Ei knust kyrkje i Irak etter IS-herjingar.

Ei knust kyrkje i Irak etter IS-herjingar.  


Bestialiteten til Den islamske staten (IS) kjende ingen grenser då dei djevelske kreftene vart sleppte laus i Nord-Irak og Syria. Al-Qaidas terrorangrep hadde sendt sjokkbølgjer. Men dei svartkledde IS-krigarane overgjekk Al-Qaida i brutalitet og kalifat-ambisjonar.

Medan Noreg diskuterer det openberre ansvaret for å berga uskuldige born av IS-krigarar, er det verdt å sjå korleis IS har endra Midtausten.

Djup mistru – ny tru

I Irak prøver kristne og andre minoritetar å stabla livet på beina igjen. Dei er fylte av djup mistru etter at muslimske naboar i frykt eller overtyding støtta IS. Det krev eit enormt arbeid å gje minoritetar status som likeverdige borgarar – og ikkje som framleis kua minoritetar som kan bli offer også neste gong ei terrorgruppe nører opp diskriminering og hat.

På den andre sida: IS har endra korleis mange muslimar oppfattar islam, også inne i Syria. Dei fleste som flykta frå krig og terror i Syria og Irak, var trass alt muslimar – foreldre ville berga barna sine.

Ikkje minst i Libanon – som har teke imot halvannan million krigs- og terrorflyktningar – ser vi korleis mange med muslimsk bakgrunn har fått nok av islam. Mange blir ateistar. Andre oppsøkjer kyrkjer, og ein god del konverterer.

Det kan vera lett å mistenkja at dette er eit halmstrå for å prøva å få asyl i Vesten. Det finst sikkert slike døme. Men dei som arbeider nær søkjande menneske med muslimsk bakgrunn, som ein kyrkjelyd Stefanusalliansen samarbeider med i Beirut, ser at det er noko langt djupare som skjer. Krigs- og terrorflyktningar i kyrkjedøra fortel om djupe traume etter krig og terror i islams namn. Dei fortel om åndelege draumar og syner, og om overveldande møte med kristen kjærleik utan krav.

Gravferdsklokker?

Det er for tidleg til å vita noko om dei langsiktige følgjene av denne «stille revolusjonen». Men ein sentral, kristen islam-kjennar som baptistteologen Martin Accad i Beirut, trur at bølgja av nye truande kan endra Midtausten. Han ber folk venta med å kima med gravferdsklokker for det kristne nærværet. Medan historiske kyrkjer diverre blir svakare av flukt og utvandring, kan vi få vekst av grupper av truande med muslimsk bakgrunn.

 

Vi må driva religionskritikk. Vi må protestera mot vald og krevja oppgjer med demonisk koran-bruk. Vi må forsvara retten til fritt og utan fare å skifta tru.

 

Men då må kristne i og utanfor Midtausten opna dørene framfor å stengja dei. I fleire land i Midtausten fortel konvertittar at dei blir møtte med skepsis. Det er til å forstå at ei kyrkje i Egypt er uroleg for kva som løyner seg i eks-muslimen, så sterk vekt som kyrkjene må leggja på å sikra seg.

Konvertittane kjenner seg heller ikkje alltid heime i prestestyrte kyrkjer. Eller dei er redde for kyrkjer som terrormål. Uansett treng dei støtte og opplæring.

«Det sanne islam?»

Sjokket over IS-bestialiteten var massivt. Somme kristne stemmer fekk vatn på mølla: IS er «det sanne islam», sjå kva «fredens religion verkeleg er». Kommentarfelta boblar.

Martin Accad ved Arab Baptist Theological Seminary i Beirut forstår islam-redsla, han møter den blant studentar frå heile Midtausten. Han avviser påstanden om at IS ikkje har noko med islam å gjera og rosar sunni-muslimske lærde som nytolkar koranvers som IS brukte for å rettferdiggjera vald.

Samstundes åtvarar Accad i den ferske boka «Sacred Misinterpretations»(«Heilage misforståingar») mot å hevda at «sann islam» er ein valdsideologi. Han går ut mot «fem kristne mytar», og skriv at dette er den som for tida er vanskelegast å få bukt med.

Islamske ekstremistar har i eit par tiår gitt rikeleg grunn til frykta at islam har ein global, valdeleg agenda. Accad noterer seg at det i somme kristne sirklar finst folk «som nærast er takksame for» at kriminelle grupper «endeleg har vist islams sanne andlet».

Men Accad spør kva vi oppnår med å hevda at «det sanne islam» er vald og kva det fører til å skulda muslimar som tek avstand frå vald i islams namn, for å lyga. Kristne som argumenterer slik, gir i praksis støtte til valdsteologien til muslimske ekstremistar, meiner han.

Accad skriv at ingen religion er absolutt valdeleg eller absolutt fredeleg. Alle religionar er i historiske periodar blitt manifesterte gjennom vald utført av truande. Motsett kan alle religionar bli styrte av sine teologar og leiarar slik at dei viser seg i fred og kjærleik. Han ber difor kristne, muslimske og jødiske teologar om brei dialog om det som skil og det dei saman kan gjera for vårt felles beste.

Elendig misjonsstrategi

Vi må driva religionskritikk. Vi må protestera mot vald og krevja oppgjer med demonisk koran-bruk. Vi må forsvara retten til fritt og utan fare å skifta tru. Vi må krevja like borgarrettar også for minoritetar i Midtausten, som bolverk mot nye terrorforsøk på å jaga eller utrydda «andre- og tredjerangs» menneske. Valden ligg løynd i eit ideologisk system som lærer at berre muslimar er fullverdige borgarar, påpeikar den irakiske muslimen Amina Golden Hasan.

Så må vi ikkje skulda muslimar som snakkar mot vald, for å vera løgnarar. Slik ordbruk er også ein elendig måte å forkynna kristen tru på. Misjon er ikkje polemikk, men kjærleik. I ord og handling.

FØRST PUBLISERT SOM KRONIKK I STAVANGER AFTENBLAD 26.9.2019

 

  • Vil du gi en gave til Stefanusalliansena rbeid for gjenoppbygging i Irak? Gi en gave her. Merk gaven: Irak

AKTUELT

PROSJEKT