I Mosul oppretta IS eit treningssenter i ei kyrkje, her er ruinane.

I Mosul oppretta IS eit treningssenter i ei kyrkje, her er ruinane.  


Kristne frå alle kyrkjesamfunn helsa pave Frans varmt velkommen i Irak. Det låg sterk moralsk kraft i at 84-åringen hadde mot til å reisa til eit i seg sjølv utrygt land – og det midt under pandemien. Dette var den første reisa nokon pave gjorde til Irak, og den første reisa paven gjorde under pandmeien.

Paven fekk plassert Iraks forfølgde og gløymde kristne i internasjonale mediekanalar med eit kraft ingen andre klarar. Han kunne sagt det frå Roma, men valde ei langt frå risikofri solidaritetsreise.

Frå Abrahams tid
Irak har bibelsk historie tilbake til Abraham og 2000 års kyrkjeleg historie frå apostlane. Den kristne minoriteten som har vore utsett for mange prøvelsar gjennom hundreåra, vart for alvor liten i åra etter den amerikanske invasjonen i 2003 og borgarkrigen som følgde – og etter IS-bestialiteten. 
 

«Paven hadde gjort heimeleksa», seier den irakiske kyrkjeleiaren Emanuel Youkhana. I Ur der Abraham kom frå, inviterte pave Frans til eit møte på tvers av religionar og inkluderte jesidiane som mange muslimar reknar som vantruande og som IS prøvde å utrydda. Storbyen Mosul som IS okkuperte, er viktig også for kristne. Her låg oldtidsbyen Ninive der profeten Jona vart send.

Det er berre 50 kristne familiar i dagens Mosul etter at IS dreiv titusenar på flukt i 2014. Mange av desse 50 familiane bur i Mosul og arbeider i den sjølvstyrte kurdiske regionen der dei ikkje har råd til å bu. I Mosul tek dei vare på eigedomane sine eller eigedomane til kristne som har utvandra.

Paven gjesta Karaqosh, den største kristne byen Irak, søraust for Mosul, og bad i ein restaurert IS-herja katedral, slik han også feira gudsteneste i ei terror-råka kyrkje i Bagdad.

Kritikk av regjeringa i Irak
Paven møtte også ayatollah Sistani, den viktige sjia-islamske leiaren som kallar til toleranse. «Paven gav støtte til Sistani som ikkje driv det skitne politiske spelet som ayatollah Khameni i Iran driv,» seier Emanuel Youkhana. Iran-støtta militsar herjar i Irak og pressar dei kristne på Ninive-sletta.

Paven markerte sin kritikk av regjeringa ved å ikkje vilja ta med offentlege representantar til møtet med Sistani. Ayatollah Sistani understreka at den kristne minoriteten må få like borgarrettar. Den agendaen har Iraks regjering ikkje gjort til sin. Youkhana er redd for at det berre blir ord av at regjeringa under pavebesøket erklærte 6. mars til nasjonal dag for forsoning.

Paven kravde rettferd og borgarrettar for alle – og utfordra kristne til å tilgje IS. «Men tilgjeving er meiningslaust og utan kraft dersom det ikkje vert rettferd og like borgarrettar», seier Youkhana.

 

 

 

Emanuel Youkhana (Foto: Pål Brenne)

Handling eller berre ord?
Blir pavebesøket berre eit sterkt minne, eller starten på handling. Paven har ikkje makt verken over hærar eller politikarar. Youkhana håpar og trur på meir humanitær hjelp til Iraks kristne.

Paven kom til ein splitta kristen minoritet. Eit smertefullt spørsmål er om det blir meir kyrkjeleg fellesskap i Irak.

Den kaldeiske kyrkja, pavens vertskap i Irak, er den klart største. Trond Bakkevig skreiv i Vårt Land (6.3.) at paven skulle møta ein patriark (kardinal Sako) som har brote samarbeidet med andre kristne. Mange andre kristne håpa at paven ville Sako ta opp att samarbeidet med andre kyrkjer.

Dei små evangeliske kyrkjene, som ikkje er så godt likte av nokon, sende brev til Vatikanet for å be paven ta opp med Den kaldeiske kyrkja at den må sikra meir fellesskap med andre kyrkjer, skriv Christianity Today.

Også dei andre historiske kyrkjene er skuffa, ikkje over paven, men over Den kaldeiske kyrkja. Til det tverreligiøse møtet i Ur vart tre presentantar for historiske kyrkjer, mellom andre biskopen i Kyrkja i aust, som Youkhana er vigsla i, ikkje inviterte for å møta paven. Youkhana kallar det «ei audmjuking». Han legg til: «Den kaldeiske kyrkja misbrukte pavebesøket til å auka gapet mot andre kyrkjer i staden for å byggja bruer. Det var smertefullt. Men dette var realiteten.»

Hans eiga kyrkje vaks fram etter at Nestorius vart erklært som kjettar i konsilet i Efesos tidleg på 400-talet – på grunn av synet på Kristus som Gud og menneske. Kyrkja har dei siste åra hatt framgangsrik dialog med Vatikanet om nettopp synet på Kristus.

Bruer, ikkje grøfter
Ifølgje Youkhana ville Vatikanet markera eit betra forhold med ei fråsegn under besøket. Kyrkja bad difor patriarken sin koma heim frå ei helsereise til USA. Men pave-vertskapet i Irak ville berre gje patriarken inngangskort til messa i byen Erbil, ikkje eit kort møte med paven.

Kyrkjeleiinga tok opp saka med pavens folk og åtvara mot tilbakeslag i dialogen med Vatikanet. Pavens folk plasserte difor patriarken framme under messa. Paven ønskte han personleg velkommen i talen og helsa han framfor alteret. «Paven prøvde å byggja bru der vertskapet ville grava grøfter», seier Youkhana.

Men han tvilar på betre kyrkjeleg klima i Irak etter pavebesøket. «Eg håpar, men eg trur det ikkje. Patriark Sako vil ha monopol. Partnarskap betyr gjensidig respekt. Det har ikkje patriark Sako.»

Pave Frans gjorde det han kunne for å mobilisera politisk støtte for Iraks kristne og byggja bru mellom kristne i Irak. No er det andre som må gjera heimeleksa si.

AKTUELT

Ein flyktningleir for fordrivne jesidiar  i Irak.

Pinleg vaksine-nasjonalisme

Eg er flau over norske politikarar som vil at vaksinedosar som har gått til fattige land, heller skulle blitt brukte i Noreg.

PROSJEKT