Indonesia er prega av aukande religiøs intoleranse.

Indonesia er prega av aukande religiøs intoleranse.  

Blasfemi  

Kvinna som heiter Meliana hadde privat snakka med ein leiar i moskeen i nabolaget og spurt om lyden på høgtalarane som kallar inn til bøn, kunne reduserast. Dette hende 22. juli 2016.

Då starta rykta om at ho kravde at muslimane skulle slutta å kalla inn til bøn. Det førte til fleire angrep i byen Tanjung Balai, inkludert på huset til Meliana og minst 14 buddhisttempel, melder Christian Solidarity Worldwide. Kvinna har feira kristne høgtidsdagar og også nokre buddhistiske høgtidsdagar.

Islamistpress
Meliana og mannen vart avhøyrde av politiet etter angrepa. Meliana fekk i starten meldeplikt for politiet kvar veke dei neste to åra. Politiet sende seinare saka over til kontoret for blasfemisaker. Det utløyste forsterka press frå islamistar. 30. mai i år blei ho varetektsfengsla. Ho har vore fengsla sidan då.

– Fengslinga av Meliana er eit grovt brot på lov og rett og viser klart misbruk av blasfemilovene, seier Benedict Rogers i Christian Solidarity Worldwide.

– Meliana gjorde ikkje noko ulovleg, ho fornærma ingen, heller ingen religion. Det er opprørande og absurd at ho vert fengsla berre for å ha spurt om lyden på høgtalarar kunne reduserast, legg Rogers til.

Flykta for livet
Ekteparet mista jobbane sine etter dei første hendingane og har sidan vore tvinga til å ta imot økonomisk naudhjelp for å kunna brødfø seg og dei to sønene. Under angrepa vart begge sønene, som gjekk i vidaregåande skule, tvinga til å flykta frå valdelege mobbar. Gutane frykta for livet. Ein muslim som køyrer sykkeldrosje, hjelpte dei to gutane å  flykta.

Den aktive bruken av blasfemilova kjem samstundes med ei veksande uro for at Indonesias tradisjonelle pluralisme er truga. Den aukande religiøse intoleransen er forsterka av den politiske utviklinga i landet.

I mai vart 13 menneske drepne og fleire dusin skadde i tre bombeangrep mot kyrkjer i Surabaya, den nest største byen i Indonesia. CSW besøkte desse kyrkjene i august for å finna ut i detalj kva som hende. Les rapporten her.

Fatwaer
Nyleg valde president Joko Widodo ein 75 år gamal konservativ islamsk lærd til sin kandidat som visepresident ved valet neste år. Mar´uf Amin leia Indonesias Ulama-råd og var ansvarleg for ein serie fatwaer, inkludert fatwaen som førte til at den tidlegare guvernøren i Jakarta, Ahok (Basuki Tjahaja Purnama, som hans fulle namn er) blei dømt til to års fengsel for blasfemi i 2017. Amin var i 2005 ansvarleg for eit direktiv som førte til strenge restriksjonar og vald mot ahmadia-minoriteten.