Baptistar og pinsevener vert hardast ramma av anti-misjonslova. Biletet viser ein dåp i Vladivostok i 2006.

Baptistar og pinsevener vert hardast ramma av anti-misjonslova. Biletet viser ein dåp i Vladivostok i 2006.  


 

– Truande er redde for å dela Guds Ord med folk, fordi dei er redde for bøter. Politi og rettsvesen reknar all kyrkjeaktivitet som misjon, som absolutt ikkje er tilfelle, seier advokat Vladimir Ozolin til Forum 18 Newsservice. Ozolin representerer den største av dei tre paraply-organisasjonane for russiske pinsevener.

Lova rammar i praksis både å forkynna, be, dela ut religiøst materiale og til og med svara på spørsmål om tru utanfor godkjende stader for religionsutøving.

I praksis er det berre den russisk-ortodokse kyrkja som kan driva misjon. Alle andre trusretningar blir sett på med mistenksame augo – som utanlandsk innblanding, ekstremisme og trugsmål mot nasjonen.

I haust og vinter vart pinsevenene sitt Eurasian Theological Seminary fråteke lisensen etter at inspektørar sjekka teologiutdanninga. Seminaret har enno ikkje fått tilbake lisensen. I januar vart Baptistunionens sitt teologiske seminar i Moskva suspendert i 60 dagar, med forbod mot å ta imot nye studentar. Suspensjonen er no oppheva, melder Forum 18 Newsservice. Forum 18 held eit vake auga med situasjonen for trusfridommen i landa som var med i Sovjetunionen.

Stilte for retten
I 2018 vart det, så langt Forum 18 News Service har fått oversyn over, teke ut 159 tiltalar i Russland for påståtte brot på den snart tre år gamle anti-misjonslova. 56 organisasjonar og  103 enkeltpersonar vart rettsforfølgde.

Dette var rett nok ein nedgang frå 193 saker 2017, det første heile året med den strenge lova. Ein viktig grunn til nedgangen er at Jehovas Vitne blei forboden i juli 2017 som «ekstremistorganisasjon». Medlemmar av Jehovas Vitne risikerer reine kriminalsaker.

Ein annan grunn til nedgangen kan vera skremselseffekten anti-misjonslova har. Evangeliske kristne og andre er blitt meir redde for å halda aktivitet som kan tolkast som forboden misjon.

Hare Krishna rapporterer om ein atmosfære av frykt, fortel United Commission on International Religious Freedom i årsrapporten sin.

Høgsterett og Konstitusjonsdomstolen har gjort noko for å tydeleggjera lova. Men pinseven-advokat Ozolin seier at «politi og påtalemakt ser ut til å ha ein plan for kor mange saker dei skal etterforska og så sender dei alle saker til retten».

Straff for bønemøte heime
Anti-misjonslova blir brukt til å kontrollera og straffa ikkje berre offentleg utøving av tru, men også det som skjer i private heimar. Svært mykje blir definert som forboden «misjonsaktivitet», både å posta videoar på sosiale media og å be saman med vener heime, skriv Forum 18.

Advokat Ozolin seier at det kjem fleire og fleire «alarmerande meldingar om tiltalar» frå meir avsidesliggjande delar av Russland.

Sjølv om det er blitt færre tiltalar, er sjansen for dom blitt større for den som blir tiltalt, skriv Forum 18. 159 tiltalar førte til 132 dommar, 129 av dei enda med bøter. Anker fører svært sjeldan fram.

Søkjer juridiske råd
Pinseforsamlingar søkjer i aukande grad advokatråd om korleis dei skal opptre for å unngå å få politi og påtalemakt på nakken. Advokat Ozolin har difor laga fleire kurs for lokale pinseforsamlingar om korleis dei skal leva og overleva under anti-misjonslova.

Talet på bøter for å ha arrangert bønemøte i private heimar har vakse sterkt under anti-misjonslova. Ein advokat samanliknar rettstilstanden med å bøteleggja ein bilførar fordi passasjeren hans drikk te – med den grunngjevinga at vegen ikkje er bygd for å drikka te.

Baptistpastor G. Gryaznykh vart bøtelagd i januar 2018. På huset sitt hadde han hengt opp eit skilt der det stod at dette var eit bedehus som høyrde til «International Council of Churches of Evangelical Christian-Baptists». Dette er dei baptistane som vart forfølgde i Sovjet-tida etter at dei på 60-talet braut med den registrerte baptistkyrkja. Retten fann at skiltet viste at pastoren ville spreia informasjon til ikkje-medlemmar, og at dette difor var brot på lova.

Hardast ramma
Nær sagt alle trusretningar har opplevd rettssaker retta mot trussamfunnet eller mot enkeltpersonar, melder Forum 18. Protestantiske kyrkjer er hardast ramma. I 2018 vart pinsevener, baptistar og andre evangelikale kristne utsette for heile 89 av dei 159 tiltalane.

Hare Krishna vart ramma av 19 tiltalar, muslimar av 17, jødar av åtte. Adventistane vart utsette for fem. Berre ei einaste sak vart retta mot nokon i den russiske ortodokse kyrkja som har ei særstilling i Putins Russland.

I 2018 vart det forresten for første gong reist tiltale mot nokon i Den katolske kyrkja og i Metodistkyrkja. Bibeldistributørane Gideon fekk ein dom mot seg i 2017. Frelsesarmeen i Vladivostok vart i desember 2017 dømde for å ha distribuert biblar utan å bruka sitt fulle namn på biblane. Frelsearmeen nådde ikkje fram med anken til Konstitusjonsdomstolen.

Så langt i år er to baptistar bøtelagde for å ha delt ut religiøs litteratur på ein busshaldeplass, og ein buddhist er straffa for å ha arrangert meditasjon.

Menneske som lever ut trua si, har tydeleg meir i vente

Følg situasjonen i Russland på forum.18/org

 

Anti-misjonslova

• Signert av president Putin 6. juli 2016

• Del av lovverk mot terrorisme.

• All religiøs tale eller aktivitet som ikkje uttrykkjeleg er godkjent og skjer i godkjende bygningar, er kriminalisert.

 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS, 4-2019. BESTILL GRATIS BLAD HER

AKTUELT

PROSJEKT