Shafqat Emmanuel og Shagufta Kausar som i juni blei frikjende for blasfemi, er i dag trygge i Europa.

Shafqat Emmanuel og Shagufta Kausar som i juni blei frikjende for blasfemi, er i dag trygge i Europa.  


I sju år sat eit kristent ektepar med dødsdom for blasfemi i Pakistan. I juni blei dei sette fri. No er paret og de fire barna på ein trygg stad i eit land i Europa. Torsdag 12. august blei dei sette på eit fly med kurs for Europa.

Shafgat Emmanuel og Shagufta Kausar vart arresterte og fengsla i 2013 og dømde til døden i 2014. Dei skulle ha sendt ei tekstmelding som vart hevda å vera blasfemisk. Men båe er analfabetar og kunne ikkje ha skrive tekstmeldinga.

Den 3. juni blei dei sette fri etter ei ankesak som varte i tre dagar, i High Court i Lahore, provinshovudstaden i Punjab. Då hadde saka vore løfta internasjonalt lenge. 

Advokat Saif Ul Malook førte saka deira for High Court i Lahore – den øvste domstolen i provinsen. Han uttrykte i eit intervju med The Guardian sterk glede då frifinninga kom.

Malook som sjølv er muslim, var også advokat då Asia Bibi vart sett fri i oktober 2018 etter å ha hatt ein dødsdom for blasfemi sidan 2010. Pakistans øvste domstol som frifann Bibi, stadfesta dommen i januar 2019.

Europeisk press
I slutten av april vedtok EU-parlamentet ein resolusjon som fordømde den pakistanske blasfemilova og kravde ekteparet sett fri. EU-parlamentet truga med å reforhandla den gunstige handelsavtalen med Pakistan.

Under hærens kontroll
Då ekteparet blei frikjent og kom ut av fengselet i juni, blei dei tekne til eit trygt hus som hæren i Pakistan styrer.

Ekstremistar i Pakistan står både dei som er skulda for blasfemi og dei som er frikjende, etter livet. Ingen av dei som har fått dødsdom for blasfemi i Pakistam, er blitt avretta. Etter årevis i fengsel blir dei til slutt sette fri av ein av dei høgsrae domstolane, enten i provinsane eller nasjonalt. Men mange titals som er skulda for blasfemi, er drepne av ekstremistar som tek lov og dødsstraff i eigne hender.

I hærens isolerte hus vart ektefellene Shafqat og Shagufta haldne til dei og barna i starten av denne veka i det stille vart sette på eit fly til eit land i Europa.

– Dei er glade for å vera fri og i tryggleik i Europa, og dei takkar for støtten, seier Sajid Christopher i Human Friends Organization (HFO), Stefanusalliansens partner i Lahore. HFO har med støtte frå den amerikanske stiftinga Freedom House gitt eit mindre bidrag til advokathjelp i denne saka og med støtte frå Stefanusalliansens drive påverknadsarbeid.

Asia Bibi
Saka deira som også har vore løfta fram av Amnesty International, har sterke likskapar med saka til den kjente kristne kvinna Asia Bibi. Ho vart i endå større grad internasjonalt kjent, som symbol for dei mange offera for blasfemilovgjevinga i Pakistan. Også EU og andre engasjerte seg for henne etter at ho vart arrestert i 2009 og dømt til døden året etter.

Etter at Asia Bibi vart frikjent i oktober 2018, vart ho også plassert på hemmeleg adresse, i eit hus styrt av hæren. I mai 2019 vart ho i det stille sett på eit fly til Canada. Der vart Asia Bibi på nytt sameina med mann og to døtre. Ho har skrive bok om historia si.

Ekstremistpartiet TLP sette i verk valdelege protestar i Pakistan då Asia Bibi vart frikjent. Dei kravde henne hengt og truga både dommarane og Asia Bibi på livet. TLP var på nytt i gatene i Pakistan sist vinter og vår, i valdeleg protest mot fransk og europeisk press mot Pakistans blasfemilovgjeving. TLP-leiaren vart arrestert og partiet forbode i april etter at fire politifolk var drepne under opptøyene. 

Men Pakistan reagerte med sinne mot resolusjonen frå Europaparlamentet. Statsminister Imre Khan hevda også – på Twitter – at land som Frankrike som forbyr holocaustfornekting, må straffa også dei som hånar profesten Muhammed.

Midt i tumultane i Pakistan og krangelen mellom Pakistan og Europa, blei så ekteparet sett fri.

– Vi er glade for at kampen for fridom og utreise har ført fram for Shafqat og Shagufta. Det trengst aktivt politisk og juridisk innsats for uskuldige offer som risikerer livet på grunn av Pakistans blasfemilovgieving. Pakistans statsminister må våga å ta ekstremistane der det gjer vondt og ta oppgjer med ikkje berre valden deira, men med si eiga blasfemilov, seier Johannes Morken, redaktør i Stefanusalliansen.

 

AKTUELT

PROSJEKT