Troen er verd å døy for, seier mange kristne i Egypt. Christof Sauer fortel om for den koptiske kyrkjas historie under press.

Troen er verd å døy for, seier mange kristne i Egypt. Christof Sauer fortel om for den koptiske kyrkjas historie under press.  


– Vi skal alle vera viljuge til å gje livet for trua på Kristus. Men berre nokre få kjem til å bli bedne om det. Det seier professor Christof Sauer. Den tyske universitetslæraren og presten spurde kristne studentar heime i Tyskland om dei ville vera viljuge til å gje livet for trua. Ein student svarte rett ut at han ville velja livet. 

Kristne i Egypt – martyrar
^Svaret skil seg sterkt frå haldninga til dei 21 koptiske kristne som IS viste fram på video frå ei strand i Libya i februar 2015. Dei heldt fast på trua og vart halshogne. 

– Medan IS regisserte den grufulle videoen, fekk dei 21 gjentekne gonger spørsmålet om dei ville fornekta trua og behalda livet. Ingen av dei veik unna. I Europa er derimot livet blitt viktigare enn trua på Kristus, seier Sauer. 
 
Uskuldige offer 
Den koptiske kyrkja har erklært dei 21 som martyrar. På eit ikon-bilete er de framstilte med glorie og med englar som kjem ned over hovuda deira. Dette biletet av den andelege røyndommen er komplett annleis enn den brutale IS-videoen. 

Jihadistar representerer på si side ein «martyrteologi» som står i skarp kontrast til den kristne. Sjølvmordsbombarar trur dei vert martyrar ved at tek sitt eige liv samstundes som dei drep andre. Kristne blir derimot ikkje martyrar ved å drepa. 

– Den koptiske kyrkja erklærer som martyrar uskuldige som vert drepne på grunn av trua si. Ingen gjer seg sjølv til martyr, det er den kristne fellesskapen som i ettertid erklærer menneske som martyrar. 


• LES OGSÅ: Bygde barnehage i martyrlandsby
 

Mama Maggie fra Kairo, her sammen med Eyvind Skeie, har bygget barnehage i landsbyen der mange av de 21 egyptiske martyrene fra IS-terroren i Libya, kom fra.

Kristen martyrkyrkje i Egypt

Sauer har leita i røtene til Den koptiske kyrkja i Egypt for å finna ut kvifor martyriet er så viktig. Kyrkja har, konstaterer han, gjennom historia si berre hatt nokre få år der forholdet til samfunnet rundt har vore godt. Kyrkja har alltid sett på seg sjølv som ei martyrkyrkje. 

– Difor er det viktig for denne kyrkja å halda oppe martyrane, seier Sauer som brukar den koptiske biskopen Anba Juanis (1923-1987) som kjelde.  
Biskop Juanis har sagt at «utan å overdriva (...) har den kristne trua blitt spreidd mykje meir på grunn av martyriet til dei heilage enn på grunn av misjonærane si forkynning». 

– Vitnesbyrd og liding er to fundamentale karakteristikkar av kyrkja inntil Jesus kjem igjen i herlegdom, seier Sauer som har formulert ein serie tesar. Her er nokre av dei: 
 
Forfølgde for trua

• Undertrykking, forfølging og martyriet viser at det skjer ein kamp i den åndelege verda om verdas frelse. 
 
• Forfølging og martyrium for kristne skuldast aktive vitnesbyrd for Kristus, konvertering, kyrkjevekst og kamp for rettferd. 
 
• Kristi makt er løynd i det veike, han leid og døydde på jorda alt medan herlegdomen hans vart synleg for vitna hans. 
 
• Gud er i sin suverenitet i stand til å bruka martyriet ved å gje det kvalitetar som inspirerer til tru og kan føra til at kyrkja veks. 
 
• Når Kristus viser seg i herlegdom, vil undertrykking, forfølging og martyrium ikkje berre ta slutt. Gud vil også løna sine trufaste vitne, og deira lovprising vil skje uhindra. 
 
• Det kristne vitnesbyrdet er også retta mot dei som forfølgjer kristne – ved at eit kristent vitne elskar fiendane, avviser hemn og ved å be Gud tilgje dei. 

 

Undertrykking, forfølging og martyriet viser at det skjer ein kamp i den åndelege verda om verdas frelse. 
 

«Kristne i Egypt er laga av stål»

Eit sterkt døme på dette er då ei mor etter ein egyptisk kristen som blei drepen av terroristar, stod fram på egyptisk fjernsyn i april 2017 og sa at ho tilgav terroristen. Programleiaren var over seg av undring over dette – for Egypt – så overraskande vitnesbyrdet. Mora tala inn i ein kultur med hemn og ikkje tilgjeving som læresetning. 
«Egyptiske kristne er laga av stål. Dersom fienden dykkar visste kor mykje tilgjeving de har til han, ville han ikkje tru det», sa programleiaren. 
 
Kyrkjer må vedgå urett 
Sauer erkjenner at fleire vestlege kyrkjer har eit problem med at dei har vore majoritetskyrkjer som sjølve har forfølgd minoritetar. 

– Globalt er den kristne kyrkja ikkje majoritetskyrkje, og dei fleste kristne lever ikkje i Europa. Mange stader er kristne ein minoritet. Det europeiske kyrkjer må gjera, er å vedkjenna syndene sine og be om tilgjeving for forfølging og undertrykking dei sjølve har stått for. Dei må syta for godt økumenisk fellesskap. Dei må hugsa på kristne som har dårlegare kår og ikkje koma til kristne kyrkjer i andre land som mektige, men som tenarar, seier Sauer og legg til: 

– På ein konferanse i Tirana i Albania i 2015 var temaet forfølging og liding. Ein katolsk kardinal sa at hans kyrkje ville be om tilgjeving for å ha forfølgd andre kristne. Ein global pinseleiar tok deretter ordet og sa at «vi har rett nok ikkje forfølgd dykk, men vi har sanneleg sett ned på dykk». 

– Før kyrkjer kan stå opp for dei forfølgde, må dei – som i Tirana – vedkjenna eigne synder. Då kan kyrkjene bli tekne seriøst. 


• LES OGSÅ BISKOP THOMAS: Mister vi troen, mister vi alt
 

Bera vår kross 
– Er så trua verd å døy for, Sauer? 

– I boka «Etterfølgelse» skriv den tyske teologen og motstandsmannen Dietrich Bonhoeffer (som døydde i ein konsentrasjonsleir i april 1945) at ikkje alle har den same krossen å bera. Kristus sa at dersom vi vil følgja han, må vi ta opp krossen vår. Vi skal ikkje ta opp Kristi kross, men vår. Vi har ulike føresetnader for å bera krossar. Nokon få skal kanskje gje livet sitt, andre skal leva for å fortelja og vitna. Dei aller fleste vil ikkje enda som martyrar. Men vi skal vera trufaste mot Vår Herre, fordi Han gav livet sitt for oss. Vi skal difor vera viljuge til å gje livet vårt, sjølv om berre nokre få kjem til å oppleva det, seier Sauer.  

 

Dei aller fleste vil ikkje enda som martyrar.

 

• VIL DU GI EN GAVE TIL VÅRT ARBEID I EGYPT? GI HER
 
 FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 5-2019

AKTUELT

PROSJEKT

Egypt: Stefanusbarna

På «søppelfjellet» i Kairo bor det tusenvis av kristne familier som er overlatt til å leve i, og av, storbyens søppel. Inspirert av Jesu kjærlighet har Mama Maggie gjennom tre tiår bygget opp et arbeid som kalles Stefanusbarna. Stefanusalliansen støtter dette arbeidet.