To gonger sist veke blei eg kontakta av norske kristne som uavhengig av kvarandre hadde fått formidla ei alarmerande melding frå India. Dei vart utfordra til å varsla og be, og det hasta! Varselet, på engelsk, var ille: «20 kyrkjer vart brende sist natt. I natt vil dei øydeleggja meir enn 200 kyrkjer i provinsen Olisabang. Dei vil drepa 200 misjonærar dei neste 24 timane. Alle kristne gøymer seg i landsbyane. Be for dei og send denne meldinga til alle kristne du kjenner verda over. (...) Be for dei 22 kristne misjonærfamiliane som er dømde til å bli avretta.» Meldinga var signert «With Love. Joyce Meyer».

Eg skal ikkje namngje norske kristne som sende meldinga vidare. Kristne kan bli redde og tenkja at det hastar både å varsla og be.

Eit anna alternativ er først å sjekka fakta, slik dei gjorde som kontakta oss.

Eg gjorde eitt søk på nettet. Den same meldinga med det same talet brende kyrkjer og drepne misjonærar dukka opp: Den var spreidd i februar 2010. I april det året vart varselet faktasjekka og funne å vera falsk alarm.

Eg blei kontakta i fjor også. Svaret både då og no er: Vi veit ikkje noko som tyder på at dette er sant. I 2010 sa pastor Samuel Stephens i India Gospel Leauge (IGL) til faktasjekkar-nettstaden Snopes at han ville vore ein av dei første som fekk vita om det, dersom dette var sant, sidan IGL har eit stort nettverk av kyrkjeplantarar og pastorar.

Det falske ryktet hadde «gått viralt» også før 2010. Det vert spreidd i stor fart – på WhatsApp, Messenger eller Facebook-sider til enkeltpersonar eller kyrkjelydar med internasjonale nettverk.

No er det i gang igjen. Ikkje skuld på internett. Det er kristne menneske som spreier falske rykte og trur dei gjer andre kristne ei teneste. Men hjelper det verkeleg å be dersom ein spreier grove løgner om andre samstundes?

 

Men hjelper det verkeleg å be dersom ein spreier grove løgner om andre samstundes?

 

Då eg torsdag kveld fekk spørsmål om dette kunne vera sant, hadde eg på TV sett bilete av syklonen som gjorde at ein million indarar måtte evakuerast. Det er nok å be for, om vi held oss til det som skjer.

Faktasjekkaren Snopes slo i 2010 fast at «provinsen Olisabang» finst ikkje. Faktasjekkaren Boom kontakta i april i år evangelist Joyce Meyer som skal ha signert varselet. Hennar folk seier at meldinga ikkje kjem frå henne.

2010-utgåva plasserte drapsviljen på «buddhistiske ekstremistar». Men det finst nesten ikkje buddhistar i India. I den versjonen eg har sett no, står det ingenting om kven «dei» – drapsmennene – er.

Det finst mange hindu-ekstremistar som angrip kristne og kyrkjer, og det hender også at kyrkjer blir tende på. Det har vore vekst i verbale og fysiske angrep kristne – og på muslimar – sidan 2014. Det kjem stadig meldingar om at gudstenester og bønemøte blir brotne opp av ekstremistar eller politi. Det er val i India i desse dagar,

Så kristne vener – ver gjerne i bøn, men basert på sanning og ikkje løgner.

FØRST PUBLISERT I SPALTA ‘I FOKUS’ I DAGEN 6.5.2019

Vil du støtte kampen for trosfrihet?

Trosfriheten utfordres og krenkes i mange land. Gi et bidrag til vårt arbeid.

Gi en gave