Dømt til døden for Facebook-blasfemi

Dømt til døden for Facebook-blasfemi

Ein shia-muslim er den første i Pakistan som er dømt til døden. Dommen seier at han dreiv blasfemi på Facebook.

30-åringen Taimoor Raza blei dømt til døden av Pakistans anti-terror-domstol 10. juni. Han kjem frå Okara i Punjab-provinsen. Han vart arrestert i 2016 skulda for å ha posta nedverdigande innhald om islam på Facebook, etter at han kom i diskusjon med ein mann som arbeidde med anti-terror, melder Christian Solidarity Worldwide.

Dødsdommen mot Raza kjem etter at regjeringa i Pakistan over tid har slått hardt ned på det dei meiner er blasfemi i sosiale media.

Saka mot Raza vart registrert under seksjon 295-C i straffelova i Pakistan som forbyr hån av profeten Muhammed, og seksjon 9 og 11-W som handlar om å oppildne til sekterisk hat. 15 andre blei arrestert i fjor med liknande tiltalar. Dette er den hardaste dommen mot nokon for påstått blasfemi på nettet.

– Det er første dødsdommen i ei sak som involverer sosiale media, uttalte Shafiq Qureshi i påtalemakta i Bahawalpur, kring 500 kilometer sør for provinshovudstaden Lahore, skriv telegrambyrået Reuters.

Stefanusalliansens partner i Lahore i Pakistan, Human Friends Organization, hjelper offer for blasfemi-lovgjevinga. Les her og sjå korleis du kan bidra.

Statsminister Nawaz Sharif slo 14. mars fast at blasfemi er eit «utilgjeveleg brotsverk» og at det måtte takast effektive steg for å fjerne og blokkere blasfemisk innhald i sosiale media. Innanriksminister Chaudhry Nisar Ali Khan har seinare sagt at Facebook har gått med på å føre konsultasjonar med den pakistanske regjeringa om innhald som er blasfemisk på Facebook.

Blasfemi er høgsensitivt i Pakistan. Asia Bibi er ein kjend fange med dødsdom hengande over seg. Stefanusalliansen har appellert for Asia Bibi som nyss vart nekta å få saka opp på nytt i rettssystemet i sommar.

Vil du sende oppmuntringshelsing til Asia Bibi og familien? Les her

Det florerer med falske klagemål om blasfemi, og mange blir frikjende etter mange år i rettssystemet. Men av frykt for ekstremistisk mob må dei frikjende leve resten av livet i skjul. Eit døme på det er Younas som Stefanusalliansen nyleg fortalde om.

I eit intervju med Stefanusalliansen uttalte sheik Haji Imdad Ullah nyleg at han stør dødsstraff for blasfemi både mot Jesus og Muhammed og at den same straffa må brukast mot dei som rettar falske skuldingar mot andre om påstått blasfemi. Det vil, meiner han, skremme folk frå å komme med falske klagemål.