må denne fridommen i mange land vike for politiske formål og omsynet til fundamentalistiske, religiøse grupper.

Når FN neste år skal feire 70 år for Verdserklæringa for menneskerettane, er det all grunn til å gjere opp status for korleis det gjekk med religionsfridommen. I praksis.

 

(Dette er ei lett bearbeidd utgåve av ein kronikk i Dagen 11. august 2017, skrive av Johannes Morken og Kristin Storaker. Den er oppdatert  med tal på angrep på kristne i India i 2016 og historia på biletet.)