«Danil» ønskjer ikkje å bli fotografert og namngitt. Her er han med Stefanusalliansen på kafé i Tasjkent.

«Danil» ønskjer ikkje å bli fotografert og namngitt. Her er han med Stefanusalliansen på kafé i Tasjkent.  


I unge år var «Danil» usbekisk toppidrettsmann. Men då Sovjetunionen kollapsa i 1991, vart pengane frå Moskva til idretten i Usbekistan borte. «Danil» måtte droppa toppidretten.

Det var ei krise. Men gjennom ein ven vart han kristen i 1994. To år etter vart han pastor. «Danil» har levd eit liv i teneste, under hardt trykk. Lettar presset under ein ny president?

Flytta med makt
Historia kviler tungt over Usbekistan – og over «Danils» eige liv. Farfaren og farmora hans var blant dei nær 178 000 koreanarane som diktatoren Stalin tvangsflytta med brutal makt til folketomme område i Kasakhstan og Usbekistan i 1937. Dette var den første massefordrivinga av ei samla etnisk gruppe i Sovjetunionen. Koreanarane vart tvangsflytta frå Vladivostok i aust. 40 000 omkom på vegen eller døydde av svolt eller problem med å klara seg etter at dei kom fram.

– Eg kjenner meg verken som koreanar, usbek eller russar, seier «Danil».

Farsslekta hans har buddhistisk bakgrunn. Men dei var kommunistar som hadde snudd ryggen til religionen. Mora kjem frå ei russisk-ortodoks slekt i Sibir. Også ho var kommunist og ateist.

All religion hadde vore strengt kontrollert og undertrykt i Sovjetunionen. I 1991 skunda Usbekistan seg å bli sjølvstendig for å unngå reformiveren i Moskva. Jernteppet, som Europa var glad for å bli kvitt, fall i grunnen aldri her i Sentral-Asia.

Men dei første åra fekk altså utanlandske misjonærar koma hit også, slik dei strøymde inn i mange av landa som hadde ligge bak Jernteppet. Koreanske misjonærar retta seg mot etterkomarane etter dei tvangsdeporterte.

Slik skulle livet til «Danil» ta ei heilt ny vending.

 

For kommunistar var det å tru på Gud galskap.

«Danil», pastor i Tasjkent

 

Sjokk i familien
Ein ven av han  blei kristen som følgje av nettopp koreansk misjon. Venen delte trua med «Danil». Då «Danil» vart kristen i 1994, som den første i familien, reagerte mora sterkt.

– For kommunistar var det å tru på Gud galskap. Mødrer er dessutan urolege for korleis det skal gå med borna. Etter at søstera mi døydde, var eg einebarn. Mor bestilte time for meg hos psykiater, fortel «Danil».

Han som hadde brukt det meste av tida på trening i vasspolo, brukte brått 90 prosent av tida si i kyrkja.

– Mor og far hadde drøymt om at eg skulle bli profesjonell idrettsmann. No måtte noko vera gale med meg.

I ti år var forholdet mellom mor og son vanskeleg. Sjølv vart han pastor i kyrkja si i Tasjkent i 1996, som 23-åring. Kyrkjelyden bad for mora i alle desse åra. I 2004 blei ho også kristen, «Den heilage Andes verk», seier sonen.

I dag styrer mora husgruppene og er med i bønetenesta i kyrkja.

Livet tok ei ny vending også for den tidlegare kommunisten og ateisten.

 

  • Vil du jevnlig mtta nyhetsbrev om trosfrihet? Meld deg på her

    (Artikkelen fortsetter under bildet)

Den russiske bibelen på talarstolen i den evangeliske kyrkja i Samarkand. No kan dei lovleg forkynna her.

«Usbekarar er muslimar»
Regimet til president Islom Karimov godtok ei moderat, sentralasiatisk form for islam. Dette er eit land der det å vera usbek betyr å vera muslim. Kort og godt. Den store russiske folkegruppa fekk leva ut den russisk-ortodokse trua. At koreanarar blei kristne var også greitt.

Men også nokre usbekarar byrja å koma til kristen tru. Nokre leiande kristne opplevde både arrestasjon og bøter.

Så tok regimet skrekken. For også islam fekk ny vekst. Ikkje minst i den etnisk konfliktfylte Ferganadalen i søraust – delt med nabolanda Kirgisistan og Tadsjikistan – vaks meir ytterleggåande utgåver fram. Frykta for radikal islam var sterk i hovudstaden Tasjkent. Innskjerpinga blei hardhendt.

Ei ny lov i 1998 garanterte formelt sett religionsfridom. Men i praksis gav lova Karimov-regimet eit stramt grep om all utøving av tru. Kristne misjonærar vart kasta ut. Svært mange muslimar blei stempla som «ekstremistar» og fengsla.

Glipa i Jernteppet vart trongare.

Lovleg – men under press
All religiøs aktivitet i Usbekistan må skje i registrerte bygg. Samlingar i heimar er strengt forbodne. I 1999 fekk kyrkja til «Danil» registrera seg. 90 prosent av eit nettverk av søsterkyrkjene er derimot undergrunns huskyrkjer. Dei siste 20 åra er knapt ei einaste kyrkje blitt registrert.

Også som registrert kyrkje har dei merka godt kva regimet har slått ned på. I 2009 blei tre leiarar i kyrkja til «Danil» sette i det som vert kalla «administrativ arrest» og bøtelagde. Dei vart straffa for å ha gått med biblar på gata. Bota utgjorde ti gonger offisiell minsteløn.

For to år sidan blei ein leiar sett i arresten og deretter bøtelagd, skulda for å ha prøvd å omvenda muslimar. Bot: 100 gonger minsteløna. Kyrkja måtte skaffa hjelp utanfrå for å betala den skyhøge bota.

Politirazzia i heimen
«Danil», kona og barna har hatt politirazziar. Politifolka har trampa inn i heimen deira for å leita etter «ulovleg litteratur». Ein gong fann dei ei kristen songbok, og pastoren fekk bot.

For eitt år sidan blei «Danil» og ein kollega taua inn av politiet i ein annan by. Dei hadde med kopierte delar av Bibelen. Den godkjende usbek-bibelen kom i 2017, men berre i eit lite godkjent opplag på nokre få tusen. Kopierte utgåver er ulovlege. Dei to sat i arresten ein dag og fekk bot.

Det dei har hatt lov til fram til no, er å forkynna på russisk, altså for den godkjende kristne ortodokse minoriteten.

Men russarar flytter «heim» til Russland. Med 650 aktive vaksne er «Danils» kyrkje framleis ei av dei største evangeliske. Men talet på aktive har i fem år vore på veg ned – på grunn av utvandring for arbeid eller utdanning. At grensene er blitt meir opne, er også ei utfordring, for både land og kyrkjer.

Mildare klima
President Islom Karimov stengde i si diktatortid i praksis landet inne. Etterfølgjaren har derimot opna for utanlandske investeringar for å skaffa arbeidsplassar.

«Den andre presidenten» ryddar parkar og forenklar det blytunge byråkratiet. Før sommaren oppheva han visumplikta for 65 land, Noreg inkludert  – for å få turistar til landet.

Den varsame oppmjukinga i landet gjeld også evangeliske kristne. Nokre kyrkjer har dei siste månadane fått registrering og kan driva lovleg. Vi får høyra både talet fire og sju i eit land som knapt har registrert ei einaste ny kyrkje på snart 20 år.

Festrus i Samarkand
Ei av desse får vi besøka i Samarkand – den vakre byen frå stordomstida på Silkevegen. «Full Gospel»-kyrkja har drive som undergrunnskyrkje i årevis. Men 30. september kom brevet. Provinsregjeringa gav dei registrering som «ikkje-muslimsk, kristen organisasjon». Dei kan ha gudstenester, driva undervisning om sentrale delar av Bibelen og tilby diakoni.

Søndagen før vi kom, 21. oktober, kom 250 menneske til opningsgudstenesta. Mange måtte sitja ute. No skal kyrkja innreia kontor og rom for barn. Ein diakoniplan skal lagast. Dei har fått munnleg løyve til å tolka frå russisk til lokalspråka.

Dei er verkeleg håpefulle for framtida.

Også kyrkja til «Danil» i hovudstaden Tasjkent fekk nyleg lov til å tolka frå russisk til usbekisk, språket til dei som altså skal vera muslimar.

 

Nokre kyrkjer har dei siste månadane fått registrering og kan driva lovleg.

 

Mindre politi i gatene
– Det er blitt lettare. Men endringane er ikkje grunnleggjande. Mykje avheng av kor mykje USA vil investera. USA seier at eit vilkår for investeringar er at det blir lettare også for protestantiske kristne. Så får vi sjå kva som skjer, seier «Danil».

I juli i vart ein pastorkollega av «Danil» invitert til Washington av USA-ambassadøren i Tasjkent, til utanriksministeren sitt toppmøte om trusfridom. Regjeringa var også presentert (sjå eigen artikkel).

Det er ikkje minst blitt lettare å vera muslim. Langt mannleg skjegg og tildekte kvinner er blitt meir vanleg, til dømes på universiteta. For få år sidan var slikt i praksis ein søknad om å bli arrestert som ekstremist.

 «Danil» er glad for at oppbodet av politifolk er sterkt redusert. Ein politimann her og der på T-banestasjonane er det vi ser. Tryggingskontroll på veg inn til ekspresstoget frå Tasjkent til Samarkand og Bukhara let seg forsvara.

– Dei snakka tidlegare som om det var terroristar over alt. Det er det ikkje, seier «Danil».

 

 

Møtet mellom hijab og Cola-reklame på ein T-banestasjon i Tasjkent – symbol på Usbekistans veg?

Men huskyrkjene er framleis ulovlege. Kravet om eige bygg og 100 underskrifter bak ein søknad om registrering, står fast. Å oppfylla slike krav er heller ingen garanti for å få ja, i alle fall ikkje i muslimske nabolag som ikkje vil vita av kyrkjer.

Usbekistan har ein lang veg å gå.

 

Det var lettare å tola presset då vi var unge.

«Danil», pastor i Tasjkent

 

Fekk pusterom

Det årelange presset har slite på familien til «Danil». Kona synest det har vore tungt. Dei har barn mellom 7 og 21 år.

– Det var lettare å tola presset då vi var unge, seier «Danil».

I eit land nær Sentral-Asia støttar Stefanusalliansen Josefs Hus. Der kan pastorfamiliar frå Sentral-Asia få eit avbrot, få fellesskap i familien og hjelp til å snakka med gode hjelparar om presset. «Danil» og familien var der i ti dagar for to år sidan.

– Det var stort. Ungane hadde det flott. For kona mi var det ekstra viktig å få hjelp til å finna tilbake til seg sjølv. Vi fekk nye krefter.

«Danil» er spent. Han er skeptisk, merka av presset frå 23 år som pastor. Han trur det berre blir ei handfull kyrkjer som bli registrerte, medan resten held fram som før.

Andre er meir optimistiske, dei trur presidenten har opna landet for godt. Men kva som skjer rundt neste politiske sving i dette sentralasiatiske landet veit ingen

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 7-2019

AKTUELT

Kart over Sentral-Asia.

Politiet ødela nytestamente

Politiet gjennomsøkte en kvinnes leilighet i Bukhara i Usbekistan. De var på jakt etter et nytestamente som hun hadde fått i gave av en kristen – Shukhrat Safarov

PROSJEKT