Dei smugla biblar og bløffa om ærendet

Dei smugla biblar og bløffa om ærendet

I bilar med hemmelege rom frakta norske smuglarar inn fleire hundre tusen biblar og bibeldeler til kyrkjelydar bak Jernteppet.


– Kristne bak Jernteppet ville svært gjerne ha biblar og bad oss skaffe, fortel Frank Kongstein . Han var misjonssekretær i Misjon bak Jernteppet og leia bibelsmuglinga. I dag er han 95 år. På ein sjukeheim i Horten minnest han bibelsmuglinga med glede.

– Vi fekk mange vener i Aust-Europa. Dei inspirerte oss, seier Kongstein i eit videointervju Thea Haavet i Stefanusalliansen har laga.

You need Adobe Flash and Javascript to view this file

(Artikkelen ble først publisert i Magasinet Stefanus 4-2017. Last ned i PDF og bestill gratis abonnement her)

Stort behov

I 1967, da MbJ blei starta, var biblar ikkje å få fatt i på den opne marknaden i Sovjet. Ofte var heile kyrkjelydar utan biblar. Situasjonen var ikkje lik i alle landa. Men behovet for biblar og kristen litteratur var mange stader nærast umetteleg, påpeikar Lasse Trædal i boka «Når ett lem lider».

Dei smugla biblar og bløffa om ærendet

Se Geir Helljesen i NRK intervjue biskop Monrad Norderval, leder i Misjon bak Jernteppet, om bibelsmugling, i 1968.

Det  starta med at enkeltmenneske tok med biblar eller bibeldelar tapa fast på kroppen eller gøymde i vesker med dobbelt botn. Tent av broder Andreas drog Geir Magnus Nyborg på ein visumfri tur frå Helsinki til Leningrad i 1973.

– Vi sneik oss vekk frå gruppa. Då vi møtte ein politimann på kaia, fall eit NT ut av bukselinninga mi. Eg bad bøna Broder Andreas hadde lært oss. «Du som gjer dei blindes augo sjåande, gjer dei sjåandes augo blinde.» Eg tok opp nytestamentet. Vi fekk levert alt. Det var sterkt å sjå kva biblar betydde for dei vi møtte. Det sat folk og skreiv av bibeldelar som vart dikterte over radio, seier Nyborg. På bildet har han ei rye han fekk av ei takksam kvinne i Sovjet under ein av turane. (Foto: privat)


Dei smugla biblar og bløffa om ærendet

Profesjonalisert
Arbeidet blei profesjonalisert. MbJ samarbeidde med Open Doors og broder Andreas (han hadde talt i Bergen og på Drotningborg i Arendal) og Operasjon Mobilisering, ifølgje Trædal. Dei som stod i dette, ønskte seg eit eige transportapparat styrt av MbJ. Midt på 70-tallet vart det bygd opp ein base med depot og bilverkstad i Østerrike. Hit kom kvar sommar mange norske ungdommar for trening, før dei vart sende av garde.

Smuglarruter

Frå Østerrike gjekk ei av smuglarrutene gjennom Ungarn til Ukraina i Sovjetunionen. Ei anna rute gjekk gjennom Romania til Moldova på Sovjet-sida. Ei tredje rute gjekk frå Tyskland gjennom Polen til Ukraina.

John Solsvik leia basen i fleire år. På ein av de 20 turane Solsvik sjølv reiste med biblar, var han med på å frakte ein 30 kilo tung maskindel til et bibeltrykkeri i Sovjetunionen. På grenseovergangen måtte reisefølgjet tømme bilen.

– Vi sette bagar med litteratur og annan bagasje på to benker. Vakta spurte kva det trykkeridelen var. «Den er til far min», sa eg, og det var eit svar vakta respekterte, fortel Solsvik.

Unnvikande svar eller løgn var resepten.

Strenge reglar

Geir Blesvik heldt på i ti år fram til slutten av 1984, fem av åra på fulltid i Østerrike. Tryggingsreglane var viktige ikkje minst for kontaktane i aust.

– Dei tok den største risikoen. Men mange var villige til å ta risikoen, og fleire var mindre urolege enn oss. Risikoen for dei som reiste inn, var berre å bli teken og sendt ut etter eit par dagar, seier Blesvik.

Gunnar Stålsett seier (sjå eiga sak) at det er dokumentert at folk som tok imot biblar, opplevde represaliar, fengsling og tortur.

– Nokre fekk problem med styresmaktene. Men eg kjenner ikkje til at dei opplevde fengsling og tortur, seier John Solsvik.

Proft opplegg

Svein og Britta Konstali hadde 15 turar i åra 1978-1981. Dei køyrde fleire turar i bilar med dobbelt botn med plass til 1 500 biblar. – Eit proft opplegg, ein «industri», seier Svein Konstali.

– Eg skreiv under på avtale om at eg ikkje skulle fortelje nokon om kva eg dreiv med, seier Britta. Dei som smugla, skulle heller ikkje vita meir enn det dei trengde for å gjere det dei skulle, for ikkje å avsløra andre dersom dei vart tekne. Det skulle heller ikkje vere skriftlege beskjedar. Reiserutene vart pugga, med alternative planar for kvar kontaktane skulle treffast. Lossestad vart avtalt. Så blei bilen lossa i nattemørkret, med vaktsame augo for å unngå avsløring. Og så var det om å gjere å forsvinne så raskt som råd.

Men då paret i 1982 med ein eittåring i bilen – på veg ut frå Timisoara i Romania – blei stoppa av væpna soldatar med narkohundar, vart dei samde om at no var det nok. Omsynet til eittåringen gjorde at dei ikkje ville ta risikoen.

Bryllupsreise
Kåre og Randi Hegle var eitt av dei para som brukte bryllupsreisa til å smugle biblar.

– Ein kombi-camp var stappfull av russiske biblar, kristen barnelitteratur og utstyr. I skoa gøymde eg kontantar, seier Kåre Hegle.

Dei smugla biblar og bløffa om ærendet

 

Filma

Som student i filmproduksjon i USA laga Jan Georg Vedeler i 1982 ei bachelor-oppgåve med filming av bibelsmugling. John Solsvik hadde med familien på tur, med biblar gøymde i skap inne i campingbilen – dei ville ikkje risikere ein spesialbil. Å filma var elles eit brot på trykkingsreglane til bibelsmuglarane. Dei plukka seg ut ein avsidesliggjande grensestasjon mot Tsjekkoslovakia. Vedeler filma med kameraet stukke ut under ein takstein. Dei væpna vaktene undersøkte bagasjen med barna til Solsvik vandrande rundt. Familien fekk køyra vidare utan at biblane vart oppdaga.

– Barna var den beste forkledninga. Vi var turistar, med eit anna ærend, seier Solsvik i dag. (På biletet frå filmen til Vedeler overleverer han smugla biblar).

Eventyrlyst

I boka si fortel Lasse Trædal at ein del av dei som melde seg, var prega av eventyrlyst. «Selv etter å ha gjennomgått et treningskurs var det mange som hadde urealistiske forventninger (...). Som regel ble de fratatt sine illusjoner så snart de fikk stifte nærmere bekjentskap med transportarbeidernes strabasiøse og nerveslitende hverdag. Grensepasseringene kunne selvsagt aldri bli glatt rutine. (...)»

Han skriv også at mange blei frustrert over at dei ikkje kunne oppleve kristent fellesskap med mottakarane, sidan smuglarane berre måtte komme seg raskast mogeleg vekk etter å ha overlevert biblane.

Usemje

Basen i Østerrike var formelt underlagt MbJ. Men reisesenteret hadde sin eigen styringskomite og sine eigne støttegrupper. Det vart friksjon og usemje, mellom anna om arbeidsmåtar, ifølgje Trædal.

Han skriv at dei unge på feltet meinte dei burde delta i evangelisering, medan styret fastheldt at dei berre skulle vere støttespelarar for kristne bak Jernteppet slik at desse fekk drive verksemda si på eigne vilkår. No la nok ulike folk ulike ting i omgrepet «evangelisering». Trædal skriv at dårleg kommunikasjon førte til at dei ansvarlege for transportapparatet etablerte seg som ein uavhengig litteraturmisjon under namnet ‘Korstog for Kristus’. Dei fleste i staben støtta dei unge ute.

– Det var ein interessekonflikt. Vi som etablerte Korstog for Kristus, ville reindyrka det vi heldt på med, seier Solsvik.

Blesvik avviser at bibelsmugling vart blanda med evangelisering. – Vi møtte folk som tok ein risiko ved å ta imot biblar, og vi ville aldri tiltrekkje oss merksemd ved å drive gateevangelisering, seier Blesvik.

Menneskerettar
I starten fekk KFK økonomisk støtte frå MbJ. Så blei KFK del av Open Doors, og deretter blei Åpne Dører etablert her i landet. Avtalen med broder Andreas hadde tidlegare vore at det ikkje skulle skje, men prosessen skjedde ope. MbJ overførte materiell og bilar. Frå og med 1984 hadde Åpne Dører heile ansvaret. Solsvik heldt fram som leiar det første året etter at Åpne Dører overtok basen og leia så Åpne Dører det første året etter etableringa. MBJ satsa meir på appellteneste og menneskerettar.

Undergravde

Til saman reiste John Solsvik 30 gonger gjennom Jernteppet. – Eg trur at både bibelsmuglinga vår og det bibelselskapa spreidde av biblar, gjorde sitt til å undergrava kommunismen. Det var fint at det også kom inn biblar gjennom offisielle kanalar, sjølv om det ikkje skjedde på langt nær i det omfang som skjedde i uoffisielle kanalar, seier Solsvik.

– Gunnar Stålsett og dei andre leiarane i bibelselskapa kunne pressa mykje hardare på før Jernteppet fall. Mange av dei offisielle kyrkjeleiarane han støtta, var ute etter å sikra sin eigen posisjon i kommunisttida, seier Solsvik.

Dei smugla biblar og bløffa om ærendet

 

Millionar
Rauli Lehtonen, mangeårig arbeidar for Stefanusalliansens svenske søsterorganisasjon Ljus i Öster, opplyste under ei samling i Stefanusalliansen 19. mai (bildet, foto: Johannes Morken) at 4 millionar biblar og bibeldeler blei smugla inn i Sovjetunionen frå 1968-69 til Mikhail Gorbatsjov erklærte Glasnost etter 1985.

 

---

På bildet øvst: John Solsvik og familien passerer ein grensepost mot Tsjekkoslovakia. Etter kontroll får dei køyre vidare med biblane uoppdaga. Foto frå filmen til Jan Georg Vedeler)

 

(Artikkelen ble først publisert i Magasinet Stefanus 4-2017. Last ned i PDF og bestill gratis abonnement her)