Ingen trosfrihet: Kim Il Sung som grunnla Nord-Korea, er fortsatt etter sin død landets øverste leder. Regimet undertrykkjer alle som ikke bøyer seg for regimet.

Ingen trosfrihet: Kim Il Sung som grunnla Nord-Korea, er fortsatt etter sin død landets øverste leder. Regimet undertrykkjer alle som ikke bøyer seg for regimet.  


To 70-åringar blir feira i år. 10. desember er det jubileum for Verdserklæringa for menneskerettar, vedteken i 1948. I mai same året oppretta Kim Il Sung Den demokratiske folkerepublikken Korea – eller det diktatoriske skrekkveldet Nord-Korea. Dette er landet nærast utan menneskerettar.

Når FN feirar menneskerettane, vil generalforsamlinga samstundes endå ein gong slå fast at Nord-Korea står for «langvarige, systematiske, omfattande og grove brot på menneskerettane».

Sinne
Resolusjonsforslaget har utløyst nordkoreansk sinne, melder Washington Post. Kim Jong Un er rasande fordi FN – med støtte frå USA – midt oppe i møte om atomnedrusting kjem med krav om menneskerettar. Nord Korea hevdar det vert fabrikkert historier om overgrep.

Men vi kjem ikkje utanom konfrontasjonen. Rapportane om overgrep er overveldande. Naudropa frå fangeleiarar og torturkammer gjev ein alvorleg bismak i bursdagskaka for Verdserklæringa.

Eller for å sitera Michael Kirby, leiaren for FN-kommisjonen som i 2014 la fram ein rapport som fjerna all tvil om Nord-Korea: Regimet er, sa Kirby til Reuters, «ansvarleg for å ha gitt ordre til systematisk tortur, svolt og drap på line med brutaliteten frå nazi-tida».

Forfølgjer kristne

Heilt frå starten i 1948 har regimet grovt undertrykt alle truande. Religiøse leiarar som ikkje retta seg etter diktaturet, vart straffa. Regimet skremmer til lojalt knefall og undertrykker alle som bidreg med politiske eller ideologiske idear som regimet ikkje tolererer. FN-rapporten frå 2014 nemnde særskilt kristne og folk som smuglar film eller følgjer utanlandske TV.

I Nord-Korea er Kim Il Sung som grunnla landet, gud. Kristne som ikkje bøyer kne for Kim-dynastiet, i dag styrt av sonesonen Kim Jong Un, er fiendar av staten.

Regimet prøver å gøymer den brutale undertrykkinga av kristne ved å visa fram nokre svært små statskontrollerte og totalt overvaka kyrkjer. Rapporten slo fast at kristne i kyrkjer regimet ikkje har godkjent, vert utsette for så harde overgrep at det klassifiserer til «brotsverk mot menneskeslekta». I alvorlege tilfelle er menneske avretta – eller regelrett myrda, som FN-rapporten fastslår.

Ingen trosfrihet
Kristne som vil leva ut eit gudsliv utan statleg nakketak, har altså – med fare for livet – etablert undergrunnskyrkjer. Organisasjonen Helping Hands Korea, (HHK) i Seoul i Sør-Korea, støttar undergrunnskyrkjer i nord mellom anna med å smugla inn frø som blir til mat. Dei hjelper flyktningar som kjem seg unna skrekkregimet gjennom Kina – ferske tal viser at dei har hjelpt i overkant av 420 berre dei siste fire åra. Organisasjonen, som er leia av Tim A. Peters, har vore vår partnar i mange år. HHK gav viktige bidrag til FN-rapporten ved å overlevera store mengder grufulle augevitneskildringar og vitnemål frå flyktningar og avhopparar.

Straffene for å formidla tru til barn, er – fortel Peters – så harde at mange foreldre ikkje tek sjansen på å fortelja barna kva dei tru på. Dei vil unngå katastrofen – at heile familien blir send i arbeidsleir. Mange kristne familiar har hamna i leirane. Det finst døme på kristne som er drepne der.

Seksuell vald
Men brutaliteten rammar også på andre måtar. Human Rights Watch dokumenterer i ein fersk rapport at kvinner blir seksuelt trakasserte og misbrukte av regimets menn. Den seksuelle valden skjer på marknadane regimet har opna for, i fangeleirar og i fengsel. «Seksuell vald mot kvinner er ein utbreidd og tolerert løyndom», uttalar Human Rights Watch.

Vår partnar Tim A. Peters har også fått slike historier frå flyktningar som Helping Hands Korea har hjelpt.  Han høyrer dessutan mange historier om overgrep mot flyktningkvinner i Kina.

70 prosent av flyktningane frå Nord-Korea er kvinner. I Kina som er einaste veg ut, hamnar flyktande kvinner i grenseprovinsar med kvinneunderskot. Underskotet skuldast eittbarns-politikken og at mange arbeidsplassar i dette som er Kinas «rustbelte», er flytta til andre stader.

Når nordkoreanske kvinner passerer grensa, risikerer dei å bli selde til menn for å bli slavar i hus og seng. Tim Peters fortel om ei mor som vart seld to gonger. Redninga for henne og andre blei kristne som tek stor risiko ved å gøyma nordkoreanske flyktningar for politiet, til dei desperate kan koma inn i undergrunnstrafikken til Helping Hands Korea.

Peters har vore på førstesida av Asia-utgåva av Time Magazine. Redningsaksjonar er filmatiserte av engelske Channel 4. Han har vore kjelde for mange internasjonale medieoppslag. Laurdag 15. desember kjem Peters til Sandnes. Stefanusalliansen har laga ein ny dokumentarfilm om redningsaksjonane. Filmen skal visast på eit seminar i regi av Bymenigheten Sandnes i Lundegeilen 18. kl. 16. Tim A. Peters kjem dit. 

Det er viktig å få Kim Jong Un til å slutta å truga med atomknappen. Men vi må også få mennene hans til å slutta å forfølgja kristne og bruka kvinner som leiketøy.

Dersom Kim Jong Un verkeleg vil visa at historiene om overgrep er fabrikkerte, får han opna grensene, fengsla og fangeleirane for internasjonal inspeksjon. Så kan vi snakka etterpå.

  • VIL DU JEVNLIG MOTTA NYHETSBREV OM TROSFRIHET? MELD DEG HER

Først publisert i Stavanger Aftenblad 14. desember 2018

Hjelp nordkoreanske flyktninger

Vår partner Tim A. Peters  hjelper over 100 desperate nordkoreanere hvert eneste år. Merk gaven: Tim

Gi en gave

AKTUELT

PROSJEKT