Pastor Wang Yi i Early Rain-kyrkja i Chengdu fekk ni års fengsel før jul.

Pastor Wang Yi i Early Rain-kyrkja i Chengdu fekk ni års fengsel før jul.  


I byar som Wuhan og Beijing har kyrkjer gudstenester over internett og forbøn over chatte-kanalar, sidan koronaviruset hindrar dei i å møtast. Sjukdomsfrykta har tvinga kyrkjer til å tenkja nytt.

Men også den hardhendte, partistyrte kampanjen for å undertrykkja religion, har fått somme kinesiske kristne til tenkja både sjølvkritisk og nytt: Somme bur seg  på eit liv i vedvarande forfølging, etter nokre tiår med optimisme og friare arbeidsvilkår.

Verst sidan Kulturrevolusjonen
Midt i virusfrykta fekk truande i alle religionar møta jernkloa på nytt. 1. februar sette kommunistpartiet ut i livet nye og endå strammare reguleringar. Alle registrerte religiøse organisasjonar skal lydig støtta leiinga i kommunistpartiet og følgja «sosialistiske verdiar».

Tilstramminga i Kina er den verste sidan den blodige Kulturrevolusjonen (1966-1976). Dei friare tiåra etterpå har skapt vekst for mange religionar, aller sterkast for kristne kyrkjer. Kommunistpartiet som mistrur alle forsamlingar dei ikkje styrer, fryktar veksten.

Ein partistyrt kampanje for «kinesifisering» av religion gjeld alle dei godkjende trusretningane. Både moskear og tempel er øydelagde. Krossar er rivne ned frå mange registrerte Tre-sjølv-kyrkjer. Nye kyrkjebygg er nokre stader jamna med jorda i ei barsk handheving av byggjereglar. Sosialistiske songar er tvinga inn i gudstenester. Nokre prestar er arresterte.

Men kyrkjefolket gjev ikkje opp. Salmane står høgare i kurs enn sosialistiske pliktløp. Biblane frå det store trykkeriet i Nanjing vert rivne bort av menneske som verdset Bibelen.

Stengde kyrkjer
Også dei mange uregistrerte – og uavhengige – kyrkjene møter jernkloa. Fleire store og profilerte kyrkjer er stengde. I Chengdu fekk ein pastor like før jul ni års fengsel. Andre kyrkjer er sprengde.

Den brutale kampanjen kom som eit sjokk. Støvskyer frå dynamittsalver som legg kyrkjebygg i grus, er ikkje vakre for andre enn dei som fyrer av salva.

Vi støttar kinesiske pastorar som har våga å ta til motmæle. Men det er også god grunn til å følgja debatten blant ein del kristne i Kina. Chen Jing – eit pseudonym – summerer i bloggen ChinaSource opp sjølvkritiske spørsmål som somme kinesiske kristne leiarar har stilt etter at kommunistregimet jamvel byrja å knusa kyrkjebygg.

Kvifor hadde så mange kyrkjer i byen Wenzhou (Zhejiang-provinsen), der kommunistpartiet slo til først, brukt millionar til å byggja vakre bygg framfor å betala anstendige løner til staben og investera i unge, framtidige leiarar?

Kvifor hadde leiarar verdsett forbindelsane sine til lokale politikarar og inngått avtalar under bordet – jamvel i strid med sentrale offentlege reguleringar?

Og korleis behandlar kristne som tek ulike val under forfølging, kvarandre: skal dei som går i dei registrerte Tre-sjølv-kyrkjene, verkeleg kallast forrædarar?

 

  • VIL DU REGELMESSIG MOTTA NYHETSBREV? Meld deg på her
     

 

Kirken Golden Lampstand (Gylne Lysestake) ble sprengt i januar 2018. Foto: China Aid

Kopierte USA og Korea
Under den sterke kyrkjeveksten frå 80-talet let mange leiarar i urbane uregistrerte kyrkjer seg inspirera av megakyrkjer i USA og Korea, i staden for dei kinesiske huskyrkjene. I store byar fekk store uregistrerte kyrkjer etter tilhøva operera nokså fritt.

Men så kom sjokket. Zion-kyrkja – den største uregistrerte kyrkja i hovudstaden – vart stengt i september 2018. Kyrkja hadde mellom anna nekta å installera overvakingskamera i kyrkjerommet.

Men alt før dei første politirazziane og dynamittsalvene hadde somme leiarar, ifølgje Chen Jing, sagt at kristne leiarar måtte «koma ut av bobla av optimisme og triumfialisme». Dei måtte bu seg på hardare tider.

Då store kyrkjer brått blei stengde med statsmakt, måtte folket delast i små cellegrupper. Over natta var dei tilbake i huskyrkjene.

Eit liv i forfølging
Chen Jing refererer ein leiar i eit stort nettverk av huskyrkjer. Leiaren hadde fortalt at den hardhendte kampanjen hadde opna augo hans. Han ville slutta blindt å kopiera modellar frå USA og Korea. Denne leiaren hugsa oppveksten på landsbygda, i eit nettverk av familiar og små huskyrkjer. Han sa at kinesiske kristne må førebu seg på eit liv i forfølging og liding, med «eit kall til audmjukt å vitna for Kristus, med tenarsinn og vilje til offer».

Nokre urbane kyrkjer har også teke konsekvensen av at det er blitt vanskelegare å evangelisera – ved å satsa meir på diakoni. Chen Jing fortel også korleis somme kyrkjefolk, som lenge hadde krangla om dogme og teologi, no søkjer fellesskap. Leiarar både i huskyrkjer og i dei registerte Tre-sjølv-kyrkjer har funne at dei har mykje felles – fordi dei er under den same forfølginga.

Fordøming – og støtte
Vi skal vera tydelege i protestane mot kinesisk undertrykking.  Samstundes skal vi minna om at sjølv om kyrkjene blir mindre synlege, er kommunistregimet ute av stand til å ta livet av dei. Forfølginga er ikkje berre ein trussel, skriv Chen Jing, den peikar også på det stikk motsette: Det som skjer i Kina no, skjedde i bibelske tider.

Nettopp då fekk evangeliet kraft.

FØRST PUBLISERT SOM KRONIKK I FÆDRELANDSVENNEN 28.2.2020

AKTUELT

PROSJEKT