Kristne i Kina: Early Rain-kyrkja i Chengdu blei stengt av politiet. Kyrkjefolket måtte tilbake til små grupper.

Kristne i Kina: Early Rain-kyrkja i Chengdu blei stengt av politiet. Kyrkjefolket måtte tilbake til små grupper.  


Først publisert som kronikk i Dagen, 23.4.2020

Kva gjer koronakrisa med oss som kristne? Somme leitar for tida gjennom Det gamle testamentet for å finna gode døme på at pest er Guds straffedom over synd.

Eg skal ikkje gå inn i den pågåande debatten i Dagens spalter om forkynninga i Den norske kyrkja. Eg vil derimot løfta fram korleis pesten rammar menneske som vi har ei plikt til å gje ei stemme.

Kristne i Egypt – pest og orkan
For dersom pesten skal lesast som Guds straffedom over synd, kva skal vi seia til fattige kristne i Kairos slumstrøk? Dei vart i mars ramma av ein dødeleg orkan samstundes som vi alle Egypt inkludert fekk koronakrisa. Dei fekk ein naturkatastrofe og pesten samstundes.

For vel ti år sidan levde verda i frykt for den pesten som vart kalla «svineinfluensa». Namnet fekk muslimske ekstremistar til å krevja at regjeringa i Egypt slakta ned alle dei over 300.000 grisane i landet. For muslimar er grisar ureine dyr. I 2009 vart grisane, heilt feilaktig skulle det visa seg, dessutan gitt skulda for pest.

Grisane var ein viktig del av livsgrunnlaget for dei aller fattigaste kristne som brukte dyra til å handtera delar av søppelberget i Egypt. Dei mest sårbare vart også då dobbelt ramma då pesten herja.

Minoritetar dobbelt ramma
Koronakrisa er ei tid for å leva oss inn i liding verda over. Menneske som frå før er ille ute, som religiøse minoritetar, kan nettopp bli dobbelt ramma. Den omfattande overvakinga mot viruset vil diverre også bli brukt for å kontrollera grupper som totalitære regime vil ha full kontroll med, det vere seg i Kina eller Iran. Vår uro og vår protest er viktig.

Som kristne har vi ikkje noko svar på koronaviruset. Ikkje skal vi ha det heller, skriv teologen N. T. Wright i nyhendemagasinet Time. Heller enn å jakta bibelske svar når pesten herjar, er dette ei tid for å henta fram den bibelske tradisjonen for klage, skriv han. Klage er når folk ropar «Kvifor?» og ikkje får svar. Klage er når vi løftar oss frå sjølvsentrert uro for våre synder til å sjå lidinga i verda, skriv Wright.

Det er grufullt å sjå pandemien slå til i Italia og New York. Tanken på kor brutalt pesten kan koma til å herja i ein flyktningleir eller i eitt av verdas slumstrøk er ikkje til å halda ut.

Rik bibelsk tradisjon for klage
Vi har ein rik bibelsk tradisjon for klage når det som skjer rundt oss ikkje er til å fatta. Vi kan gripa til Salmane.

«Ver meg nådig, Herre, for eg er kraftlaus. Læk meg, Herre, kroppen skjelv av redsle, mi sjel er gripen av frykt. Herre, kor lenge?» heiter det i Salme 6.

«Vil du gløyma meg for alltid?» heiter det i Salme 13. Eller som det i denne koronatida så treffande heiter i Salme 88: «Eg er stengd inne, eg kjem ikkje ut.»

Men klage er ikkje berre ein måte å få ut sinne og frustrasjon på. N. T. Wright minner oss på at Den heilage ande klagar saman med oss. Sjølv i isolasjon kan vi bli små skrin der Guds nærvær og kjærleik kan få bu. Ut frå dette kan det dukka opp nye måtar å elska på, ny vitskapleg kunnskap, nytt håp og kanskje til og med ny visdom for våre leiarar, skriv han.

Det treng vi. Ikkje minst no.

Kristne i Kina og oss
Kva lærer vi som kristne når pesten herjar over landegrenser? Det kom til dømes som eit sjokk at også vi i Vesten brått stod utan eit kyrkjebygg å invitera til.

I bloggen ChinaSource fortel Brent Fulton om eit lokalt kyrkjeleg møte ein stad i USA. Dei såg eit nettintervju med ein pastor frå Wuhan, den kinesiske storbyen som var episenteret for koronaviruset.

Wuhan-pastoren fortalde om portforbodet og om gudstenester, forbøn og undervisning på internett, i sosiale medium og ulike appar.

I fleire veker hadde dei kreativt jakta på måtar å nå ut med evangeliet på. Wuhan-pastoren spurte: «Kva om di kyrkje brått måtte bli nettbasert?» Møtefolket i USA byrja straks å be for truande i Kina.

Pinse i unntakstilstand
Men få dagar etterpå small det i land etter land. Over natta måtte også norske kyrkjefolk gjera det same som Kinas kristne hadde gjort lenge. Mykje godt kom ut av dette digitalt i faste- og påsketida. Mykje må enno lærast. Snart er det pinse, nok ei kyrkjeleg høgtid i unntakstilstand.

Kristne og kyrkjer verda over sit nett no i same båt. Dei digitale kanalane er dei einaste til å nå breitt ut. Over alle landegrenser har vi også det felles at vi alle kjenner uro. Vi som har oljemilliardar å kvila på, er ikkje fritekne, sjølv om andre har langt større grunn til framtidsfrykt.

Kristne i Kina veit kva uro er
Kinesiske kristne var ikkje berre tidleg ute med gudstenester på nettet. Dei veit også kva uro er under hardt politisk press og trusselen frå eit virus. Vi har lett for å tenkja at kinesiske kyrkjer treng vår hjelp. Men vi i Vesten har ingen grunn til å tru at vi sit i førarsetet. Kan vi ta til oss frimod og ekte kinesisk glede over Bibelen? Kan dette få prega det norske kyrkjelydar no sender ut på internett?

Digitalt formidla gudstenester har gjennom koronakrisa samla familiar i mange heimar. I mange land må kristne til dagleg leva truslivet i huskyrkjer, fordi dei ikkje har lov til eit offentleg trusliv.

Huskyrkjer
Norske kristne har fått ein sjanse til å erfara litt av dette. Pastorar og prestar kan gjerne minna om livet for truande i Iran og Kina når dei brukar YouTube og Facebook til å formidla kristen tru til norske «huskyrkjer».

Pandemien viser oss på ein handgripeleg måte kor tett verda er kopla saman, skriv Brent Fulton i ChinaSource. Virus kryssar grenser like fort som varer og menneske. Den første naturlege reaksjonen på pesten var å stengja grenser og isolera oss i heimar.

Men like lite som vi kan bli verande i heimeisolasjon kan vi bli verande i isolasjon frå verda rundt oss. Korleis vi skal leva etter denne krisa, veit vi ikkje.

Men eitt er sikkert. Ansvaret vårt for menneske i naud vert endå viktigare. Pandemien gjev oss ein unik sjanse til å visa at vi som kristne er eitt. I Kristus.

AKTUELT

PROSJEKT

Egypt: Stefanusbarna

På «søppelfjellet» i Kairo bor det tusenvis av kristne familier som er overlatt til å leve i, og av, storbyens søppel. Inspirert av Jesu kjærlighet har Mama Maggie gjennom tre tiår bygget opp et arbeid som kalles Stefanusbarna. Stefanusalliansen støtter dette arbeidet.