Endeleg fri frå brutalt iransk fengsel

Endeleg fri frå brutalt iransk fengsel

Etter å ha sona ferdig ein dom er Maryam Naghash Zargaran (39) sett fri frå iransk fengsel.

1. august kom Maryam Naghash Zargaran (39) endeleg ut av porten på det berykta Evin-fengslet i hovudstaden Teheran. Ho skulle vore sett fri 28. juli – utsetjinga vart ikkje grunngitt, melder World Watch Monitor

Ho har sona ferdig dommen på fire år, ein dom som attpå til vart forlenga av fengselsstyresmaktene – seks veker vart lagt til for å kompensere for nokre opphald utanfor fengslet for å motta medisinsk behandling, som til overmål blei avslutta før den var ferdig.

Konvertitt
Zaragarn er konvertitt frå islam. Første gongen ho blei avhøyrt av tryggingspolitiet, var i januar 2010 på grunn av arbeidet hennar for huskyrkjer, eller undergrunnskyrkjer.

I januar 2013 blei ho arrestert saman med den iransk-amerikanske pastoren Saeed Abedini for arbeid i ein barnehage. Begge blei dømde nokre månader etterpå for å «true den nasjonale tryggleiken i Iran». Maryam Naghash Zaragran starta soninga 15. juli 2013.

Abedine blei sett fri i 2016 etter press frå USA.

Appell
Stefanusalliansen sende appell for Maryam Nahgash Zargaran i oktober 2016. 
Ho har i mange år hatt ein alvorleg hjartesjukdom og gjennomførte operasjon nokre år før ho blei arrestert. I fengslet vart Maryam Naghash Zargaran gjentekne gonger nekta medisinsk behandling. I protest gjennomførte ho fleire sveltestreikar, den siste i august i 2016. United States Commission on International Religious Freedom har hatt henne på lista over samvetsfangar.

Les også kommisjonens 2017-rapport om Iran

Mansour Borji frå aktivistgruppa Article 18 seier ifølgje World Watch Monitor at behandlinga av henne er eit klart prov på Irans manglande respekt for religionsfridommen.

Medan Zargaran altså er sett fri etter å ha sona ferdig, er fleire kristne, først og fremst konvertittar, dei siste månadane dømde til 10 år i fengsel og meir. Stefanusalliansen sende 14. juli ut bønnebrev for fleire av desse. Bli med i bønnekampanje.

Ein kristen fange starta i midten av juli ein ti dagars sveltestreik i protest mot behandlinga av kristne og særleg menneske som har konvertert frå islam, melder Middle East Concern. Ein annan kristen iranar, Amin Ashar Naderi, blei sleppt fri mot kausjon 25. juli etter ein tre veker lang sveltestreik. Det er sett i gang ein ankeprosess for han og to andre som blei fengsla saman med han.