Den russisk ortodokse kyrkja har skaffa seg privilegium under Vladimir Putin.

Den russisk ortodokse kyrkja har skaffa seg privilegium under Vladimir Putin.  


Då Sovjetunionen braut saman mellom 1989 og 1991, vart det slutt på den harde kommunistiske undertrykkinga av kyrkjeliv og religion. I staden for risikabel bibelsmugling frå tida med jernteppet, vart det storstilt bibeldistribusjon og ivrig misjon.

Det kom skarar av kristne – og ikkje-kristne – misjonærar til Russland og andre land som hadde ligge bak Jernteppet. Ifølgje det kristne Wheaton College i USA var det i 1994 meir enn 1100 kristne misjonærar i Russland og dei 14 andre tidlegare Sovjet-republikkane.

Det var kø av misjonsframstøytar, både kloke og sikkert nokre mindre kloke. Det var ikkje alle som hadde god kjennskap til lokalt kristenliv eller forstod seg på det ortodokse kyrkjelivet, truslivet og kulturen i aust.

I Ungarn leigde til dømes Faith Church ein stor idrettshall i Budahøgdene, over hovudstaden Budapest. Nokre tusen kom for ei amerikansk blanding av bøn, vitnesbyrd om omvending, preiker, religiøs rock, dans, tungetale og handspålegging, fortel NTNU-professor Sabrina Ramet i boka «Nihil Obstat» frå 1998 – om religion, politikk og sosial endring i Russland og andre delar av Aust-Europa på 90-talet.

I oktober 1995 var det blitt ein halv million baptistar i Ukraina – i 7500 kyrkjer. Innpå 300 000 Jehovas Vitne var registrert i Polen, tidlegare Sovjet og fleire republikkar i Aust-Europa.

 

Når til dømes evangeliske protestantar vert stempla som sekter og lovbrytarar, kan forordningane i framtida legitimera sterke offentlege inngrep mot dei.

 

«Destruktive krefter»

Dei ortodokse kyrkjene reagerte med uro og tidvis rein fiendskap mot nykomarane. Metropolitt Iohann skreiv i eit ope brev til borgarmeisteren i St Petersburg i august 1992 at han med alarmerande uro hadde observert «ein sterk vekst i angrep frå destruktive krefter som er fiendtlege til austleg ortodoksi og som prøver å dra fordel av den økonomiske og politiske kollapsen til gudsfornektande Sovjet-staten og som prøver å villeia folket vårt».

Metropolitten frykta at nykomarane kunne utløysa «eit moralsk forfall som det hardt prøvde russiske folket aldri har opplevd før.» Han åtvara mot «falske profetar og falske lærarar» og kravde vern av «Heilage Russland».

Den russisk ortodokse kyrkja er den einaste sosiale institusjonen som har overlevd dei dramatiske epokane i Russland. Kyrkjq hadde tette band til tasaren før revolusjonen i 1917. Ho vart så undertrykt av kommunistregimet og ein del leiarar tilpassa seg.

Kyrkja er under Vladimir Putin i praksis blitt ei statskyrkje med privilegium og posisjonar og med sterke bidrag til utanrikspolitikken, til dømes med sterk stætte det russiske militære inngrepet i Syria.

Samstundes har kyrkja forsterka agitasjonen mot andre kristne og andre nye trussamfunn. Kyrkja definerer Russland som eit ortodokst samfunn og ser, slik Trond Bakkevig tidlegare har sagt det i Magasinet Stefanus, på minoritetar som «ugras».

 

Kamp mot ekstremisme
Russland fekk ei ny religionslov frå 1997 med langt strengare krav til registrering av trussamfunn. Pinsevenene, til dømes, organiserte seg etter dette i tre samanslutningar.

I 2002 fekk Russland ei lov mot ekstremistisk aktivitet, med ein svært vag definisjon av ekstremisme og med det stort rom for å tolka aktivitet som ekstremisme.

Leiarar i den russiske ortodokse kyrkja var med på å ta i bruk omgrep som «totalitære sekter» om evangeliske kyrkjer og Jehovas Vitne, mormonarane og Hare Krishna. Og desse «sektene» måtte stemplast som ekstremisme, vart det kravd.

Eit anna omgrep som vart meir og meir brukt, var «åndeleg tryggleik». Slike skarpe karakteristikkar blei nytta for å visa kor farleg trusselen frå nye grupper av truande var. Både politikarar og ortodokse kyrkjerepresentantar kravde strengare lovgjeving mot trusselen får vest.

I 2002 kom den sokalla Zorin-rapporten, oppkalla etter statsråden som laga den, om religiøs ekstremisme. Dei kom med forslag til tiltak mot «totalitære sekter og organisasjonar av destruktiv karakter». Dei inkluderte både Jehovas Vitne og pinsevener, heiter det i boka «Religion and Violence in Russia», utgitt av den anerkjende amerikanske tenkjetanken Center for Strategic International Studies. Også katolikkane blei stempla som ein farleg trussel som prøvde å omvenda russarar.

Rapporten førte ikkje til endra lovverk. Men det vart støtt viktigare for ortodokse krefter å framstella «sekter» som ein ekstremistisk fare for samfunn og tru. Dei første rettssakene der ekstremistlova vart brukt mot medlemmar av Jehovas Vitne, Hare Krishna og evangeliske kyrkjer, kom i åra etterpå.

Jehovas Vitne som organisasjon blei forboden i Russland i 2017 – stempla som ekstremistisk organisasjon.

 

 Den «anti-sekteriske retorikken» kan gjera sitt til eit generelt klima med marginalisering og mistanke mot protestantiske kyrkjer og andre trussamfunn.

Felix Corley, Forum 18
 

Misjonsforbod
I 2016 blei anti-misjonslova, eller Yaravaya-lova, vedteken som del av ei lovpakke med forsterka straffer mot ekstremisme og terrorisme. Denne lova kan, meiner Center for Strategic International Studies, bli brukt mot ulike evangeliske kyrkjer og andre, på same måten som ekstremismelova er blitt brukt mot Jehovas Vitne.

Når til dømes evangeliske protestantar vert stempla som sekter og lovbrytarar, kan forordningane i lova i framtida legitimera sterke offentlege inngrep. «Anti-misjonslova plasserer alt no vanleg protestantisk kristen aktivitet på utsida av lova», skriv forfattarane.

Så langt er ingen andre enn Jehovas Vitne ramma av forbod eller forslag om forbod. Problema for dei evangeliske kyrkjene starta før forbodet mot Jehovas Vitne kom, og har halde fram etterpå, påpeikar Felix Corley i Forum 18. Klimaet varierer frå stad til stad, seier han.

Men Corley ser fareteikn:

 – Den «anti-sekteriske retorikken» kan gjera sitt til eit generelt klima med marginalisering og mistanke mot protestantiske kyrkjer og andre trussamfunn.

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 4-2019