Samling foran minnesmerke for ofrene i Youhanabad.

Samling foran minnesmerke for ofrene i Youhanabad.  


Så sterkt inntrykk gjorde det at preses Helga Haugland Byfuglien vil gjere meir for å vise støtte til kristne under ekstreme vilkår.

– Noko av det som gjorde mest inntrykk på meg er historiene om at kyrkjene var fulle søndagen etter massakrane. Vi har møtt trussøsken som har vist oss mange teikn på håp, seier Byfuglien.

Terrorbomber

Ho og Berit Hagen Agøy, generalsekretær i Mellomkyrkjeleg Råd, var i januar på ei vekes tur til Pakistan. Dei gjesta fleire kyrkjelydar som er ramma av sjølvmordangrep, mellom anna All Saints Church i Peshawar. Her mista 127 menneske livet og over 250 blei skadde i eit sjølvmordsåtak i september 2013.

Dei var også i Youhanabad der to kyrkjer – den katolske kyrkja og Christ Church – vart angripne samstundes av Taliban i mars 2015. Begge stader møtte kyrkjeleiarane menneske som hadde mista nokon av sine kjære og folk som sjølve blei skadde. Kyrkjedelegasjonen feira gudsteneste saman med dei lokale, og biskop Byfuglien forkynte.

- Besøket var uttrykk for at Den norske kyrkja har ansvar for på støtte kristne trussøsken, seier Byfuglien.

Væpna vakter

Det gjorde inntrykk å feire gudsteneste under sterke tryggingstiltak. Kyrkjelydane er pålagde å ha væpna vakter når dei feirar gudsteneste. Motet dei lokale kristne har vist var bevegande for den norske delegasjonen – dette er menneske som blir buande trass i terroren og som held motet oppe.

Byfuglien vart sterkt bevega av å sjå kor mykje det hadde å seia for dei ho møtte at ho og Hagen Agøy kom som kyrkjeleiarar. At Kirkens Nødhjelp er der med diakonalt arbeid er viktig, men støtten frå ei sentral kyrkjeleiing hadde så mykje å seia at Byfuglien og Hagen Agøy vil snakka meir om korleis kyrkja kan gjere meir av dette.

– Frykta deira for å bli gløymde av verda utanfor er der. Pakistan er komen i skuggen ikkje minst av krigen i Irak og Syria. Vi skal difor ikkje undervurdere kva det betyr for dei at kyrkjeleiarar kjem, lyttar til historiene deira, ber for dei og ber saman med dei og tek historiene heim slik eg fekk gjere under Kyrkjemøtet. Etter gjestinga i Pakistan har vi difor snakka om korleis vi kan gjere meir av dette også for kristne og kyrkjer andre stader enn dei tre stadene vi har samarbeidskyrkjer. Det er høgt oppe på blokka vår korleis vi kan bidra til dette, seier Byfuglien.

Ho vil ikkje no vere konkret. Men ho nemner planar om ein gjenvisitt til Egypt i løpet av dette året etter at pave Tawadros gjesta Noreg i 2015. Dette er eit land Stefanusalliansen har eit viktig arbeid.

Muslimske offer

Men det er ikkje berre kristne som blir ramma av diskriminering, vald og terror i Pakistan. Dei fleste som blir drepne i sjølvmordsangrep, er muslimar. For å understreke solidariteten med alle terroroffer, gjesta Byfuglien og Hagen Agøy også Army Public School i Pehawar. Her vart 132 skulebarn brutalt massakrerte i 2014.

- For oss har det vore viktig å overbringa kondolansar og omtanke på vegne av Den norske kyrkja både til kristne, muslimar og andre som er utsette for terroristane sin forakt for menneskeliv. Vi har møtt kristne, muslimar, sikhar og hinduar og snakka om korleis vi saman kan bidra i kampen mot mot vald og ekstremisme som er motivert av forskrudde religiøse oppfatningar, seier Hagen Agøy til kirken.no.

Muslimar stør kristne

Byfuglien og Hagen Agøy møtte også muslimar som stod saman med dei kristne etter kyrkjebombene. Dei snakka med lokale muslimske leiarar som var mot misbruket av blasfemilovgjevinga som rammar kristne – og til dels også muslimar. Dei er saman urolege for ekstreme krefter som går laus på både kristne også andre minoritetar.

I det gjennomislamske landet bur det opp under to prosent kristne. Hinduar, sikhar og andre minoritetar utgjer saman med dei kristne kring fem prosent av folket. Pakistan er eitt av landa der religiøse minoritetar har det svært vanskeleg. Dei vert utsette for diskriminering i lovverket, forskjellsbehandling i arbeidslivet og sosial trakassering. Taliban og andre ekstreme grupper har stått bak brutale terrorangrep.

Helsar

12. februar starta Stefanusalliansen feiring av 50-års jubileet – i november 1967 blei Misjon Bak jernteppet, som organisasjonen heitte frå starten, skipa.

Byfuglien sender denne helsinga til jubilanten:

– Eg gratulerer Stefanusalliansen med eit flott jubileum, med ønskje Guds velsignelse over et viktig og verdifullt arbeid til beste for kristne søsken i den verdsvide kyrkja.