Ingen straffa for drap på kristen minister

Ingen straffa for drap på kristen minister

For seks år sidan blei ein kristen minister skoten ned på gata i Islamabad i Pakistan. Framleis er drapsmennene ikkje straffa.

Minister Shahbaz Bhatti, som var katolikk, vart drepen like ved heimen sin då drapsmenn pepra bilen hans med kuler 2. mars 2011. Sjåføren berga livet. (Bildet viser eit minnesmerke sett opp på drapsstaden. Foto: World Watch Monitor)

Før drapsmennene forlet åstaden, spreidde dei flygeblad der dei kalla Bhatti «ein kristen vantruande». Dei slo fast at han vart drepen fordi han leia ein komite som skulle gå gjennom blasfemilovene i Pakistan. Blasfemilovene forbyr å krenke islam og vert ofte misbrukte slik at lovverket rammar minoritetar.

Rett etter drapet skreiv avisa Deccan Herald at den 42 år gamle ministeren også vart skoten fordi han hadde støtta Asia Bibi. Ho er mor til fem og vart dømt til døden for blasfemi i november 2010 – ho sit enno i fengsel.

World Watch Monitor refererer den pakistanske avisa Dawn som siterer religionsminister Sardar Mohammad Yousuf. Han seier at den føderale regjeringa vil motsetje seg all reform av lovgjevinga.

«Lova vil forbli som ho er, og dei som driv blasfemi, vil hamne i galgen», sa han.

I to år etter drapet hadde politiet ingen mistenkte. I august 2013 tilstod derimot ein varetektsfengsla islamistisk militant at han og nokre andre hadde stått bak drepet. Hamad Abdi var arrestert for eit forsøk på å angripe ein sjia-moske og for å ha planlagt angrep på sentrale institusjonar i Islamabad. Ein bil med 120 kilo sprengstoff vart funnen. Han tilstod også drapet på Bhatti og namngav tre andre.

Sjåføren til Bhatti, Gul Sher, såg drapsmennene rett i andletet og er ifølgje broren til den drepne, Sikandar Bhatti, den som kan identifisere dei. Men han har flykta til Thailand og søkt flyktningstatus. Og retten krev to vitne.

Saka ligg i ein militærdomstol. Men retten får ikkje dei nødvendige vitnemåla sidan den kristne minoriteten er redd for å risikere livet for å vitne mot ein terrorist, skriv World Watch Monitor.

Her kan du lese heile saka.