Kristne barn i ein landsby i Kurdistan tenner tys.

Kristne barn i ein landsby i Kurdistan tenner tys.  


Klassekampen har gjort godt greie for dei politiske og religiøse spenningane i Irak i samband med valet, inkludert Irans forsøk på å styrkja fotfestet.

Det som i høgste grad bør uroa oss er at det kanskje ikkje blir rom for dei religiøse minoritetane IS anten ville drepa eller jaga på flukt – jesidiar og kristne.

Under ei reise til Irak for kort tid sidan kom eg tett på dette, både i ein flyktningleir for jesidi-flyktningar i Kurdistan og i møte med fortvilte kristne leiarar og landsbyfolk.

For å ta eit konkret døme: Den historisk kristen-dominerte landsbyen Bartella ligg vel ei mil aust for Mosul. Etter at IS okkuperte Mosul i juni 2014 kom turen til Bartella og dei andre landsbyane på Ninive-sletta mellom Mosul/Tigris og Kurdistan.

Då IS var nedkjempa, vaks det fram eit visst håp om å venda heim, mellom anna til Bartella. Men heimane var knuste. Skular, vegar og straumliner var øydelagde. Gudshus var hardhendt medfarne.

Nokre hundre kristne familiar har vendt tilbake etter tre år på flukt i eige land. Andre ventar, anten fordi husa ikkje er reparerte. Eller fordi dei ikkje vågar.

  • Vil du bli oppdatert om trosfriheten? Meld deg på nyhetsbrev her

Sjia-press
Dels er det i heile området ei sterk frykt for at sunni-muslimske IS-krigarar gøymer seg blant sivile og er klare til å slå til på nytt ­– og at IS-ideologien ikkje er død. Dessutan er altså sjia-muslimske krefter og Iran på ferde.

Kontrollen på vegane rundt Bartella har den irakiske hæren. Før 2014 var det hæren og dei kurdiske peshmerga-styrkane som delte på kontrollen. Men inne i byen styrer no den sjia-muslimske militsen Hashd al-Shaabi.

I Duhok, den nordlegaste byen i sjølvstyrte Kurdistan, møtte eg 25 åringen Noor Sabah. Han er kristen og har arbeid på eit hotell. 6. august 2014 flykta han i det han gjekk og stod i – ein halvtime før IS-krigarane ville ha banka på døra.

Han ventar på at det brannskadde huset i Bartella blir reparert. Men han veit ikkje kva som ventar når han om få veker håpar å flytta heim. Sjia-militsen prøver nemleg å gjera Bartella om til ein sjia-dominert by.

Pessimist
Emanuel Youkhana, som leier hjelpeorganisasjonen Capni – Christian Aid Program Northern Iraq – er pessimist. «Bartella blir systematisk teken av sjia-muslimar», seier han.

Forsøket på sjia-overtaking starta før 2014. Iran investerte i byen. Sommaren 2014, like før IS kom, vart det bygt ein ny sjia-muslimsk skule. Men skulen var enno ikkje opna då IS-barbariet tømde byen for folk.

Etter at  IS vart kasta ut hausten 2016, blei skulen reparert og opna. Ein av gjestene var den iranske konsulen i den sjølvstyrte kurdiske regionen. Skulen fekk namn etter Ayatollah Khomeiny, mannen bak den islamske revolusjonen i Iran i 1979.

Namnevalet skapte så sterke protestar at skulen i staden vart kalla opp etter ein lokal muslimsk leiar. Men det sjia-muslimske presset varer. Sjia-muslimar med pengar investerer i hus og politisk nærvær. I byen heng det foto av sentrale iranske religiøse leiarar.

«Folk som vender tilbake, opplever press», seier Youkhana. Byggjeløyve blir gitt til sjia-muslimar som ikkje er frå byen. Eit byggjeprosjekt med 3 000 husvære, for sjia-muslimar, er under bygging. Det er mellombels stogga av sentral-regjeringa i Bagdad.

«Men byggjestoggen er ikkje noko å stola på. Dei vil starta på nytt om nokre månader. Den irakiske regjeringa er ein del av problemet, ikkje ein del av løysinga», seier Youkhana.

«Vi er i ferd med å tapa Bartella. Det er fakta på bakken at sjia-militsen overtek den kristne landsbyen. Dette er ikkje konspirasjonsteori,» sukkar Youkhana.

Eit anna Irak

Han er fortvilt fordi det ikkje finst spor av ein nasjonal debatt om kvifor IS kunne veksa fram i Irak. Han etterlyser eit nytt skulepensum som lærer barna toleranse og ikkje fundamentalisme, og eit lovverk som sikrar minoritetane status som likeverdige borgarar, ikkje andre- eller tredjerangs. Men han ser ikkje teikn. I staden er det spenningane mellom sunni- og sjiamuslimar og mellom arabarar og kurdarar som pregar Irak.

«Over heile Midtausten byggjer sekteriske grupper murar. Vi kristne kan byggja bruer», seier Youkhana.

Frykt
Fleire kristne aktørar i eksil og internt har kravd eit sjølvstyrt område for minoritetar, med FN-garanti. Andre trur det er ein rein illusjon å tru at nokon vil stilla med soldatar for å garantera «ei trygg hamn».

Dei sterke spenningane mellom regjeringa i Kurdistan og Bagdad-regjeringa kom til syne etter den kurdiske folkerøystinga om sjølvstende i september i fjor. Folkerøystinga vart halden også i ein del byar og landsbyar med kurdisk fotfeste utanfor Kurdistan. Etter folkerøystinga sende Bagdad-regjeringa hæren av garde for å markera revir med hardhendt våpenmakt.

Bartella er ein av landsbyane vi etter 1. april må ha irakisk pass eller visum for å koma inn i.

Youkhana meiner at dei kristne landsbyane i desse «omstridde områda» på Ninive-sletta må innlemmast i Kurdistan. Trass alt har det vore tryggare for kristne under kurdisk styre enn under sunni- og sjia-muslimsk styre i resten av Irak.

Det hastar for vestlege aktørar å leggja press på Irak gjennom både politikk, handel og bistand. Kravet må vera minoritetar og menneskerettar må sikrast i det Irak som veks fram etter IS. Tida er knapp.

FØRST PUBLISERT SOM KRONIKK I KLASSEKAMPEN 19. MAI 2018

 

AKTUELT

I skulestøtteprosjektet til Resurrection Church Beirut får flyktningbarna både læring og leik.

Ny framtid etter IS-terror

Brutale krigar og flukt frå IS har stole skulegangen frå irakiske og syriske barn. I Libanons hovudstad får 75 av dei ein ny billett til framtida.

PROSJEKT