«Fra opprør til kaos. Midtøsten etter den arabiske våren» og «Brennpunkt Midtøsten. Byene som prisme» er begge gitt ut på Universitetsforlaget.

«Fra opprør til kaos. Midtøsten etter den arabiske våren» og «Brennpunkt Midtøsten. Byene som prisme» er begge gitt ut på Universitetsforlaget.  


Jan Nordenson er ein god guide i «Fra opprør til kaos. Midtøsten etter den arabiske våren.» Han viser at djupe etniske, politiske og religiøse problem ikkje blir løyste berre ved å oppheva dei grensene dei europeiske stormaktene trekte opp etter den første verdskrigen, slik IS ville ved å laga kalifat på tvers av grensa mellom Syria og Irak. Basketaket mellom sunni-muslimske Saudi-Arabia og sjia-muslimske Iran viser til fulle at den europeiske arven ikkje er alle konfliktars mor i Midtausten. Heller ikkje er den palestinsk-israelske konflikten alle krigars mor i Midtausten.

Vi er alle opprørt over krigsbrotsverka til IS. Men Nordenson får fram at dei verste brotsverka og dei fleste drepne i krigen i Syria står Assad-regimet og deira allierte bak, sist no i Aust-Ghouta.

Vi følgjer utviklinga i Egypt på pulsen. Regimet som kuppa makta i Egypt frå islamist-president Morsi, har stramma til mot sivilsamfunn og opposisjon på ein meir autoritær måte enn Mubarak-regimet før 2011 gjorde og gjennomførte i vinter eit val der motkandidatane var sorterte vekk på førehand. Nordenson gjev oss som er glade i Egypt, solid kunnskap til uroa for vegen vidare.

Han nyanserer også biletet av krigen i Libya. Han meiner at dei norske F16-flya og Nato-bidraget var med på å hindra at Gadaffi-regimet utførte mssedrap i Benghazi. Gadaffi hadde gjort slikt før.

Guide i kaos 2

I «Brennpunkt Midtøsten. Byene som prisme», redigert Niels A. Butenschøn og Rania Maktabi skriv ulike ekspertar om kvar sin by og analysererkonfliktliner med byane som prisme. 

Vi som følgjer lagnaden til i Irak, blir til dømes fascinerte av historia til byen Erbil, hovudstaden i dei sjølvstyrte kurdiske områda i Nord-Irak. Dei kurdiske styrkane stod imot den blodige IS-offensiven i 2014. Då vart byen Erbil byen alle snakka om og mange reiste til. Erbil blei etter 2014 frihamn for fordrivne kristne som no håpar å venda tilbake til heimane sine. Nokre tusne har vendt heim, andre ventar framleis.

Morten Bøås tek oss inn i det gamle kristne kvarteret og opp på høgdedraget som gjer Erbil til eit nøkkelpunkt på Ninive-sletta. Vi får hjelp til å forstå kurdiske maktkampar og spelet mellom kurdiske styresmakter og regjeringa i Bagdad. Det fekk vi spelt ut for open scene etter folkerøystinga om kurdisk sjølvstende i september i fjor. Då tok Bagdad-regjeringa inntil vidare over flyplassen i Erbil og tok tilbake byar som dei kurdiske styrkane hadde kontrollert sidan krigen mot IS, mellom anna Kirkuk. Dei kurdiske områda er ein hybdridstat som opptrer som nasjonalstat utan å vera det, i eit område der nasjonalstatane har ei svært kort historie. Kurdarane har både indre spenningar, spenningar mot Bagdad og ei rad uløyste problem etter at dei brått fekk auka oljeinntekter og brukte dei til ein dårleg styrt byggjeboom.

Vi har meir kaos i vente. Men gode guidar for å forstå kaoset.

AKTUELT

I skulestøtteprosjektet til Resurrection Church Beirut får flyktningbarna både læring og leik.

Ny framtid etter IS-terror

Brutale krigar og flukt frå IS har stole skulegangen frå irakiske og syriske barn. I Libanons hovudstad får 75 av dei ein ny billett til framtida.

PROSJEKT