Politi jaga kristne som kjempa for jorda si i ein landsby i Vietnam.

Politi jaga kristne som kjempa for jorda si i ein landsby i Vietnam.  


FØRST PUBLISERT SOM KRONIKK I NATIONEN 31.5.2019

Eg kom nyleg tilbake frå Vietnam og Laos. Dei er kommuniststyrte land, eller skal vi seia autoritært styrte land med ei kommunistideologisk fortid. Her er det regime som vil ha kontroll. Vil vi snakka om sentrum og periferi og om sentralmakt og lokal avmakt, som Senterpartiet er gode på, kan vi godt dra hit.

Vietnam, som geografisk er langstrekt, er i fleire landsdelar eit lappeteppe av etniske minoritetar. Vi finn minoritetsfolk både i det sentrale høglandet og i skogs- og fjellområda mot nord – i grenseområde mot både Kina og Laos.

Undertrykking
Regimet i Hanoi er på tå og hev mot alt dei mistenkjer som separatistiske ambisjonar hos etniske minoritetsgrupper i utkantane. Dette slår sjølvsagt også inn i religionspolitikken. Undertrykkinga av all religion var svært hardhendt i dei første år etter at kommunistiske Nord-Korea vann Vietnam-krigen. Det er betre no, men minoritetar vert framleis sett på med uro og vert undertrykte.

For å kunna drive ope kyrkjearbeid, må eit trussamfunn vera registrert og med det godkjent av styresmaktene. Det er ein årelang og omstendeleg prosess å bli registrert. Kyrkjelivet skal skje i godkjende gudshus. Samlingar i hus som ikkje er godkjende, er difor i prinsippet ikkje lov.

Eldreomsorg i det hinsidige
I sør har buddhismen sterk appell. Den katolske kyrkja er den største av dei godkjende minoritetskyrkjene. Det finst også muslimar. Så har vi ei rad andre trusførestellingar blant ulike minoritetsfolk, som fedredyrking eller tilbeding av guddomar som vernar landsbyen eller slekta. Å tilbe åndene til forfedrane er i ein lutfattig jordbrukslandsby i Nord-Vietnam ei form for eldreomsorg i det hinsidige. I livet før døden er det lite eldreomsorg å henta. Spørsmålet fedrane stille er: kven skal ta seg av oss etter at vi er døde?

Det tradisjonelle religiøse livet er ikkje eit indre åndeleg liv, men er tett knytt til fellesskapet i slekt eller landsby. Inn i dette støttar vi i Stefanusalliansen kristen misjon blant minoritetsfolk, formidling av kristen tru som bryt med desse gamle førestellingane.

Dyktige jordbruksfolk
Hmong-folket er eitt av desse minoritetsfolka. Dei er kjende som svært dyktige jordbruksfolk. Garden er heile livsgrunnlaget. Også hmong-folk har rett til trusfridom. Retten er garantert i artikkel 18 i Verdsfråsegna om menneskerettar – ein rett til å ha ei tru, utøva trua og å skifta tru.

Men kva skjer når ein mann eller ei kvinne frå hmong-folket i Vietnam kjem til kristen tru? På reisa mi møtte eg fleire som hadde brent husaltaret der dei hadde ofra til åndene til forfedrane.  Dei vart kasta på dør av familiefaren. Dei vart jaga frå gard og grunn. Heile livsgrunnlaget gjekk tapt. Eg møtte ein mann som hadde fått hjelp frå ei kyrkje for å skaffa seg ein ny gard. Med den hjelpa kunne han tru slik han ville og leva utan frykt for at faren kunne kasta han på dør igjen.

Eller truande får politiet på døra. Politiet mislikar sterkt nye trusførestellingar som utfordrar dei gamle. Eg møtte fleire familiar som var blitt truga av politiet som ville kasta dei ut av landsbyen dersom dei heldt fast på den nye trua.

Sentralmakt på vakt
Sentralmakta i Hanoi er på si side redd for at kyrkjesamfunn som samlar truande til gudstenester og til bibelskular, kan gje leiande minoritetsfolk ei ny plattform for politikk og separatisme. Difor er dei på vakt.

I land etter land er minoritetar under press og angrep. I India er hinduekstremistar meir og meir aggressive mot kristne som forkynner trua si for hinduar. Hinduekstremistane står enkelt sagt for ei ekstrem utgåve av ein ideologi som seier at for å vera ein god indar, må du vera hindu. Då blir minoritetar pressa ut. Hindunasjonalistane viser oss ei farleg form for religiøs nasjonalisme, å protestera mot denne er viktig, Det er også viktig å hugsa denne nasjonalistiske avsporinga når vi i vår heimlege debatt diskuterer nasjonalisme.

Muslimar er minst like sterkt under angrep som kristne i India. Medan mange hinduar ser på kua som eit heilagt dyr, er det mange muslimar som brukar kua til mat. Det er dokumentert ei rad døme på valdsangrep og jamvel drap på muslimar som slaktar kyr.

 

Senterpartiet kan utvida den utanrikspolitiske plattforma si og gå i bresjen. Tek de utfordringa, Liv Signe Navarsete og Trygve Slagsvold Vedum?

 

Under press
I fleire folkerike land går det feil meg med vernet om trusfridommen. Etniske og religiøse minoritetar er under press, ikkje minst i mektige Kina. Dette krev auka politisk engasjement også frå Noreg. Vi utfordrar Senterpartiet som ser sitt store ideologiske prosjekt  i kampen for periferi mot sentrum. I mange andre land går denne kampen tidvis på liv og død.

Noreg har trappa opp innsatsen for trusfridom og minoritetar. Senterpartiet kan utvida den utanrikspolitiske plattforma si og gå i bresjen. Tek de utfordringa, Liv Signe Navarsete og Trygve Slagsvold Vedum?

Stefanusalliansen som starta som Misjon Bak Jernteppet i 1967, er ein misjons- og menneskerettsorganisasjon med særskilt vekt på trusfridom. Hovudinntekta er innsamla midlar. Organisasjonen driv også eit stort fagleg arbeid med trusfridom, mellom anna med støtte frå Utanriksdepartementet.

 

 

 

 

 

AKTUELT

PROSJEKT