Ahok tapte kampen om bli attvald som guvernør då han uskuldig blei dømt for blasfemi i 2017.

Ahok tapte kampen om bli attvald som guvernør då han uskuldig blei dømt for blasfemi i 2017.  


I 2017 blei Ahok dømt til to års fengsel, skulda for blasfemi. Han gjekk ut av høgtryggings-fengselet Mako Brimob i Depok på Vest Java torsdag. The Jakarta Post skriv at han vart helsa som ein helt då han torsdag publiserte eit bilete av seg som fri mann på Instagram-kontoen sin. 

I fjor vart dokumentarfilmen «A Man Called Ahok» vist på kinoar i Indonisea, og det skapte rykte om at Ahok har tenkt å ta opp att karriera som politikar, melder The Guardian.

Kristen i Indonesia
Ahok har bakgrunn som kinesisk kristen og var Indonesias mest kjende politikar med ein etnisk minoritetsbakgrunn. Han var, då han blei valt i 2014, den første ikkje-muslimen som blei guvernør i Jakarta på over 50 år.

Men då Ahok i april 2017 dreiv kampanje for å bli vald på nytt, vart heile kampanjen øydelagt av skuldingar om at han hadde spreidd blasfemi. Han tapte valet og blei seinare fengsla og dømt til to års fengsel. Ahok la vekk anken mot dommen for å stoppa voldsomme protestar frå muslimske ekstremistar. Somme av dei ville ha han hengt.

Radikal islamisme
Ahoks gamle allierte, president Joko Widodo, driv kampanje for å bli attvald i presidentvalet 17. april. I november i fjor publiserte Christian Solidarity Worldwide ein rapport som åtvara mot at «radikal islamistisk ekstremisme, politisering av religion og identitetspolitikk bidreg til vidare vekst i den religiøse intoleransen i Indonesia».

Stefanusalliansen har sendt appell for Ahok i 2017.

24. januar blei eit foto av Ahok på veg til å bli ein fri mann, publisert på Instagram-kontoen hans. Her vert naudsynte skjema fylte ut før han kan gå ut av fengselet.

– Opphev blasfemilovene
Ben Rogers som er leiar av CSW-teamet for Aust-Asia, seier:

– Vi helsar velkommen at Ahok er fri. Men vi meiner at dommen og fengslinga er alvorleg urettferd og døme på farleg misbruk av blasfemilover. I lys av dette ber vi igjen Indonesia til å omgjera blasfemilovene, og vi ber kandidatane i det komande presidentvalet om å verna og styrkja Indonesias tradisjon med religiøs pluralisme og til å ta steg til å stå opp mot religiøs intoleranse og identitetspolitikk.

Blasfemilover i fleire land
Tysdag 29. januar er det rettsmøte i Islamabad i Pakistan der ekstremistar har kravd frifinninga av den kristne kvinna Asia Bibi oppheva. I åtte år vart ho dødsdømt for blasfemi. Høgstertet oppheva dommen 30. oktober i fjor. Les meir

Støtt kampen for trosfriheten

Stefanusalliansen er en stemme for dem som blir offer for blasfemilover i flere land.

Gi en gave

AKTUELT

PROSJEKT