Avslørte kyrkjeleiar som spion for hemmeleg kommunist-politi

Avslørte kyrkjeleiar som spion for hemmeleg kommunist-politi

Biskopen som i 1984 blei fremste talsmann for millionar av lutheranarar,, vart etter Jernteppets fall avslørt som spion.

– Denne historia bør norske og internasjonale kyrkjeleiarar læra av, seier pensjonert teologiprofessor Tormod Engelsviken til Magasinet Stefanus. Intervjuet er publisert i Magasinet utgåve 6-2017.

Engelsviken avslørte spion-historia då han i 2004 fekk dukka ned i arkiva til det ungarske overvakingspolitiet. Biskop Zoltán Káldy, som blei president i Det Lutherske Verdsforbund (LVF) 20 år tidlegare, hadde åleine signert 1200 sider med rapportar til føringsoffiseren sin.

Hard strid

I kring 45 år gjekk Jernteppet tvers gjennom Europa. I vest var striden hard om korleis kyrkjene skulle handtera kontakten med kyrkjer under strenge kommunistiske styresett.

Misjon bak Jernteppet (dagens Stefanusalliansen) og andre austmisjonar hadde frå 70-talet smugla biblar og bibeltrykkeri til undergrunnskyrkjelydar som nekta å registrera og innordna seg. Dei fortalde ei sterk historie om forfølgde kristne under kommunismen.

Den norske kyrkja, LVF og Kyrkjeverdsrådet (KV) hadde derimot kontakt med offisielle, regimegodkjende kyrkjeleiarar. Historiene desse fortalde, var fri for undertrykking. Kven fortalde sanninga?

Tilpassing

Striden toppa seg i 1984 då LVF hadde lagt generalforsamlinga si til Budapest i Ungarn. Etter hard diskusjon blei den ungarske biskopen Zoltán Kády valt til president. Diskusjonen delte den norske delegasjonen. Gunnar Stålsett, som året etter blei generalsekretær i LVF og seinare biskop i Oslo, kjempa for Káldy. Kritikarane (som Odd Bondevik og Per Lønning) meinte den ungarske biskopen var altfor sterkt knytt til kommunistregimet.

Mykje var alt då kjent om Káldy. Han hadde utvikla ein «diakonal teologi» – ei oppskrift på korleis kyrkja skulle tilpassa seg og ikkje kritisera, men overleva ved å arbeida innanfor den kommunistiske samfunnsordninga.

Les Trond bakkevig: Vi visste prisen vi måtte betale

Kom seg unna politiet

I 1989 braut Jernteppet saman, noko mange berre få år før ikkje trudde ville skje. Det blei ny diskusjon om det var undergrunnslina eller den offisielle lina som hadde vore den rette. I Den norske kyrkja tok Mellomkyrkjeleg Råd ikkje vesentleg sjølvkritikk. Då Engelsviken var leiar frå 1998 til 2002, kom spørsmålet opp på nytt om rådet skulle evaluera rolla under Jernteppet. Rådet kom til at andre i så fall måtte ta seg av det.

Etter at Engelsviken gjekk av, starta som forskar ved Menighetsfakultetet eit samarbeid med Laszlo Terray: dei ville undersøkja band mellom den lutherske kyrkja og staten i Ungarn i tida med Jernteppet. Terray, fødd og oppvaksen i Ungarn, hadde kome på kant med kommuniststyret alt i 1949. Prestestudenten kom seg ut av Ungarn før politiet fekk tak i han.

I Noreg blei Terray sokneprest. Her laga han også tallause kristne radioprogram på ungarsk, gjennom Norea Radio. Terray var i fleire år erklært uønskt i heimlandet, men mange ungarske kristne takka han for innsatsen for dei forfølgde. Terray fekk til slutt visum til generalforsamlinga i Budapest. Som rådgjevar for den norske delegasjonen var han blant dei som kritiserte LVF og Káldy.

Arkiva

I 2004 fekk Terray og Engelsviken full tilgang til arkiva til det hemmelege politiet i Ungarn – og god hjelp av hovudarkivaren. I meir enn seks veker gjekk dei gjennom mappe etter mappe. Terray omsette frå ungarsk. Det viste seg altså at biskop Káldy og andre kyrkjetoppar hadde vore agentar. Dei rapporterte til det hemmelege politiet om turane utanlands til kyrkjelege organ. Kyrkjeleiarane hadde kodenamn og føringsoffiserar.

Arkiva avslørte også at biskop Kaldy hadde instruert prestane i kva dei kunne og ikkje kunne seia og gjera. Han hadde gått hardhendt til verks og fjerna eller isolert prestar som ikkje innordna seg. Det var ein tung historisk dom Engelsviken offentleggjorde i 2006 i ein aviskronikk om den tidlegare LVF-toppen.

Avslørte kyrkjeleiar som spion for hemmeleg kommunist-politiNyansar

– Det er viktig å vere klar over at biletet i aust var fullt av nyansar. Káldy og andre kyrkjeleiarar samarbeidde aktivt og skreiv agentrapportar. Andre gjorde ikkje meir enn dei måtte i eit påtvinga samarbeid. Ei tredje gruppe i Ungarn gjorde aktiv motstand. Ikkje alle biskopane i den lutherske kyrkja i Ungarn ville underkasta seg eit system som var i hendene på Sovjet, seier Engelsviken.

Regima i aust hadde kontor for religiøse saker. I Ungarn la kontoret strategi for å bruka kyrkjeleiarane i politiske ærend. Desse fekk visum mot til dømes å kjempa for atomnedrustning – for å redusera USAs rolle. Kyrkjeleiarane måtte nekta for at det føregjekk undertrykking av kristne.

– Mange i vest forstod situasjonen. Dilemmaet for dei økumeniske organisasjonane var at dersom dei skulle hjelpa kyrkjelydar i aust, måtte dei gjennom dei offisielle kyrkjeleiarane. Elles ville dei ikkje fått visum. Mykje godt vart gjort for økonomisk hjelp til fattige kyrkjelydar, å isolera kyrkjelydane ville vore ein tragedie, seier Engelsviken og legg til:

– Men det som var rart var at Mellomkyrkjeleg Råd ikkje vedgjekk dette. I staden gjekk rådet til harde åtak på Misjon bak Jernteppet og andre austmisjonar som fortalte den verkelege historia om tilhøva i aust. Det vart ei uheldig polarisering.

Mindre krasse

Engelsviken var frå 1982 i fleire år formann for representantskapet (den gongen: rådet) i Misjon bak Jernteppet. Han har altså vore tillitsvald på begge sider av det kyrkjelege «jernteppet».

– Kunne Misjon bak Jernteppet gjort noko annleis?

– Vi i MbJ kunne vist større forståing for dilemmaet Mellomkyrkjeleg Råd og dei økumeniske organisasjonane var i og vore mindre krasse i kritikken. Organisasjonen kunne teke til orde for ei arbeidsfordeling der det var avtalt kven som kunne ta seg av kritikk, og kven som av taktiske årsaker burde avstå, seier Engelsviken og legg til:

«Vi i Misjon bak Jernteppet kunne vist større forståing for dilemmaet (...) og vore mindre krasse i kritikken.»

– I praksis blei det ei arbeidsdeling. Problemet var at mange vestlege kyrkjeleiarar kjøpte den versjonen kyrkjeleiarane i aust gav. Dei som var i ei rolle der dei ikkje kunne kritisera, var ikkje med det forplikta til å forsvara regima eller skjønnmåla situasjonen for kyrkjene i aust.

Engelsviken og Terray avslørte også at det hemmelege politiet i Ungarn hadde ein agent med kodenamn i LVF-sekretariatet i Genéve, men klarte ikkje å finna ut kven.

Engelsviken hadde i 2006 planar om at forskinga i politiarkiva i Budapest og LVF-arkiva i Genéve skulle bli bok. Men andre oppgåver kom framom. I dag innser Engelsviken at det neppe blir bok. Det beklagar han.

Grått kapittel

Engelsviken meiner det ligg mykje stoff for forskarar i arkiva til Mellomkyrkjeleg Råd – sidan materialet kastar lys over korleis aktørane tenkte og handla.

– Dei økumeniske organisasjonane sitt forhold til kyrkjene i aust i tida med Jernteppet er ikkje eit svart, men heller eit grått kapittel i kyrkjehistoria. Mykje var kritikkverdig, men ikkje alt. Det var også interne diskusjonar i LVF om kva line som skulle førast, seier Engelsviken.

Dei økumeniske organisasjonane sitt forhold til kyrkjene i aust under Jernteppet er (...) eit grått kapittel i kyrkjehistoria.»
Tormod Engelsviken

Han meiner at LVF i 1984, ved å velja Káldy, offisielt godkjende systemet i aust. Valet skulle ikkje skjedd, meiner han. Gunnar Stålsett sa til Vårt Land i 2006, etter Engelsvikens kronikk, at dersom han hadde visst at Káldy var agent, ville han ikkje gått inn for han som LVF-president.

Terrorens hus

LVF har vist sjølvkritikk. Då Mark S. Hanson som president drog til Ungarn i januar 2006, nemnde han ifølgje ei pressemelding ikkje Káldy med eit ord. Derimot gav Hanson god omtale av biskop Lajos Ordass. Den, for kommuniststaten, brysame og tydelege lutherske biskopen var blitt avsett av i 1958 – og erstatta med den regimetru Kaldy.

Hanson tente også lys på minnestaden i «House of terror» i sentrum av Budapest. «Terrorens hus», som no er museum, var hovudkvarter for det hemmelege politiet under det grufulle nazi-styret. Like etter krigen vart heile huset – med avhøyrsrom og torturkammer i kjellaren – straks hovudkvarter for det hemmelege politiet til kommunist-diktaturet. Huset viser kor kort veg – og kor store likskapar – det var mellom eit brunt diktatur og eit raudt.

Det var til dette huset også dei mest regimetru ungarske biskopane rapporterte i kommunisttida. LVF har uttalt ønskje om å koma til botn i korleis kyrkja handla både under nazismen og kommunismen.

Engelsviken viser også til at den lutherske kyrkja i Ungarn har granska den smertefulle fortida si og publisert resultata i eit tobindsverk – som berre er tilgjengeleg på ungarsk.

Engelsviken synest det er påfallande at det i Noreg er større forskarinteresse for livet for kyrkjene under nazismen, enn for undertrykkinga i kommunistland som Sovjet og Kina. Han spør om grunnen er at somme aktørar har ei politisk fortid tettare opp til kommunismen – og om det for mange er lettare å ta avstand frå nazismen.

Apartheid–paradoks

Engelsviken meiner eit stort paradoks kom til syne under LVF-møtet i Budapest i 1984: Den same forsamlinga som valde seg ein president som hadde utvikla ein teologi for tilpassing til kommunismen, kasta inntil vidare ut av LVF-fellesskapen to sør-afrikanske kyrkjer som teologisk forsvarte apartheid.

– Eg har sans for ekskluderinga av apartheidkyrkjene, men dette vedtaket står i skarp kontrast til presidentvalet i LVF i 1984. Det er også eit paradoks at Mellomkyrkjeleg Råd som kritiserte smugling av biblar mot aust, på 1980-talet stod bak smugling av pengar til kyrkjeleiarar i Sør-Afrika i kampen mot apartheid. Vi treng ein open og sjølvkritisk refleksjon om korleis kyrkjer i vest forheld seg til kyrkjer under autoritære system, seier Tormod Engelsviken.

 

«Vi treng ein open og sjølvkritisk refleksjon om korleis kyrkjer i vest forheld seg til kyrkjer under autoritære system.»

 

 

 

Zoltan Kaldy
Regimetru: Zoltán Káldy (1919-1987). Luthersk biskop 1978-1987. LVF-president 1984-87.

 

Lajos Ordass:

Motstandsmann: Lajos Ordass. (1901–1978). Luthersk biskop 1945-1978.

Visepresident i LVF 1947. Fengsla i 1948. Rehabilitert i 1956. Avsett 1958. Omsette skandinaviske bøker til ungarsk.