Her er Evin-fengselet som kristne konvertittar fryktar.

Her er Evin-fengselet som kristne konvertittar fryktar.  


Det var håp blant iranske kristne at masseprotestane mot regimet tidlegare i år ville ha positiv effekt for dei. Men det har ikkje slått til. Fleire kristne er trakassert og fengsla. Dette er kristne som har konvertert frå islam, i motsetnad til dei små og godkjende armensk-ortodokse og assyriske minoritetane.

Ein iransk konvertitt, Naser Navard Gol-Tapeh, fekk nyss avslag då han anka dommen på ti års fengsel for «misjonsaktivitet». Han er nettopp sendt til Evin-fengselet for å sona, melder Mobath News som rapporterer om iranske kristne. Middle East Concern skriv også om lagnaden hans.

Dette er det same fengselet som to andre konvertittar og medlemmar av «Church of Iran» har vore fengsla i etter at dei blei arresterte 17. november i fjor, melder World Watch Monitor.

Ein av desse, Majidreza Souzanchi Kushani, vart anklaga for «å undergrave nasjonal tryggleik» ved å vera medlemmar av denne kristne gruppa, melder Middle East Concern. Han kan få ei fengselsstraff på mellom to og ti år.

På kva grunnlag den andre, Fatimeh Mohammadi, er sperra inne i kvinneavdelinga i Evin-fengselet er uklart. Andre kristne som har vore fengsla i Evin-fengselet, seier at dette er «verdas mest brutale fengsel».

Maryam Rostampour og Marziyeh Amirizadeh som i november skildra opphaldet i Evin-fengselet, fortalde om omsynslause avhøyr og psykiske truslar den gongen dei sat der – i 2009 til 2010.

Åtte år etter frigjevinga seier Rostampor: – Når folk har opplevd Evin-fengselet, vil dei aldri bli som før. Stresset er for tungt å bera. Vi kan ikkje bli dei same menneska. Vi kan ikkje vera så glade som før. Vi kan ikkje gleda oss over vanlege aktivitetar slik andre folk kan, sidan vi heile tida tenkjer på dei som framleis sit i dette fengselet.

Når folk har opplevd Evin-fengslet, vil dei aldri bli som før.

Maryam Rostampour

Ein annan konvertitt, Ali Amini, vart arrestert på arbeidsplassen sin i Tabriz 10. desember i fjor. Han sit i sentralfengselet i Tabriz, sjølv om han ikkje er tiltalt for noko kriminelt. Agentar for det hemmelege politiet ransaka arbeidsplassen hans, og dei konfiskerte PC-en og mobiltelefonen. Han er far til to små barn og kom til tru på Jesus før den islamske revolusjonen i Iran i 1979, melder Middle East Concern.

Lagnaden til iranske konvertittar er ein del av norsk asyldebatt. Ein fersk rapport som Stefanusalliansen var med på å utarbeida, slår fast at iranske konvertittar blir sende tilbake til Iran på det grunnlaget at dei ikkje risikerer noko ved å liggja lågt med trua si.

 

 

 

AKTUELT

PROSJEKT