Asia Bibi  er den kristne kvinna som vart skulda for å ureina drikkevatn berre fordi ho var kristen og som etterpå vart dødsdømt for blasfemi.

Asia Bibi er den kristne kvinna som vart skulda for å ureina drikkevatn berre fordi ho var kristen og som etterpå vart dødsdømt for blasfemi.  


Leiaren for høgsterett i Pakistan seier at han «snart» vil avgjere saka. Saqib Nisar fortalde 21. april advokaten til Asia Bibi at han vil høyre anken frå henne. «Ver klar, Saif-ul-Molok. Eg vil snart avgjere saka di, og eg vil sjølve leie retten», uttalte han.

Det er den asiatiske, katolske nyhendetenesta ucanews.com som melder dette.

Advokat Malook seier for sin del at både familien til Asia Bibi og alle andre som er engasjerte er svært glade for at saka snart kjem opp. Ankesaka til høgsterett har vore utsett mange gonger.

– Advokaten reknar med at saka kan komme opp før utgangen av mai. Men ingen dato er enno sett. Vi veit ikkje kva som skjer. Men vi ber for at ho blir sett fri og at ho får leva eit trygt liv saman med familien sin, seier Sajid Christoper Paul i Human Friends Organisation (HFo). Han møtte advokaten fredag 27. april.

HFO er Stefanusalliansens partner. HFO hjelper blasfemioffer med mellom anna juridisk hjelp og hjelper familiane til offera både med ein sikker stad å bu og med medisinsk hjelp og hjelp til skulegang. Heile familiane kjem i ein farleg situasjon når eit familiemedlem blir skulda for eller dømt for blasfemi.

Ifølgje Pakistan Today vil alle straffesaker som er anka inn for høgsterett, vera avgjorde innan juli.

Stefanusalliansen og Human Friends Organisation i Pakistan har engasjert seg sterkt i denne saka. HFO og leiar Sajid Christopher Paul gjer eit svært modig og risikabelt arbeid for å hjelpa offer for blasfemilova.

I fjor haust sende appellvennene til Stefanusalliansen oppmuntringsbrev til Asia Bibi. Ho vart arrestert og fengsla etter ein krangel på ein bæråker i 2009. Muslimske kvinner skulda henne for å ureina vatnet sidan ho var kristen. I krangelen etterpå vart ho skulda for blasfemi, og så kom politiet, og ho vart fengsla. Året etter kom dødsdommen.

EU la i januar press på Pakistan for å få saka opp og Asia Bibi frikjend. Det skjedde etter at islamske ekstremistar i november tvinga justisministeren i landet til å gå av fordi dei rekna han som for veik i kampen mot blasfemi. Det skapte uro for framtida til uskuldige blasfemioffer.

SE VIDEO MED ASIA BIBIS DATTER (Artikkelen fortsetter under videoen)

 

I mars kom så nyhendet om at dødsdømde Anjum Naz Sandhu (62) vart frikjent av høgsteretten. Det skapte nytt håp for Asia Bibi, uttalte Sajid Christopher Paul. HFO har hjelpt både Asia Bibi og Sandhu. HFO har mellom skaffa familien Sandhu eit sikkert hus dei kan bu i, av frykt for at ekstremistar vil vera ute etter han.

LES ALLE SAKER OM ASIA BIBI HER

 

Sajid Christopher Paul saman med Anjum NazSandhu, som er frikjent etter dødsdom for blasfemi, og kona Romila. Dei har fem barn. Foto: HFO

Støtt kampen for blasfemiofrene

Vår partner Human Friends Organisation og Sajid Christopher Paul kjemper for ofrene for Pakistans blasfemilovgivning. Vil du støtte vårt og deres arbeid for trosfriheten?

Gi en gave

MØT SAJID CHRISTOPHER PAUL OG HUMAN FRIENDS ORGANISATION I DENNE VIDEOEN

 

AKTUELT

PROSJEKT