Kan kristne overleve i Syria og Irak?

– Mindre avskrekkande for kristne i Irak og Syria å støtta regima enn å velja side med svartkledde menn med svarte flagg, sier Cecilie Hellestveit.

Kan kristne overleve i Syria og Irak?


Irak er i ferd med å bli tømt for kristne. Forskar Cecilie Hellestveit (bildet, foto: Johannes Morken) trur ikkje det treng å gå like ille med den kristne minoriteten i Syria.

- Det har vore eit kolossalt press på kristne i Irak etter 2003 og i Syria etter 2012. Kristne er ein minoritet i skvis mellom store identitetsgrupper som kjempar om makta, seier Hellestveit.

Ho kom i vinter med boka Syria – En stor krig i en liten verden (Pax forlag). I 2011 trudde unge syrarar at dei kunne kaste diktaturet av seg. Då Vesten greip inn i Libya, trudde dei unge syrarane at verdssamfunnet stod på deira side. Det var ei alvorleg feilvurdering. Så vart det borgarkrig, meir og meir blodig. Opprøret vart radikalisert. Og frå hausten 2013 har stormaktene og regionale makter som Tyrkia, Iran og Saudi Arabia entra den syriske scenen i «ein regional verdskrig». Tilbake står eit syrisk slaktehus – og no eit forsøk på fredsprosess, styrt av Russland og Iran.

Sterkt redusert

Hellestveit er fredsforskar med lang fartstid frå forskingsinstitusjonar i inn- og utland. Ho har arbeidd mykje med minoritetane si stilling i Irak og Syria.

I Irak har talet på kristne gått ned frå 1,5 millionar i 2003 til 350.000 i 2012, før IS erklærte kalifatet, og ytterlegare ned etter det. – Dei kristne i Irak har klart seg under skiftande, harde regime. Men det som no skjer, ser ut til å ta knekken på den kristne minoriteten. Store skarar med kristne flykta først frå Irak til Syria. Men så opplevde dei at både shiamuslimsk milits og IS flytta krigen sin i Irak over til Syria, konstaterer Hellestveit.

Skvis
Det gjer sitt til skvisen i Irak at Saddam Husseins regime såg på dei kristne som lojale i kampen for å hindre eit potensielt shiamuslimsk diktatur, seier Hellestveit. I Syria har Assad-regimet gjort noko liknande. Han har gitt dei kristne vern og prøvd å skremme dei med utviklinga i Irak.

I 1920 var kring 30 prosent av folket i Syria kristne. I 1990 var talet redusert til 10 prosent grunna utvandring og låge fødselstal. Etter at borgarkrigen starta har kanskje meir enn halvparten av dei kristne forlete Syria.

– I både Syria og Irak har radikale islamistgrupper kravd at dei kristne må velje side. Dei aller fleste har valt side med regima. Det har vore mindre avskrekkande enn radikale menn med svart skjegg og svarte flagg. Når IS så har vilja sende eit signal, har dei angripe kristne. Kristne er blitt utsette for målretta angrep frå islamistane som har vilja vise at Assad-regimet i Syria ikkje er i stand til å gje dei det vernet regimet har hevda at det gjer. Dessutan er kristne blitt fritt vilt for kriminelle, seier Hellestveit.

Der krigen pågår

Dei kristne i Irak og Syria har budd i eit belte frå Bagdad mot Mosul over Ninive-sletta til Aleppo i Syria og nedover igjen til Damaskus. Dei har budd mellom kurdarar og arabarar, mellom shiamuslimar og sunnimuslimar. Akkurat der dei kristne har budd i Syria, pågår den brutale krigen om kven som skal ha makta.

– Eg gjesta Syria like etter Bashar Assads ok over makta i 2000. Det var positive signa om Syrias utvikling framoverl, og leiarar i dei historiske kyrkjene fortalde om fridommen dei hadde. Kva er lina frå då til no?

Oase
– Syria var tidlegare ein oase for kristne som hadde relativt større religionsfridom enn kristne i andre muslimsk dominerte land. Det syriske regimet har dessutan hatt ein sekulær ideologi, og landet har vore styrt av ein religiøs minoritet – alawittane - som har apolitisert religionen, konstaterer Hellestveit.

Då opprøret mot Assad kom i 2011, kasta dei kristne seg ikkje inn i det slik andre gjorde. – Assad var frå starten mindre hardhendt i dei kristne områda – trusselen var ikkje der, og taktikarane ville vise minoritetane kva valdsbruk andre var i stand til å stå for. Kristne er også av den grunn blitt assosiert med regimet. Etter som opprøret blei meir og meir radikalisert, er dei kristne blitt sett som emissærar, seier Hellestveit.

Då Assad mista kontrollen i områda dei kristne budde, hadde dei tre val: dei kunne flytta vestover til regimekontrollerte område, dei kunne flykta eller dei tok til våpen og laga eigne militsar.

– Er dette ein religionskrig?

– Nei, det er ikkje en religionskrig. Det er ein krig om religion – om kva krefter som skal dominere i ulike islamske samfunn. I Syria kjempar sunnimuslimane om makta etter å ha vore undertrykt. I ein slik konflikt har dei kristne ikkje lyse utsikter. Kristne er forfølgde som gruppe, men ikke nødvendigvis fordi dei er kristne, seier Hellestveit.

Urovekkjande

Hellestveit seier at krefter i Syria no dessutan retolkar den syriske historia. – Historia om motsetnaden mellom den sekulære Baath-ideologien og det islamske Brorskapet blir no i staden tolka som at alawittar og kristne har forfølgd det sunnimuslimske fleirtalet. Det er ein urovekkjande tendens som ikkje gjev lyse utsikter for dei kristne.

– Kva kan gjerast?

– Europa krev vern om minioritetane. Dette er eit dilemma. Dersom Europa krev at dei religiøse minoritetane får fulle borgarrettar, er vegen kort til at kristne blir sett på som emissærar. Dei gamle europeiske kolonimaktene har overforbrukt minoritetsargumentet – når det har tent Europas eigne interesser. Når Europa seier at Syrias grenser skal liggje fast, må Europa forhalde seg til at den staten som kjem ut, må få finne sin modell. Vi kan ikkje repetere Sykes-Picot-avtalen der grensene i Midtausten vart trekte opp av Storbritanna, Frankrike og Russland under den første verdenskrigen, seier Hellestveit og legg til:

– Europa må kjempe prinsipielt for minoritetane, for å ivareta pluralismen. Europas problem er at dersom kristne skal sikrast kollektive rettar i Syria, får Europa krav om tilsvarande kollektive rettar for minoritetar i Europa. Europa svarar at kollektive rettar berre gjeld urfolk. Europa vil altså snakke om nye kollektive rettar berre i øydelagde samfunn i Syria og Irak. Sjølv har eg alltid vore verdirelativist. Men dei som ikkje er det, har her eit problem, seier Hellestveit.

Høg pris

Ho minner om at Assadregimet også før 2011 var eit svært brutalt regime. – Kva er prisen for å binde seg til dagens endå meir brutale Assad-regime for å verne dei kristne? Skal alle idear kastast på båten for å verne dei kristne? spør Hellestveit.

Utfordringa er at Europa må lokke og true aktørar i Midtausten til å byggje og vedlikehalde statar som sørgjer for stabilitet. Det kan, seier ho, berre skje med ei form for samfunnskontrakt der islamistar får ein del av ansvaret for samfunnsutviklinga. – Europa har ikkje teke inn over seg kor viktig religion er for folk i Midtausten.

Ho meiner det var «ein katastrofe» då Europa i 2006 nekta å godta Hamas som vinnar av det palestinske valet, eit val EU hadde støtta og observert. – Europa svikta sin visjon om å satse på institiusjonar i samfunnsbygginga, meiner Hellestveit.

Borgarrettar

Rett nok usikre meiningsmålingar frå Syria viser at 60-70 prosent oppslutnad om at ein syrisk stat må byggje på borgarrettar. – Også mange salafistar svarar dette når dei blir spurde. Ut frå desse svara vil dei altså ikkje ha ein shariastat der kristne er andrerangs eller tredjerangs borgarar, seier Hellestveit som eit håpefullt teikn.

At dei sekteriske motsetnadane som slo ut i full blomst i Irak då Saddam fall, enno ikkje er like ille i Syria, er også eit godt teikn. Men andre teikn er ikkje like lyse. – I Irak ble det lagt lokk på borgarkrigen i 2008. I ly av dette er det seinare offisielt drepe 53.000 menneske i terroraksjonar. Er det ein slik fred som ventar Syria der kristne er dei mest utsette, så lovar det slett ikkje bra, seier Hellestveit.

 (FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 2-2017)