Kristne i Kina: Politiet har knebla Early Rain-kyrkja i Chengdu og fengsla Pastor Wang Yi.

Kristne i Kina: Politiet har knebla Early Rain-kyrkja i Chengdu og fengsla Pastor Wang Yi.  


I Kina vart pastor Wang Yi i den uregistrerte kyrkja Early Rain i Chengdu stilt for retten. Etter vel eit år i varetekt kom dommen: Ni års fengsel fordi han skal ha «undergrave statsmakta». Han er også dømt for «illegal forretningsverksemd».

Pastor Wang Yi vart bura inne i ein storstilt politiaksjon mot kyrkjelyden i starten av desember 2018. Han vart taua inn i retten 26. desember i fjor. Verken familiemedlemmer eller medlemmar av kyrkja slapp inn i den strengt vakta rettssalen.

Stefanusdagen
Dette skjedde altså andre juledag. I vår kyrkje er dette Stefanusdagen, ein minnedag for den første kristne martyren, Stefanus – som vi har teke namnet etter. Diverre er dette mange stader ein dag med liten oppslutnad i kyrkjebenkene. Difor blir Stefanusdagen ein lite kraftfull dag. Sjølv set vi i Stefanusalliansen kreftene inn tidleg i november, på Søndag for dei forfølgde, for å nå så mange som råd.

Men nettopp på Stefanusdagen vart altså pastor Wang Yi dømt som ein statsfiende. Sjølv har han modig leia kyrkjelyden og kritisert kinesiske overgrep både mot kristne kyrkjer og mot kinesiske forkjemparar for demokrati og menneskerettar.

Slikt blei det ni år i fengsel av. 

Kamp mot jula
20. desember, fire dagar før jul, kunne organisasjonen China Aid melda at styresmaktene i den kinesiske Henan-provinsen hadde tvinga ein fengsla pastor – Zhang Shaojie – til å ta ein for han ukjent medisin. Familien kunne fortelja at den mentale helsa hans hadde forverra seg vesentleg.

Andre stader i Kina kunne kyrkjer fortelja at lokale styresmakter hadde åtvara kristne mot offentlege tilstellingar for å feira jul, melder den kristne trusfridomsorganisasjonen CSW. På juledag stengde styresmaktene i byen Xining i Qinghai-provinsen ei uregistrert kyrkje med 300 medlemmer. Straumen vart kutta, og folk måtte ta seg ut i mørke. CSW melder at styresmaktene i byen har stengt mange religiøse bygg dei siste åra.

Kina har stramma kraftig til i religionspolitikken. Dei uregistrerte kyrkjene, dei som ikkje vil la seg registrera og slik koma under kontroll, kjem under hardare og hardare press for enten å la seg registrera, eller å risikera stenging. Også dei registrerte kyrkjene er under press for å praktisera trua etter sosialistiske, kinesiske verdiar. Trass i denne harde tilstramminga, feira millionar av kinesiske kristne jul i glede. Mange av dei kan Bibelen utanåt og er frimodige vitne om Kristus, også under press. Dei internasjonale bibelskapa spreier framleis fleire millionar biblar kvart år.

Rammar buddhistar
I Kina går dessutan kampen for politisk kontroll over religionen ut over mange truande. I Tibet vart ein stor fest for tibetanske buddhistar, Ganden Ngahoe, utsett for sterke inngrep 20. og 21. desember. Mange vart nekta å delta i feiringa av 600-års dagen for ein sentral religiøs leiar.

I tillegg til kristne og tibetanske buddhistar er muslimar under forsterka press. Farleg er det også å vera menneskerettsaktivist. Det er dessutan risikabelt å skriva om overgrep mot trusfridommen i riket til president Xi Jinping. I jula kunne det nettbaserte magasinet Bitter Winter, som rapporterer om brot på trusfridommen og andre menneskerettar i Kina, fortelja at 20 av deira folk som rapporterer frå Kina, var fengsla. Nokre sit fengsla på ukjende stader.

Bortført i Nigeria
Brutale julerapportar kjem også frå Nigeria. Nordaust i landet stod den islamistiske terrorgruppa Boko Haram bak målretta angrep for å hindra kristne i å feira jul. Det melder Stefanusallainsens kontakt, Kolade Fadahunsi, leiar i Institute of Church and Society, som vi samarbeider med i undervisning om trusfridom. I november var han og andre i Yola, hovudstaden i Adamawa-staten. Der prøvde dei å oppmuntra kristne og muslimar, mediefolk og parlamentarikarar til å forstå og kjempa for trusfridom nettopp i Nordaust-Nigeria.

Så kom nye, målretta Boko Haram-angrep mot kristne.

Boko Haram har også bortført leiaren i paraply-organisasjonen Christian Association of Nigeria (CAN) i staten Adamawa. Han vart meldt sakna 3. januar. No har Boko Haram publisert ein video der den bortførte pastoren, Lawan Andimi, snakkar. Andimi seier der at han har det bra og er ved godt mot – fordi livet hans er «i Guds hender». 

Slepp han fri!
Det er god grunn til uro for situasjonen til pastor Andimi. På same måten som Kina må møta kravet om at pastor Wang Yi må sleppast fri, må Boko Haram få høyra at vi ikkje toler at den modige pastoren er i deira fangenskap.

Neste jul bør vi som norske kyrkjegjengarar ikkje tenkja at andre juledag er ein kyrkjeleg «fridag». Vi bør gå til gudsteneste vel vitande om at dette er Stefanusdagen og minna kvarandre om at det i vår tid er Kristus-truande som nettopp i jula møter forfølging,  trakassering og fengsling, fordi dei trur på Jesus.

PUBLISERT SOM KRONIKK I DAGEN 10.1.2019

 

AKTUELT

Ung uigur-kvinne.

Kinas brutalitet er avslørt

Kinas systematiske brutalitet mot uigur-folket i Xinjiang er avslørt. Bortforklaringane frå Beijing  kan ikkje tolast. No må FN-observatørar sleppa til i leirane og Kina stå til rette.

PROSJEKT