Statar strammar skruen om religion

Statar strammar skruen om religion

Trosfrihet: Statleg trakassering og maktbruk mot religiøse grupper gjekk opp i 2015 etter år med nedgang, viser rapport.

Både offentlege restriksjonar og sosial fiendskap som involverer religion auka i 2015 etter to år med nedgang. Det viser ein årleg rapport om globale restriksjonar på religion frå det anerkjende Pew Research Center.

198 land er studerte. Andelen som som har «høgt» eller «svært høgt» nivå på offentlege restriksjonar på religiøse grupper gjekk opp frå 24 til 25 prosent frå 2014 til 2015. Dette inkluderer både lover, politisk praksis og handlingar som avgrensar religiøs verksemd.

– Dette er ei urovekkjande utvikling. At vår eiga regjering har lovd sterkare innsats i arbeidet for religionsfridom og auka bistand til utsette minoritetar er i ein slik situasjon eit viktig signal. Dette er svært viktig å følgje opp konkret, målretta, forpliktande og langsiktig, seier assisterande generalsekretær Hilde Skaar Vollebæk i Stefanusalliansen.

Andelen land med høgt eller svært høgt nivå på sosial fiendskap mot religiøse grupper, iscenesett av individ, organisasjonar eller grupper, har auka frå 23 til 27 prosent.

Sterk vekst
Når Pew har sett samla på restriksjonar, anten dei er iscenesett av styresmakter, individ eller grupper, viser den nye studien at 40 prosent av landa har høgt eller svært høgt nivå av restriksjonar. Det gjekk opp frå 34 prosent i 2014.

Den globale veksten i sosial fiendskap reflekterer fleire faktorar. Det er auke i mobb-organisert vald, individ som blir angripne eller flytta på grunn av si tru og hendingar der vald vert nytta for å tvinge gjennom religiøse normer.

I Europa har det vore andelen land med høgt nivå av mobb-organisert vald stige – frå ni land i 2014 til 17 land i 2015. Det er også målt eit tøffare politisk klima i Europa. Ein del av det som rapporten vert kalla politisk trakassering i vår verdsdel, er harde politiske utspel frå politiske leiarar retta mot religiøse grupper. Pew-rapporten nemner Victor Urban, statsminister i Ungarn, som i september 2015 var klar på at Europa ikkje burde ta imot mange muslimske flyktningar, fordi islam «er ein annan levemåte» enn den kristne. Også Slovakia nekta å ta imot muslimar, men ville ha ein kvote på 200 kristne flyktningar.

Fysisk makt
Pew dreg også fram at fleire land i Europa har brukt fysisk makt mot somme religiøse grupper. I februar 2015 rykte tysk politi inn i moskeen til Islamic Cultural Center i Bremen. Politiet sa at dei mistenkte at moskeen støtta salafist-grupper og at ein person assosisert med moskeen distribuerte automatvåpen tenkt for terrorangrep. Politiet braut sund frontdøra til moskeen, sette handjern på fleire av dei bedande og tvinga nokre til å leggje seg på golvet. Det vart ikkje funne våpen i moskeen. I juli fann ein domstol i Bremen at ransakinga var ulovleg.

Terrorfrykt
Dette skjedde i eit klima med europeisk terrorfrykt. Frankrike opplevde fleire religiøst-motiverte terrorangrep i 2015, ikkje minst det blodige angrepet på Charlie Hebdo 7. januar 2015. 13. november kom det grufulle terrorangrepet på Bataclan og den jødiske matbutikken i Paris. Fleire muslimar opplevde fysiske og verbale angrep i Frankrike etter desse terroråtaka.

Neste år fyller FNs menneskerettserklæring 70 år. Artikkel 18 lyder: «Enhver har rett til tanke-, samvittighets- og religionsfrihet. Denne rett omfatter frihet til å skifte religion eller tro, og frihet til enten alene eller sammen med andre, og offentlig eller privat, å gi uttrykk for sin religion eller tro gjennom undervisning, utøvelse, tilbedelse og ritualer.»

Hykleri
FNs tidlegare spesialrapportør for religionsfridom, Heiner Bielefeldt, uttalte til Stefanusalliansen tidlegare i år at det er mykje hykleri om religionsfridom - at mange statar verbalt anerkjenner religionsfridommen, men utan å etterleva fridommen i praksis, eller dei definerer trus- og livssynsfridom på maktas eigne premissar.