Bak Stefanuskaka

Bak Stefanuskaka

Elisabeth Groth laga kake for dei som blir forfølgde for trua.

Ei kake spelte ei viktig rolle før Misjon Bak Jernteppet blei etablert i 1967. No kan du bake ei kake for menneske som blir forfølgde for trua si og bli med i samtaleopplegget «Smak av trosfrihet.»

Elisabeth Groth har, på oppdrag for Stefanusalliansen, laga ei oppskrift på ei formkake med global smak – med krydder, frukt og nøtter. Groth, fram tiol nyttår Elisabeth Holm, vann sesong 4 av «Kakekrigen».

 

Bak Stefanuskaka

Viktig kake

Historia om ei kake er viktig når Stefanusalliansen søndag 12. februar startar feiringa av sine 50 år. Då Richard Wurmbrand i 1965 kom ut av 14 års rumensk fengsel, var American Lutheran Church i Oslo den første kyrkja han gjesta. Han kom dit like før jul. I siste nummer av magasinet Stefanus fekk du lese om Gillian Holby. Ho var ferskt medlem av denne kyrkjelyden. Søndagen før jul i 1965 blei ho introdusert for Wurmbrand og kona Sabina. Etter å ha høyrt historia hans i gudstenesta, gjekk ho fram og spontant inviterte ekteparet på kake og kaffe heime.

Nokre dagar tidlegare hadde ei kvinne, gift med ein NATO-tilsett i Oslo, gitt henne ei kake som Holby hadde putta i frysaren til nyttårsfesten. På impuls denne søndags morgonen hadde Holby likevel teke kaka ut av frysaren like før ho gjekk i kyrkja. Etter at Wurmbrand hadde delt vitnesbyrdet frå rumensk fengsel tok Holby spontant Wurmbrand og kona Sabina heim. Sitjande rundt kaffi- og kakebordet sa Wurmbrand: «Fru Holby, du må starte ein misjonsorganisasjon for den kommunistiske verda.»

Holby svarte at ho nok ikkje var den rette personen, men at ho kjende ei som var det: Else Marie Skard. Holby introduserte Skard for Wurmbrand og så rulla ballen. At Holby kjende Skard, som var lærar, skuldast at dottera hadde trengt ekstra hjelp med matematikken. Skard hadde hjelpt til. Slik gjekk det eine «tilfeldige» etter det andre. I november 1967 blei Misjon Bak Jernteppet skipa.

Kakeoppskrift
Stefanusalliansen ville gjerne få laga ei kakeoppskrift som kunne ta opp tråden frå 1965 – og brukast til å samle folk for trusfridom også i dag. Organisasjonen kontakta Elisabeth Groth (tidlegare Elisabeth Holm) som var vinnar av «Kakekrigen», sesong 4 på TV.

– Eg elskar utfordringar, og Stefanusalliansen står i eit fantastisk arbeid. Difor sa eg ja. Eg ville finne ei oppskrift som kan representere heile verda sidan Stefanusalliansen står i eit viktig internasjonalt arbeid. Eg tok ei oppskrift på ei formkake og tilsette ulike krydder, frukt og nøtter – ingrediensar som spelar ei stor rolle i ulike delar av verda. Men fruktene kan gjerne byttast ut med andre etter smak og kva folk har av råvarer, seier Elisabeth Groth.

Les oppskrifta her

Smak av trusfridom
Søndag startar 50-års-feiringa med gudsteneste i American Lutheran Church, der Wurmbrand altså kom like før jul 1965. Her skal Stefanusalliansen lansere eit nytt konsept som vi kallar Smak av Trosfrihet. Det er eit samtaleopplegg for grupper rundt temaet trosfridom. Som ein del av opplegget har vi fått utvikla Stefanuskaka. Og kvinna bak, Elisabeth Groth, deltek.

Her kan du laste ned heftet «Smak av trosfrihet»

Her kan du sjå programmet for jubileet

Foto av Elisabeth Groth: Lise S. Jacobsen