«Ahmed» blei trua på livet då han konverterte til kristendommen.

«Ahmed» blei trua på livet då han konverterte til kristendommen.  


Diskusjonen om islam er hissig både her i landet og mange stader i Midtausten og Nord Afrika. Der har mange kristne lenge levd som andreklasses borgarar. Så har bølgjer av vald og terror ramma. I Irak er det etter IS sitt terrorvelde ei djup mistru til islam. Smertene er ikkje til å snakka seg vekk frå. Erfaringane har fått kristne og folk frå andre minoritetar til å demonisera islam.

På den andre sida finn vi kristne som har eit idealistisk syn på islam,  ut frå trua på at alle vegar fører til Gud.

I staden for å diskutera dei knallharde ytterposisjonane, vil eg heller presentera ei stemme som har valt ein annan veg enn demonisering og tilnærma religionsblanding. Han gjer det med sitt eige liv på spel.

Overleva
I Midtausten handlar det for kristne nemleg ikkje berre om å diskutera islam teoretisk eller teologisk, men om å leva svært nær muslimske samfunn.

Til Libanon har det kome halvannan million flyktningar frå Syria og Irak. Krigane og det islamistiske skrekkveldet til IS har fått ei rekkje muslimar til å venda islam ryggen - mange er blitt ateistar eller agnostikarar. I Beirut er eit anna fenomen tydeleg: Søkjande muslimar og konvertittar fyller kyrkjer. Aldri før har det vore så stor interesse for Jesus blant folk med muslimsk bakgrunn. Dette ser vi også mange andre stader i Midtausten, slik Erling Rimehaug skriv i Vårt Land 5. mars.

Når konvertittar kjem inn kyrkjedørene pressar det fram spørsmålet om korleis kyrkjene viser den kristne trua si for muslimar. Ein god del kyrkjer har valt å møta desperate flyktningar med kjærleik og omsorg.

I Beirut møtte eg nyss «Ahmed». Av tryggingsgrunnar kan eg ikkje skriva det verkelege namnet hans eller kvar han kjem frå. «Ahmed» høyrde til ei militant islamistisk gruppe med fotfeste i heile Midtausten. Han vart oppdratt i ei  ytterleggåande form for islam som sa at alle andre går til helvete. Han skulle ikkje ha noko å gjera med andre enn muslimar.

Som islamist var jobben til «Ahmed» å overtyda dei mange muslimane som hadde konvertert i hans heimland, om å venda tilbake til islam. I jakta på gode argument, las «Ahmed» Bibelen grundig. Det fekk han til å stilla alvorlege spørsmål ved Koranen og profeten. Han mista trua på islam.

Truga på livet
Så kom «Ahmed» til tru på Jesus som frelsar – og vart straks rekna som fråfallen. Det var blodig alvor. Radikale muslimar prøvde å drepa han. Onkelen som ville forsvara familiens ære, sa at det å drepa «Ahmed» ville vera ei nådig handling. «Men far min sa at skamma ved å skada meg var større enn den skamma eg hadde påført familien ved å bli kristen.»

Han flykta og kom til Beirut. Der møtte han ein kristen teolog som driv undervisning om islam. Det blei timevis med samtalar og rådgjeving, også om korleis forholdet til familien kunne byggjast opp på nytt.

«Ahmed» var opprørt og skarp: «Ser du ikkje kva Muhammed har gjort? Islam drep kristne!» 

Men han kom til at oppgåva hans var å vinna andre muslimar for Jesus. Då måtte han gå annleis fram. Polemikk skaper ikkje kommunikasjon, tvert imot kan det vera farleg.

Konvertitt vender heim
«Ahmed» bestemte seg for å venda tilbake til der han vart truga på livet som konvertitt. Der fortalde «Ahmed» at han no var ein Jesu disippel. I dag samtalar «Ahmed» også med sjeikar, og han gjestar moskear når han blir invitert – ikkje for å be, men for å samtala.

 «Ahmed» hadde først trudd at dersom han skulle dra heim, måtte han kompromissa slik at han i praksis blei muslim igjen. Men i staden fekk han hjelp til å formidla trua «slik at reisa mi gradvis blei ei velsigning for samfunnet og ikkje lenger sett på som svik og forræderi».

«Ahmed» legg til: «Fordi eg kjenner islam, kan eg lettare forklara kristendommen for muslimar. Gjennom dialog med sjeikar, håpar eg at dei påverkar vanlege muslimar til å sjå annleis på Jesus.»

Om polemikken, seier han:  «I dag ser eg islam som eit tankesett som oppstod på Den arabiske halvøya i det sjuande hundreåret. Muhammed hadde ein idé om å sameina trua på éin Gud. Islam er ikkje ein satanisk religion. Men den er heller ikkje himmelsk.» Han legg til: «Dersom eg seier til ein sjeik at han tilber ein satanisk religion, stoppar all samtale».

Kallar seg ikkje kristen

Han kallar seg ikkje lenger «kristen». Ordet får mange til å tenkja på vestleg imperialisme. «Ahmed» kjenner dessutan ankepunkta muslimar har mot kristen tru. Difor startar han ikkje med å proklamera at Jesus er Guds son som døydde og stod oppatt. Då stoggar også samtalen. «For ein muslim er det vanærande at Gud døyr, og Gud kan ikkje ha ein son,» seier «Ahmed».

Difor startar han med å seia at han trur på Jesus som også muslimar trur på. Så introduserer han gradvis nye idear om Jesus og forklarar kven Messias er. «Eg tek dei med på ei reise der dei byter ut sitt bilete av Jesus som profet med eit bilete av Jesus som Messias. Eg prøver etter kvart å visa kva som kan tala for at Jesus døydde for syndene våre og oppstod igjen.»

«Før nokon vil drepe oss»

Misjon handlar ikkje om å provosera slik at mottakaren straks stengjer døra. «Ahmed» vil visa at evangeliet er godt nytt også for muslimar. Så må politikarar og kyrkjefolk på si side vera svært tydelege på at islam må godta retten til å skifta tru – og ikkje truga med å ta livet av «Ahmed» og andre konvertittar.

Det vil alltid vera religiøse leiarar som blir sinte i møte med evangeliet – Jesus fekk som vi veit, tre år på seg. Ein kristen islam-kjennar seier det slik, med eit glimt i auga, i siste utgåve av Magasinet Stefanus: «Nøkkelen er å formidla evangeliet slik at det blir relevant for folk, på ein måte som gjev oss tid til å gjera det før nokon ønskjer å drepa oss for det.»

PUBLISERT I VÅRT LAND 11.3.2019

AKTUELT

Kristne i Midtausten: Mange muslimar har fått nok av islam. I ein kyrkjelyd i Beirut i Libanon har ein del av desse kome til kristen tru, her frå ei gruppe med bibelsamtale.

Når muslimar får nok av islam

Kristne i Midtausten: Kva gjer kyrkjene når muslimar som har fått nok av islam etter IS, vender seg til kristen tru? Viser dei fram i triumf?

PROSJEKT