På «dødsmarkene» i Choung Ek sør for hovudstaden Phnom Penh er hovudskallar etter tusenvis av terroroffer utstilte.

På «dødsmarkene» i Choung Ek sør for hovudstaden Phnom Penh er hovudskallar etter tusenvis av terroroffer utstilte.  


Raude Khmer-geriljaen hadde på 70-talet vakse seg til ei farleg kraft fordi dei kjempa mot det korrupte og USA-støtta styret til general Lon Nol etter eit USA-støtta militærkupp i Kambodsja i mars 1970.

Amerikanske bombefly tok deretter livet av minst 100 000 sivile då USA førte krig mot Nord-Vietnam og mot den sør-vietnamesiske kommunistgeriljaen Viet Cong også på territoriet til Vietnams naboland. Folket i Kambodsja var i 1975 utmatta av borgarkrig og amerikansk teppebombing.

Men det folk i Phnom Penh ikkje visste, var at dei svartkledde Raude Khmer-folka som «frigjorde» byen 17. april 1975, hadde starta terrorstyret ute i jungelen. No var turen komen til byane. Ei ny tidsrekning var innført – det var blitt «År null». Få timar etter at Phnom Penh var teken, vart heile folket jaga ut av byen, friske og alvorleg sjuke, barn og gamle – med det vesle dei fekk med seg. Dei skulle bli bønder og dyrka ris i eit klasselaust idealsamfunn. Legar, lærarar og andre med høgare utdanning skulle utryddast.

Tortursenteret
I Phnom Penh tok Raude Khmer i bruk ein skule for å oppretta tortursenteret S-21, eller Tuol Sleng. Hit kom lastebilar med mistenkte forrædarar. Eg vert fysisk uvel ved å vandra rundt i cellene.

Levande menneske vart tappa tomme for blod til Raude Khmer-krigarane. Minst 17 000 vart torturerte og pinte til dei hadde «tilstått». Så snart tilståinga var signert, venta ein ny lastebil som tok dei til «Dødsmarkene» i Choueng Ek, ei mils veg sør for byen. På ein gamal gravplass i ein skog oppretta Raude Khmer ein av kring 20 0000 utryddingsleirar, eller «drapsmarker».

Her er hovudskallar utstilte, og her er det hol etter massegraver. Vi går forbi treet der Raude Khmer-folk drap barn ved å slenga dei mot treet. «Frigjerarane» ville gardera seg mot at avkom skulle hemna gravlagde foreldre. Ved ei massegrav fortel ein ung mann, med kroppsspråk, at far og mor hans hamna i ei grav.

Høg musikk frå høgtalarar i eit tre skulle overdøyva døds-skrika.

Dei som seinare grov opp massegravene, fann halshogde Raude Khmer-folk i ei av dei. Raude Khmers paranoide leiar Pol Pot såg fiendar over alt. På slutten av terrorveldet såg han fleire og fleire avvikarar i eigne rekkjer.

Mot dette treet i Choung Ek blei småbarna slengde - for at dei skulle drepast og aldri kunna fortelja kva som hadde hendt med dei torturerte og drepne foreldra deira.

Forboden tru
Formelt garanterte grunnlova i «Demokratisk Kampuchea» religionsfridom. Men alle «reaksjonære religionar» vart strengt forbodne. Ein katedral vart knust. Buddhismen vart fjerna som nasjonalreligion. Landets mellom 40 og 60 000 munkar vart sett på som «sosiale parasittar». Ein del blei avretta, alle andre hamna i arbeidsleirar.

Pagodar vart gjorde til tortursenter eller til «sjukehus» – etter at legane var avliva som «avvikarar». Raude Khmer hevda at det ikkje var medisinsk kunnskap, men ideologi som kunne lækja. Men ideologien kunne berre knusa og drepa. I ein pagode som var blitt «sjukestove», «hadde eg mitt første møte med helvete», skriv Rithy Panh i boka «The Elimination».

Han overlevde tvangsarbeidet på landsbygda. Men mor, far, søstrene og resten av familien strauk med.

Raude Khmer kalla statsmakta for Angkar - «Organisasjonen». Ingen leiarar stod fram første året. Inspirert av Angkor-kongane frå stordomstida til khmerfolket frå 1100-talet, vart Angkar gjort til guddom.

Lovprising av terror
Den franske misjonæren Francois Ponchaud skreiv boka «Kambodsja år null» i 1977, på norsk året etter. Han var vitne til tvangsmarsjen. Etter at han måtte dra frå landet i juni, høyrde Ponchaud systematisk på Raude Khmer-radioen. Der vart det fortalt at folket «tror på Angkar, elsker Angkar og husker Angkars velgjerninger». Det vart proklamert at Angkar «har befridd oss ut fra trelldommen og gjenoppvekket den nasjonale sjel».

For misjonæren var det religiøse språket kjent:  «Jeg takker den (Angkar) med høy røst». Og: «Takket være Angkar er hver dag en fest».

Men det var ikkje fest: «Å kritisere Angkar er en helligbrøde som den nye inkvisisjonen bare kan straffe med døden.»

Risavlingane blei ikkje dobla, slik skrivebordsteori forkynte som sikker veg til velstand. Alle skulle vera like. Men Raude Khmer-krigarane fekk forsyna seg godt før folket svalt ihel under slagord spm dette: «Dersom du ikkje arbeider hardt nok, vil Angkar gjere deg til gjødsel for rismarkene.»

Rithy Panh gravla hundrevis bak ein pagode: «Eg vert heimsøkt av den dumpe lyden av eit lik som slår mot eit anna lik.»

 

Torturinstrument i tortursenteret i Phnom Penh, bilete frå utstillinga.

«Kampuchea» i Noreg

På vel tre og eit halvt år tok Raude Khmer livet av 1,7 millionar, nær femteparten av sitt eige folk.

Raude Khmer tok kontrollen to veker før USA gjorde retrett og evakuerte Sør-Vietnams hovudstad Saigon 30. april 1975. Ein krig med 3 millionar døde vietnamesarar og 60 000 døde amerikanarar var over. Raseriet mot amerikanske napalmbomber og mot USAs støttespelarar var velgrunna.

Raseriet fekk viktige delar av venstresida til lenge å mistru eller jamvel fornekta rapportane om folkemord i Vietnams naboland.

Nær to år etter at folkemordet starta uttrykte SV-landsmøtet i mars 1977 «sin støtte og sympati med Kampucheas folk i kampen for sosialisme og frigjøring fra imperialismen». Akkurat då trengde khmer-folket frigjering frå sin eigen massemordar.

I 1976 lydde det i partiavisa til SV, Ny Tid: «Ingen massakrer i Kampuchea!» Skribenten kalla rapportane i internasjonal presse for «rabiate angrep på det nye Kampuchea» og slo fast at «heldigvis er det bare oppspinn».

I 1978 drog AKP-leiar Pål Steigan i spissen for ein delegasjon på solidaritetsbesøk til Pol Pot. Jorun Gulbrandsen som var leiar i AKP (Raudts forgjengar) i eit tiår frå 1997, har angra på at AKP dyrka Pol Pot som frigjerar – og at dei mistrudde folkemord-historiene som amerikansk propaganda etter Vietnam-krigen.

Men kvifor hadde ikkje AKP lært det minste av venstresosialistisk hyllest av Mao og Raudegardistane i Kina – og av Kulturrevolusjonen som vart avslutta i 1976 med millionar av døde?

Boikotten
Sjølv fekk eg i 1978 koma tett på debatten og sviket. På landsmøtet i Norges Gymnasiastsamband (NGS) fekk eg grunngje forslaget om at innsamlingsaksjonen Operasjon Dagsverk skulle gå til kambodsjanske flyktningar i Thailand, i regi av Kirkens Nødhjelp. Venstresida karakteriserte folkemord-forteljingane som «imperialisme». OD-prosjektet blei stempla som «reaksjonært».

Boikotten vart fronta av Odd Arne Westad i Sosialistisk Ungdom (SU). Han har seinare slått seg opp som internasjonal akademikar – først ved London School of Economics og no på prestisjefulle Harvard i USA.

Intellektuelle Westad veit i dag godt kva som hende med folk flest og med intellektuelle i Kambodsja. Boikottaksjonistane skulda i 1978 på at opplysningane frå «Kampuchea» om «hva som hadde skjedd etter frigjøringen» var «motstridende».

Men folkemordet var våren 1978 i ferd med å bli grundig dokumentert i internasjonal presse og litteratur. Vi var mange som var med på ei stor internasjonal høyring i Oslo i april 1978. Men Pol Pots «motstridende» versjon var for mange nok. Enno ei stund.

Sommarleiren til SU på Rena vart brukt for å inspirera SU-folk på gymnasa til å gjennomføra ein alternativ innsamlingsaksjon. Det fortel filosofiprofessor Ole Martin Skilleås, som den gongen var leiar i Namsos SU, i ein blogg i 2008. «Med meg som leder samlet vi inn like mye som OD», skriv han og nemner ikkje at prosjektet han boikotta, gjekk til Kambodsja-flyktningar.

Erik Solheim var SU-leiar i 1978. I SV vart han den ivrigaste for å bryta partibanda autoritære regime bak Jernteppet. Han ville få slutt på at SV-toppar let diktatorar som Nicolae Ceausescu i Romania og Kim il-Sung i Nord-Korea spandera betalte ferieturar på SV-toppar. Først då han var blitt SV-leiar i 1987, klarte han å få partiet til å kutta lenka til Nord-Koreas kommunistiske parti. 

 

Alle skulle vera like. Men Raude Khmer-krigarane fekk forsyna seg godt før folket svalt ihel.

 

Folkemordaren i FN
Men mektige politikarar frå ei rekkje andre parti har nok å svara for. Det kambodsjanske folket blei svike av mange.

Sentrale samfunnstoppar støtta USAs krigføring som altså spreidde død og forderving også til Laos og Kambodsja – utan protestar frå USAs norske støttespelarar. Folkemordet vart stoppa av ein vietnamesisk invasjon ved årsskiftet 1978/79. Invasjonen blei fordømt både av USA og Kina som ikkje tålte det Sovjet-støtta regimet i Hanoi.

Fram til 1993 røysta eit fleirtal i FNs generalforsamling for at folkemordaren Pol Pots folk framleis skulle representera det tyranniserte landet i FN. Noreg var eitt av landa som gjorde som USA ville. I denne perioden hadde vi regjeringar leia av Høgre, med KrFs deltaking, og Ap.

Det lidande kambodsjanske folket var framleis berre ei brikke.

Pol Pot som heldt fram geriljakrigen, døydde i jungelen i 1998. Først i 2001 blei det nedsett eit kambodsjansk FN-støtta tribunal for å straffeforfølgja dei enno attlevande ansvarlege for folkemordet.

 

Eg vert heimsøkt av den dumpe lyden av eit lik som slår mot eit anna lik.

Rithy Panh i boka «The Elimination»

 

Tortursjefen
I cellene i tortursenteret Tuol Sleng ser eg over 40 år gamle blodmerke. Offera stirer på meg frå veggane. Utstilt torturutstyr fortel om skrekken. Tuol Sleng var «ingenting anna enn tortur og død», skriv Rithy Panh i boka «The Elimination».

Panh, ein kjend filmskapar, intervjua og filma kommandanten for Tuol Sleng, kamerat Duch. medan tortursjefen venta på rettssak og straff.

Kamerat Duch konverterte etter folkemordet til kristendommen og arbeidde i ein evangelisk hjelpeorganisasjon, under nytt namn. Men i 1999 klarte Duch ikkje la vera å introdusera seg for ein journalist i ein landsby vest i landet. Journalisten hadde i årevis, viste det seg, hatt biletet av kamerat Duch i lomma. Duch blei avslørt og stilt til ansvar.

Konverteringa får bli ei sak mellom kommandanten og Vår Herre. Men Duch kan mistenkjast for å ha brukt kristendommen til å koma seg unna oppgjeret. Duch vart i 2010 av tribunalet dømt til 35 års fengsel, med utsikt til å måtta sona berre i 19 år. Etter ein anke vart dommen i 2012 omgjort til livsvarig fengsel. I rettssaka vedgjekk Duch ansvaret for meir enn 12.700 dødsfall i torturriket sitt.

Tortur, drap og latter

I boka «The Elimination» ber Duch om orsaking, men berre for noko. Han framstiller seg som eit terrorisert offer for eit system der alternativet var at han sjølv vart drepen. «Ville du klart deg betre?» spør Duch for å snakka forfattaren over til sitt lag.

«Døden er med meg natt og dag», seier Duch. «Døden er med meg også, men vi er ikkje på same lag», svarar Rithy Panh som sjølv hadde vore berre ei hårsbreidd frå døden: «Torturisten og drapsmannen kan leggja ned macheten. Offeret er aldri fritt.»

Duch vert vist eit bilete av seg sjølv bak ein mikrofon og seier: «Sjå på andletet mitt. Det er ikkje eit trist andlet, det er andletet til ein som ivrig forklarar essensen i språket sitt. Eit språk for drap.»

Duch ler. Ofte. Duch ler når han fortel at han ikkje visste at fangar fekk sterke elektrosjokk medan dei låg fastspente på metallsenger i tortursenteret hans.

Mellom latterkulene er Duch likevel klar: «Mr. Rithy, Raude Khmer handla berre om utrydding. Menneskerettar fanst ikkje.»

 

Raude Khmer handla berre om utrydding. Menneskerettar fanst ikkje.

Kamreat Duch i boka «The Elimination»

 

Torturcelle i Tuol Sleng, tortursenteret i Phnom Penh.

Når menneske blir «søppel»
Dette kjem i boka «The Elimination» hjarteskjerande til uttrykk i forteljinga om ein ni år gamal gut som var fordriven til tvangsarbeid, svolt og død på landsbygda saman med mor si.

Ho vart ein dag teken i å plukka mango til barna sine, utan lov frå Angkar. Niåringen gjekk laus på mora under morgonappellen: «Du er ein fiende av folket! Du har stole mango som høyrer til Angkar. Oppførselen din er borgarleg og skamfull. Du er ein forrædar. Du må straffast av samfunnet.»

Mora tok «sjølvkritikk» for å ha svike revolusjonen. Forfattaren såg henne ikkje etterpå. Når ein niåring kunne falla mora i ryggen i lojalitet til makta, kunne alt skje.

I nazistiske, marxistiske, stalinistiske eller islamistiske system er ein «avvikar» ikkje lenger eit menneske, men «parasittar» og «søppel».

Det er det perverterte menneskesynet når ekstremistisk religion eller ideologi blir brukt for å dyrka «det reine» og den totalitære makta gjer seg sjølv til allmektig guddom.

---

 

Erik Solheim: ‘Derfor boikottet vi OD’

– Jeg har forståelse for at vi i Sosialistisk Ungdom i 1978 organiserte et alternativ til Operasjon Dagsverk og at vi ikke ville gjøre noe som brakte oss i allianse med kreftene som hadde støttet Vietnamkrigen, sier Erik Solheim til Magasinet Stefanus. Han var

 leder av SU 1977-1980 og leder i SV 1987-1997.

–  Det er lett å være etterpåklok. Ingen skade hadde nok skjedd om OD hadde gått til kambodsjanske flyktninger i Thailand. Men hovedsaken er ikke stridigheter blant gymnasiaster, men at så mange anstendige og gode mennesker så lenge støttet den mest blodige krigen etter 1945. Blant dem var topper fra Høyre, Venstre, KrF og Ap.

– Amerikanske ledere hadde løyet om Indo-Kina i 20 år. At det derfor tok litt tid før folk trodde på redselsmeldingene fra Kambodsja, er forståelig. Pol Pot lukket i tillegg landet så godt han kunne.

– Etter at sannheten ble ettertrykkelig klar rundt 1978-79 endret dette seg. Med Vietnams invasjon i januar 1979 ble all tvil feid til side.

– SV kan kanskje anklages for å ha brukt litt lang tid på å fullt ut forstå forbrytelsene til Pol Pot. Men på 1980-tallet var SV det partiet som var mest mot Røde Khmer.

– De få i Norge som hyllet Pol Pot (stort sett i AKP) er avskyelige, men de hadde liten makt.  Det var partier som Høyre, Ap og KrF som sikret at Norge fulgte USA og anerkjente Pol Pot og hans kriminelle gruppe som FN-representant for Kambodsja i et tiår etter at hans forbrytelser var krystallklare, sier Solheim.

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 3-2019