Foto - frå traileren. (Paramount Pictures)

Foto - frå traileren. (Paramount Pictures)  


Martin Scorsese har laga film om ei 400 år gamal brutal japansk historie som talar med styrke inn i vår tid – ei historie om regime som forfølgjer og drep truande som ikkje vi fornekte Jesus.

Snart kjem filmen Silence på norske kinoar. Og dei er opptekne av trusfridom og forfølgde kristne bør finne fram til ein kino i nærleiken. Norgespremiere er 3. mars.

2. mars blir det ein eksklusiv førpremiere i regi av Areopagos, Vårt Land og Norsk Film Kino i Vika kino i Oslo, med innleiing og samtale.

 

– Dette er ein film som kino-glade kristne bør sjå. Sjølv om filmen viser ei historie som er 400 år gammal, er den svært aktuell for vår tid: Regjeringsstyrkar slår ned på dei som høyrer til ein utanlandsk religion. Ein nasjon vender seg innover ved å lukke grensene sine og lage embargo mot handel. Selotar avrettar, krossfestar og torturerer kristne så sant dei ikkje gir etter. Det er historia i filmen Scilence, skriv den amerikanske tenkjaren og forfattaren Philip Yancey på bloggen sin.

Den japanske forfattaren Shusako Endo skreiv boka Silence for vel 50 år sidan. Scorsese har balt med tankane på film i 30 år.

Her er ein smakebit frå filmen. Teksten held fram etter videoen.

Misjonssuksess

På eitt punkt i historia såg Japan ut til å vere den mest fruktbare misjonsmarka i Asia, påpeikar Yancey. Francis Xavier, ein av dei sju opphavlege jesuittane, grunnla ei kyrkje der i 1549, og innan ein generasjon hadde talet på kristne vakse til 300.000.

Men då 1500-talet nærma seg slutten, snudde alt. Herskarane hadde mistanke mot alle utlendingar. Dette fall saman med rivalisering mellom misjonsgrupper. Det førte til ein heilt ny politikk, påpeikar Yancey. Krigsherrane kasta ut jesuittane og kravde at alle kristne skulle fornekte trua og registrere seg som buddhistar.

Det vart starten på tidsalderen for japanske kristne martyrar.

Testen

Dei kristne måtte gjennom den ulitmate testen. Dei som offentleg trakka på ein treplakett – ein fumie - med eit bilete av Jesus på krossen, vart erklærte å vere fråfalne kristne og blei sette fri. Dei som nekta, vart oppsora og drepne «i den mest suksessfulle utryddingsforsøket i kyrkjehistoria», skriv Yancey.

 I Japan blei det ikkje slik at martyrane sitt blod vart såkorn for kyrkja – blodet førte til at kyrkja nær vart totalt borte. Det blei stille. Filmens hovudkarakter Rodrigues ser Jesu andlet – men andletet talar ikkje.

Vi stoppar der. Sjå filmen. Den varer i 2 timar og 40 minuttar og har aldersgrense 15 år. Filmen viser groteske draps- og torturteknikkar.