Fatemeh Bekhtari, ein av dei aktive kristne i Iran, skal sona eitt års fengsel. Ho får to års forbod mot å møta andre konvertittar.

Fatemeh Bekhtari, ein av dei aktive kristne i Iran, skal sona eitt års fengsel. Ho får to års forbod mot å møta andre konvertittar.  


Då den iranske utanriksministeren Mohammad Javad Zarif gjesta Stortinget, ville han ikkje ta kvinner i handa. Det slapp han – Irans mann vart møtt med smil av Erna Solberg, Ine Marie Eriksen Søreide og Anniken Huitfeldt.

Eg håpar at dei som møtte den smilande representanten for det harde diktaturet, tydeleg sa frå om Irans overgrep mot trusfridom og andre menneskerettar. Dei må ha blikket festa på det hardhendte iranske maktapparatet som vil knebla kyrkjene av muslimar som er blitt kristne.

Eitt års fengsel for å vera i husgrupper
Laurdag møtte Fatemeh Bakhteri opp i det berykta Evian-fengslet i Teheran for å starta på soninga av ei fengselsstraff på eitt år. Ho må sona for å ha drive «propaganda mot regimet» – ved sin aktivitet som konvertitt. Ho har nekta å slutta å ha gudstenester med andre konvertittar. Ho fekk høyra at dersom ho fornekta den nye trua si, ville ho sleppa straff. Men ho kunne ikkje.

Difor er Fatemeh Bakhteri no sperra inne. Ho har også fått to års forbod mot all sosial aktivitet etter at ho kjem ut av Evian – det vil hindra henne i å møta andre konverterte.

Kristne i Iran: Familie blir fengsla
I morgon møter to kristne i Iran i retten i Teheran. Dei har anka straffer på fem og ti års fengsel. Sjansen for at dommane blir ståande er diverre stor. (NB: Dommaren møtte ikkje opp i retten, rettshøyringa er difor utsett på ubestemt tid.)

Ekstra sterk blir tysdagen for ein pastorfamilie. Shamiram Issavi Khabizeh har ein dom på fem års fengsel. Ho får ankesaka opp tysdag. Shamiram og pastormannen hennar, Victor Bet Tamraz, har leia husgrupper for konverterte – det er eit åtak «mot den nasjonale tryggleiken», heiter det i dommane. Victor er dømd til 10 års fengsel.

Bryt trosfrihet
Shamiram er også dømt for å ha «trena kyrkjeleiarar og pastorar til å opptre som spionar». Sonen til pastorparet, Ramiel Bet Tamraz, er dømt til fire månader for «spreiing av kristen propaganda».

Familien hadde håpa at ankesakene til alle tre skulle koma opp samla. Organisasjonen Article 18 som kjempar for iranske kristne frå London, melder at det berre er saka til Shamiram som kjem opp tysdag – saman ei anna sak. Victor og sonen Ramiel må venta i det uvisse.

Dottera til pastorparet, Dabrina, er skuffa over at sakene til foreldra og broren ikkje kjem opp samstundes. Ho fryktar at regimet vil slita ut familien og pressa dei til det yttarste for at dei skal gje opp og dra frå landet. Det har mange opplevd før.

Tamraz-familien er assyriske kristne som har grunnlovsfesta rett – som historisk minoritet – til å praktisera trua si i Iran. Men det må skje på assyrisk – dei må ikkje snakka om trua for muslimar, på nasjonalspråket farsi. Men pastorparet byrja å leia husgrupper for konvertittar. Då blei det bråk og fengselsdommar. Dei har vore ute mot kausjon sidan 2017 og 2018, før ankesakene kjem opp.

Kristen kyrkje i vekst
Då ayatollah Khomeiny kom til makta i 1979, var det knapt nokon konvertitt i Iran. Men det hardhendte sjia-styret har gjort at mange muslimar vender islam ryggen. Så sterk har veksten av konvertittare vore at regimet er blitt skremt.

Prestestyret og politiet deira skaffar seg informasjon, tvingar fram tilståingar, sperrar nokre leiarar inn i fengsel og pressar langt fleire til å dra frå landet. «Det er lettare å pressa folk ut enn å fylla fengsla», seier iranaren Mansour Borji som leier organisasjonen Artikkel 18.

Etter kvart som kyrkjeveksten kom, har regimet stramma til. I 2005 vart det slutt på at berre leiarar fekk straff, då risikerte også medlemmar av huskyrkjene å bli rettsforfølgde.

Deretter byrja regimet å slå til mot leiarar i dei godkjende minoritetskyrkjene fordi også dei tok imot konvertittar. I 2013 vart ei stor pinsekyrkje i Teheran stengd. 80 prosent av kyrkjelyden var då menneske med muslimsk bakgrunn. Gudstenestene blei haldne på farsi.

For tre år sidan vart så straffenivået skrudd opp – frå 5-6 år til 10-15 år bak murane. «Regimet har oppdaga at dei kunne auka straffenivået utan protestar,» seier Mansour Borji i Artikkel 18. Minst 12 sonar for tida straffer på ti år eller meir.

Modige kristne i Iran
Det har gjort sterkt inntrykk å høyra vitnesbyrda til iranarar som har konvertert eller er leiarar for konvertittar. Eg har møtt folk som er blitt arresterte, pressa for store kausjonar, overvaka og trakasserte – og i praksis blitt tvinga ut av Iran med trussel om mange år bak murane om dei blei verande.

I sjia-styrte Iran er det regimet som trugar dei konverterte, folk flest er ingen trussel. I land dominert av sunni-islam, kan derimot familien eller ekstremistgrupper bruka alt frå utfrysing til drap når nokon konverterer.

I somme land er det brutale straffer for fråfall frå islam. I Iran er det i praksis slutt på dødsstraff – pastor Yusuf Nadarkhani som no har sona det første av ti års fengsel, fekk dødsdommen oppheva i 2010.

Sabelrasling farleg

Vestleg politisk press mot Iran for brot på trusfridommen er viktig. Eg trur på den andre sida at det er svært farleg – også for dei veksande undergrunnskyrkjene i Iran – dersom Trump held fram sabelraslinga mot Iran. Blir det krig, kan sjia-regimet med ny styrke fyra opp den ugrunna, politiske propagandaforteljinga om at huskyrkjene er agentar for USA og Israel. Kristne konvertittar blir offentleg framstilte som farlege «sionistar» og «agentar» – jamvel om dei kristne ikkje er noko anna enn frimodige vitna for trua si.

Mange stader i Midtausten er kristne blitt heimlege skyteskiver etter vestleg maktbruk. Denne farlege dynamikken må kristne som ivrar for Iran-konfrontasjon, sjå.

Ny tid for kristent nærvær

I fleire land i Midtausten er det så sterk vekst av muslimar som konverterer at det kan bera bod om ei ny tid. Berre sjå Libanon – mange som har flykta frå krig og IS-terror, har funne ei ny tru i kyrkjer i Beirut.

Dei historiske kyrkjene er i fleire land svekka av flukt og utvandring. Men kristent nærvær kjem i ny form. Vår oppgåve er å støtta dei nye truande og hjelpa til med trus- og leiaropplæring – og kjempa for fred.

Kronikk i Dagen 3.9.2019

AKTUELT

Iran kjører en hardere linje mot muslimer som er konvertert til kristendom.

Iran: Syv arresterte satt fri

Syv av de ni kristne som de siste ukene er arrestert i Rasht i Iran, er nå satt fri mot kausjon mens de venter på å bli stevnet for retten.

PROSJEKT