Hjelper barn som har sett IS drepe

Syriske og irakiske barn har sett IS-krigarar drepe. Pastor Hikmat Kashouh i Beirut meiner kyrkjer kan hindre at barn blir terroristar.

 

(I Resurrection Church Beirut blir barn frå krigens i Syria og Irak gitt tilbod om eit heilt nytt liv. Foto: Lily Malky/RCB)

– Det er smertefullt at så mange barn veks opp omgitt av så mykje vald. Dagens barn kan bli morgondagens terroristar, så sant vi ikkje gjer noko for å hindre det, seier pastor Hikmat Kashouh i Resurrection Church Beirut til Magasinet Stefanus.

Kashouh leier ein 50 år gammal baptistkyrkjelyd i den libanesiske hovudstaden. Den brutale krigen i Syria har sendt 1,4 millionar syriske og irakiske flyktningar over grensa til Libanon, det landet i verda som har teke mot flest flyktningar i høve til folketalet.

Trakka på

Libanon var sjølv herja av ein brutal borgarkrig frå 1975 til 1990. I 1976 invaderte syriske styrkar Libanon og blei verande til 2005. (I Sør-Libanon var Israel okkupant.) Då den syriske borgarkrigen braut ut i 2011 og blei meir og meir valdeleg, kom skarar av flyktningar frå den tidlegare okkupasjonsmakta til Libanon.

– I kyrkjelyden vår bestemte vi oss for at vi ikkje skulle trakke på dei som hadde trakka på oss. Vi ville heller tene dei, seier Hikmat Kashouh.

LES OGSÅ INTERVJU MED CECILIE HELLESTVEIT: Kan kristne overleve i Syria og Irak?

Kyrkjelyden møter skrikande behov blant straumen av flyktningar. Ein del av dei er irakiske flyktningar som først søkte tryggleiken i Syria, før dei måtte flykte vidare. Det er akutte behov for medisin, mat og varme. Resurrection Church er partnar for Stefanusalliansen som i vinter sytte for ullteppe og varmeomnar for nokre hundre familiar.

Sett drap

Ein del av behova sit endå djupare. Menneske er djupt traumatiserte av vald. Pastor Kashouh fortel om ein familie med to søner på 8 og 10 år.

– Faren fortalde at sønene hadde sett menneske bli halshogde og kasta ned frå verandaer. Barn tek alltid ut i leik det dei har sett og opplevd. Då eldsteguten ein dag såg ein kjøkkenkniv, tok han kniven og kutta broren i halsen. Faren fekk den skadde guten til sjukehuset – og guten overlevde. Då faren spurte eldsteguten kvifor han brukte kniven, var svaret: «Eg berre leika.»

VIL DU BIDRA TIL STEFANUSALLIANSENS PARTNERE BLANT ANNET I MIDTØSTEN?

Hat

Slike historier gjer sterkt inntrykk på folka i Resurrection Church Beirut. Det gjer også historia om treåringen: den første setninga guten lærte å seie, var denne: «Eg hatar deg! Eg hatar deg!»

– Det er dagens barn som blir morgondagens terroristar. Ein del av dei vil også dra til Europa for å utøve valdshandlingar. Dette vil skje, så sant ikkje kyrkjer grip inn og hindrar dette. Eg trur ikkje vi vil lukkast 100 prosent. Men vi kan gjere mykje. Vi må endre barna ved å undervise dei og vise vegen til fred og kjærleik, seier pastor Kashouh.

– Dei treng indre, spirituell heling. Kyrkja er den einaste som kan undervise barna holistisk – både fysisk, psykisk, sosialt og åndeleg. Det er eit privilegium å få vere i dette arbeidet.

Hjelper barn som har sett IS drepe

Lily Malky, ein av leiarane i kyrkjelyden, fortel også om tilbod til traumatiserte ektepar etter krigens redsler og livet på flukt.

Store behov

Resurrection Church Beirut fyller 50 år. Pastoren som grunnla kyrkja, stod last og brast med folket og kyrkjelyden i dei blodige åra med borgarkrig då svært mange andre forlet Libanon.

Under pastor Hikmat Kashouh har kyrkja vakse.

I dag har dei to mindre filialar i tillegg til hovudkyrkja. Kyrkjelyden har i alt fem gudstenester kvar søndag. Til gudstenestene kjem det kvar søndag i gjennomsnitt 350 libanesarar og 800 flyktningar – frå Syria og Irak.

Det er, seier pastoren, ei svært stor utfordring at 70 prosent av dei som kjem regelmessig til gudsteneste, har store behov for mellom anna medisinsk hjelp, for mat og andre ting, medan 30 prosent er i stand til å hjelpe – og 60 prosent av desse igjen vanlegvis gjer det.

Resurrection Church Beirut har fleire utanlandske partnarar som skaffar pengar til å dekkje humanitære behov.

Kyrkjelyden opplever at svært mange muslimar kjem dit.

– Vi hjelper vi både muslimar og kristne, seier Hikmat Kashouh.

(ARTIKKELEN BLE FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 3-2017. BESTILL GRATIS ABONNEMENT HER