IS knuste kyrkjer og bilete av Jesus

IS knuste kyrkjer og bilete av Jesus

Medan IS vert kriga ut av Mosul, vil kristne som vart jaga på flukt for tre år sidan, ikkje flytte tilbake.

– Ingen av våre vil tilbake til Mosul, seier pastor Haitham Jazrawi. Han er pastor i den evangeliske prebyterianske kyrkja i Kirkuk i Irak.

Stefanusalliansen møter han i Beirut i Libanon på ein konferanse der eitt av emna er den store emigrasjonen og flukta ikkje minst av kristne frå Midtausten, og kva som skal til for å få folk som enno ikkje har flykta eller emigrert, til å bli verande. Det er stor skilnad mellom land som Libanon på den eine sida og Syria og Irak. Han let seg intervjue under fullt namn, men vil ikkje ha andletet fotografert.

IS knuste kyrkjer og bilete av Jesus

Gjev opp

Kyrkjesamfunnet til Haitham Jazrawi hadde før krigen fem kyrkjer rundt i Irak. I fjor gav dei opp kyrkjebygget i hovudstaden Bagdad – det er ingen igjen til å bruke kyrkja. Etter at IS vart jaga ut av den aktuelle bydelen i Mosul, tok den presbyterianske kyrkjeleiinga kontakt med muslimske naboar inne i Mosul. Dei fortalde at kyrkjebygget er øydelagt.

Deretter gjorde presbyterianarane ei spørjeundersøking blant attverande kyrkjemedlemmar, internt fordrivne i Irak – på Ninivesletta. Svaret var at ingen vil tilbake til Mosul, byen IS overtok då dei irakiske regjeringsstyrkane flykta hals over hovud sommaren 2014. Då den shia-dominerte hæren hadde fordufta utan kamp, trua sunnikrigarane i IS kristne på livet. Så vart Mosul og deretter ei rad byar på Ninive-sletta tømt for kristne.

– Når regjeringsstyrkane snart har fått kontroll i Mosul, reknar vi med at vi får tomta tilbake. Men vi kjem ikkje til å bruka den, fordi vi ikkje har folk igjen i Mosul til å bruka kyrkja, seier Haitham Jazrawi.

Knuste Jesus-bilete

Newsweek skrv frå byen Karakosh, den byen som hadde størst kristen dominans i Irak.  IPå golvet i ei kyrkje i karakosh ligg eit bilete av Jesus, der andletet er øydelagt. Gjennom okkupasjonen prøvde IS å fjerne alle symbol på kristendommen. Karakosh var blant eit dusin byar og landsbyar som IS overtok i Nord-Irak sommaren 2014.

Etter kvart som dei irakiske regjeringsstyrkane saman med kurdiske styrkar og amerikansk luftstøtte har drive IS-krigarane ut av den eine lomma etter den andre, er mange muslimsk-dominerte byar i gang med gjenoppbygginga, Men til Karakosh og andre byar med mange kristne før krigem, er det få kristne som har våga seg til å vende tilbake. Mange av dei kristne som enno er i Irak, bur i kurdiske Erbil og rundt byen – internt fordrevne.

Nokre kristne har vendt attende til Karamles, 30 kilometer aust for Mosul, skriv World Watch Monitor. Byen vart frigjort frå IS for eit halvt år sidan. Den irakiske regjeringa har beordra skulen i landbyen opna etter sommaren. Innbyggjarar prøver å byggje opp heimane sine, men dei kjenner seg slett ikkje trygge, skriv World Watch Monitor.

Vanskeleg
Kristne i Nord-Irak har kjempa for å få eit eige sjølvstyrt og garantert område for seg og andre trua minoritetar på Ninive-sletta. Men det ser svært vanskeleg ut å få det til. Fleirtalet i parlamentet i Irak har sagt nei, fordi «det vil dele landet og skaps kaos», og ingen nasjonar er venta å sende troppar. Ein av dei som har kjempa for slike garantiar, er den syrisk-ortodokse biskopen Nicodemus Daoud Sharif som Stefanusalliansen har tett kontakt med.

Held ut
Haitham Jazrawi og kona gjev ikkje opp ilvet og tenesta i Kirkuk som ligg mellom Bagdad og Mosul. Kirkuk er ein relativt fredeleg by. Majoriteten der er kurdarar. Han slår fast at å leve i ein by eller landsby med sunni-arabisk fleirtal derimot ikkje er lett.

– Eg forstår dei som ikkje vil tilbake til Mosul. Du kan ikkje seie til kristne som flykta frå Mosul, at dei ikkje kan forlate landet fordi Irak ikkje må tømmast for kristne – det er altfor lett å seie.

Han har sjølv ein son og ei dotter i USA. Sonen har ein bachelorgrad, dottera driv masterstudium. Dei er busette der.

– Eg ber dei bli i USA, seier Haitham Jazrawi.

Den andre dottera hans er utdanna i Beirut, bur i Kirkuk og har nettopp fått arbeid i FN i Erbil, hovudstaden i dei kurdiske områda i Nord-Irak.

 – Ho er trygg og tenkjer ikkje på å reise frå Irak. Men skjer det noko, kan ho reise når som helst, seier Haitham Jazrawi.

Prestar dreg
Han sukkar over at mange irakiske prestar har drege frå landet og legg til rette for at mange kristne kjem etter til Europa.

– Prestar skulle vere blant dei første som hjelper folk til å bli, meiner Haitham Jazrawi.

 – Kva kan gjerast for å få kristne ikkje alt har forlete Irak, til å bli?

– Å stengje grenser er ingen god idé. Å preike om at det er viktig å bli verande, er ikkje nok. Vi må studere og leite etter svar på kvifor så mange har emigrert. Det første irakiske kristne treng for bli verande, er tryggleik. Eg trur at 70 prosent av dei kristne som framleis er att i Irak, vil bli verande dersom dei får tryggleik og får arbeid. Europeiske regjeringar kan lage mikroprosjekt for å skape arbeidsplassar, eller hjepa kyrkje til å laga slike, seier Haitham Jazrawi.

Redde
Skjer ikkje dette, seier han, veit alle via Fcebook at dersom dei først klarar å komme seg til Europa, vil regjeringane der innan eit halvt år ha sikra dei eit minimum dei klan leva av og som er betre enn den heilt uvisse framtida i Irak, seier Haitham Jazrawi.

Han veit at mange kristne med god grunn er redde for ein del av den sunni-muslimske folkegruppa i Mosul.

– Kanskje er 20 prosent av folket i byen sinte fordi IS har mista byen. Dei kan komme til å gjere noko. Overalt finst det sunnimuslimar som kan dele og iverksetje IS-idear. Det gjeld slett ikkje alle sunnimuslimar, men eit ekstremistisk mindretal kan handle ut frå IS-idear, og skaper difor velgrunna frykt, seier Haitham Jazrawi.

Håp
Han meiner likevel at det er håp for framleis kristent nærvær i Irak. Haitham Jazrawi har godt forhold til den syrisk-ortodokse biskopen Nicodemus Daoud Sharif, som Stefanusalliansen samarbeider med. Biskopen heldt til i Mosul til IS jaga dei kristne. No prøver biskopen å styre kyrkja si frå Erbil, saman med dei seks prestane sine.

Haitham Jazrawi er samstundes klar på at svært mange muslimar har vore offer for IS-herjingane.

– Dei som stal kristne sine hus då IS overtok, stal også muslimske hus, for mange muslimar er også jaga på flukt av dei sunnimuslimske ekstremistane i IS. Tillitskrisa dette har skapt er alvorleg, og tek lang tid å komme over, seier Haitham Jazrawi.

Foto: Øvst ser vi kristne som har sendt tilbake til ei brannskadde kyrkje i Karamles, aust for Mosul. (Foto: World Watch Monitor) Biletet av namneskiltet til Haitham Jazrawi er teke av Johannes Morken.