Pastor Wang er arrestert som kriminell. Foto. China Aid

Pastor Wang er arrestert som kriminell. Foto. China Aid  


Dei 100 vart arresterte tidleg om morgonen i ein større politiaksjon der politiet kom til private heimar. Både leiarar og studentar blei arresterte, melder Christian Solidarity Worldwide.

Mervyn Thomas, leiaren av Christian Solidarity Worldwide (CSW),  seier at organisasjonen fordømmer arrestasjonen av pastor Wang Yi og dei andre medlemmane i Early Rain, ei presbyteriansk kyrkje.

– I mange år har kyrkja på fredeleg vis hatt gudstenester og gitt viktig sosial hjelp til dei aller mest sårbare i lokalsamfunnet. CSW krev at styresmaktene straks og utan vilkår set fri alle dei arresterte og stoppar all trakassering av uavhengige kyrkjer. Vi ber vidare om at det internasjonale samfunnet pressar Kina til å setja fri alle som er arresterte eller varetektsfengsla på grunn av trua eller livssynet sitt og til å endra eller oppheva lovgjeving som ikkje er i tråd med internasjonale konvensjonar for trus- og livssynsfridomen, seier Thomas.

Også New York Times har rapport om politiaksjonen. Pastoren selv skrev et kraftfullt brev forut for arrestasjonen.

Arrestasjonane skjedde søndag, dagen før den internasjonale menneskerettsdagen 10. desember. Menneskerettsdagen var i år 70-års dagen for Verdserklæringa for menneskerettar. Artikkel 18 vernar tanke-, samvits- og religionsfridommen.

Spark
Ifølgje China Aid ventar pastor Wang på tiltale som kriminell. Også kona Jiang Rong vart sett i politiets varetekt, saman med over 100 i politiaksjonen. Iføgje China Aid vart fleire utsette for fysisk trakassering og spark. South China Morning Post siterer pastor Wangs mor, Chen Yaxue, på at politiet eskorterte Jiang og pastorparets to barn til henne slik at ho som bestemor skulle ta seg av barna. Jiang fekk berre vera der eit par timar. Etter den tid har ingen sett henne, skriv China Aid.

Kyrkja har også tidlegare i år vore ramma av politiaksjonar. I april melde China Aid, med pastor Wang Yi som kjelde, at nokre kristne som hadde hatt samtalegrupper heime hos seg, var blitt trakasserte av politiet og lokale tenestemenn.  To av bygga til kyrkjelyden var utsette for razziaer av det lokale kontoret for etniske og religiøse saker to søndagar etter kvarandre, og ei nettside var stengt og alle filene øydelagde.

Nekta bønnevake
I mai i år vart over 200 medlemmar av den same kyrkja fjerna eller varetektsfengsla. Politiet ville hindra kyrkja i å gjennomføra ei bønnevake for offera for jordskjelvet i Wenchuan i 2008 – altså ti år etter katastrofen som 12. mai 2018 kravde kring 70 000 menneskeliv.

Pastor Wang Yi vart varetektsfengsla av politiet 11. mai og skulda for å laga krangel og skapa problem. Han vart sett fri utpå kvelden. Pastor Wang har den siste tida kritisert at styresmaktene har gjort det vanskelegare for uregistrerte kyrkjer, som Early Rain, eller «huskyrkjer» som dei også blir kalla. Det kom fleire  innstrammingar i den reviderte religionslova som tok til å gjelda 1. februar i år.

Living Stone
9. desember var det akkurat tre år sidan politiet i Guiyang i Guizhou-provinsen stengde tre bygningar som høyrde til kyrkja Living Stone. Pastoren vart sett i administrativ forvaring. Living Stone er også ei uregistrert kyrkje som fredeleg har markert motstand mot stenging og innstramming. Pastor Yang Hua vart sett fri frå fengsel 19. juni i år etter å ha sona ei straff å to og eit halvt år.

Den andre leiaren i kyrkja, pastor Su Tianfu, vart i mai i år dømt til eitt års fengsel på vilkår og med to års ytterlegare husarrest. I Kina blir menneske som er ramma av denne forma for husarrest, ikkje plasserte i heimen, men i andre sivile bygg langt unna heimen. Etter 2015 er denne straffeforma brukt mot mange menneskerettsaktivistar. Fredsprisvinnar Liu Xiabo sat også i denne forma for arrest.
 

Innstramming
Politiaksjonen mot Early Rain kjem etter ein periode med tiltakande angrep frå styresmaktene mot både uregistrerte og registrerte kyrkjer i Kina. Nokre kyrkjer er stengde med makt og nokre religiøse bygg er jamna med jorda. Medlemmar av kyrkjer er trakasserte, det har skjedd fysiske angrep og fleire er arresterte. Det er også forbode for unge under 18 år å delta i gudstenester – det vere seg i kyrkjer eller moskear. Innstrammingane gjeld all religion.