«Andrina» (t.h.) har i 20 år samla pastorkoner frå Sentral-Asia. Av tryggingsgrunnar kan vi verken visa andlet, fortelja namn eller skriva kvar «Andrina» og kollegaen held til. 

«Andrina» (t.h.) har i 20 år samla pastorkoner frå Sentral-Asia. Av tryggingsgrunnar kan vi verken visa andlet, fortelja namn eller skriva kvar «Andrina» og kollegaen held til.   


«Andrina» veit kva det er å bli kasta inn i ei krevjande rolle som kona til ein pastor i land der evangeliske kyrkjer har levd under press og periodevis forfølging.  

Ho var berre 17 då bryllaupet stod. Landet var nettopp blitt sjølvstendig etter at Sovjetunionen kollapsa i 1991. Mannen hamna i fengsel to år seinare. 

– Eg var 19 og måtte kjempa for å få han ut. Eg skreiv brev, det kom appellar frå andre land. 

Mannen sat arrestert i 20 dagar og vart truga med å bli teken med i KGB-kjellaren, dit knapt nokon kom levande ut. Dit kom han ikkje. 

Med eit lite barn på armen stod den 19 år gamle pastorkona brått også ansvarleg for ein kyrkjelyd. Ho måtte visa styrke. Det var ein sterk lærdom. 

Kriser i kyrkjer og samlivet  
I 20 år har «Andrina» stått i spissen for ein årleg konferanse som skal støtta pastorkoner i Sentral-Asia. Kvinnene får ein fristad til å snakka om alt det dei ikkje kan snakka med andre om – som utbrenning og påkjenningar for pastorkoner når kyrkjelivet under press. Og samlivsproblem. 

Skilsmisser er eit aukande problem også i pastorheimar.  

–  Pinsekyrkjelydar har vanskelegast for å snakka om at også pastorpar kan slita i samlivet. Det er ein utbreidd tanke at dersom du er kristen, har du ein sterk familie. Mange pastorar vil ikkje snakka om problem. Konene kan ikkje fortelja andre i kyrkjelyden om dette, der må dei verna mannen og autoriteten hans, seier «Andrina» og legg til: 

– Til slutt går ein del kvinner ut av ekteskapa. 

Samlivskriser var det temaet som engasjerte mest på konferansen hausten 2019, ei gruppesamling om dette samla flest deltakarar. 

– Det handlar både om teologi og kultur. Det er mykje usunn forkynning om ekteskapet, mange lever i tradisjonar frå fortida. Mange pastorar har også eit massivt arbeidspress. Kona må dela mannen med kyrkja. Sjølv om ho deler kallet hans, treng barna ein far, og ho treng mannen. Ofte blir sår i samlivet ikkje lækte. Mann og kone blir framande for kvarandre når livet er så ekstremt at pastoren gjev alt for kyrkja. 

Utedo og helseknekk 
På konferansane får pastorkonene både snakka om det vanskelege og oppleva fjellturar, kino, selskap eller konsertar. Arrangørane har etter kvart også sett at mange pastorfamiliar har svært dårleg helseteneste heime og at dei treng helsehjelp. 

– Dei kan ha utedo og mangla innlagt vatn. Somme er fysisk utmatta, andre er kronisk sjuke. Hos oss skal dei kjenna seg elska, bli tekne hand om og lytta til. I det daglege er det alltid andre sine behov som kjem først. Ein gong i året er det kvinnene som kjem først. 

– Kva er pastorkonas rolle i ei kyrkje? 

– Ho er «barnevakt for kyrkjelyden». Unge jenter som blir pastorkoner, forstår ofte ikkje dette. Men svært raskt blir ei pastorkone assisterande pastor. Eg hadde sjølv ein idé om at det var eit stort ansvar å vera gift med ein pastor. Men eg hadde ingen rollemodell, seier «Andrina». 

– Vi må sikra at pastorpar står saman, legg ho til. 

 

Det er mykje usunn forkynning om ekteskapet, mange lever i tradisjonar frå fortida. 

«Andrina», pastorkone 

 

Hardt press mot kristne i Sentral-Asia
Kristne som evangeliserer blant muslimar i Sentral-Asia risikerer forfølging. Ei pastorkone frå Kasakhstan fortalde på konferansen i 2018 at politiet braut seg inn. Sidan mannen ikkje var heime, gjekk dei fysisk laus på henne, det var eit mirakel at ho overlevde. Andre stader er det nabolag som forfølgjer. 

– Det konstante stresset pressar også samlivet. Pastorkonene har ikkje privatliv. Dei har ansvar for barn og heim, dei må støtta mannen og ta ansvar i kyrkja. Mange stader i Sentral-Asia kjem folk til pastorheimen akkurat når det passar dei, utan avtale, om så midt på natta, seier «Andrina» og legg til: 

– Gud har aldri lovd eit enkelt liv. Dei som ønskjer eit enkelt liv, må ikkje gifta seg med ein pastor i Sentral-Asia. Men livet er framleis ei velsigning. 

Kvinneleg forkynnar 
For kyrkjelyden skal pastorkona vera både den ideelle kona, den ideelle mora og den ideelle forkynnaren – i alle fall der det er akseptert at kvinner forkynner. Då «Andrina» gifta seg, var ho den første kvinnelege forkynnaren. Første gongen ho gjekk på talarstolen, reiste fleire menn seg og gjekk. Pastorkollegaer skulda mannen hennar for å driva med «feminisme». 

– Men kyrkjelyden trengde meg. No er eg akseptert og verdsett. I dag er det fleire kvinner som forkynner og underviser. Kulturen er endra.  

Sosialt arbeid 
Det er plass til 100 på konferansen. Lokalet dei brukar, klarar ikkje meir. Mange får nei. Det er stor pågang frå Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan og Usbekistan. Tidlegare har det også vore med kvinner frå Afghanistan.  

I 2019 var også fleire forretningskvinner inviterte. Dei kan vera gode partnarar i arbeid for fangar og barn på barneheimar, og i kampen mot familievald.  

– Konferansen gir også inspirasjon til meir sosialt arbeid i kyrkjene, seier «Andrina». 

 

Støtt pastorfamilier i Sentral-Asia

Stefanusalliansen støtter en konferanse for pastorkoner og et tilfluktssted for pastor- og misjonærfamilier i Sentral-Asia og Kaukasus. Merk gaven: Sentral-Asia.

Gi en gave

AKTUELT

PROSJEKT