Nguyen Bac Truyen saman med kona etter eit av overfalla på dei i 2014.

Nguyen Bac Truyen saman med kona etter eit av overfalla på dei i 2014.  


Nguyen Bac Truyen som er årets vinnar av Stefanusprisen, er dømt til 11 års fengsel. Han har kjempa for menneskerettane til krigsveteranar, offer for landtjuveri og religiøse minoritetar i Vietnam. For dette er han dømt for å undergrava den vietnamesiske staten.

Nguyen Bac Truyen har tidlegare sveltestreika for ein katolsk medfange i An Diem. 26. november startar han og ei gruppe andre samvitsfangar ein felles sveltestreik i protest mot urettferdig fangebehandling. Dei protesterer også mot at dei blir nekta å gje ope uttrykk for sin protest mot korleis fengselet behandlar andre fangar.

Ringte heim
Truyen fekk 24. november ringa heim til kona si, Bui Thi Kim Phuong. Ho har stått saman med han gjennom mange prøvelsar. Han fortalde at han og nokre andre fangar ikkje ser nokon annan utveg enn å gå til sveltestreik. I den ti minuttar lange samtalen fortalde han at dei vil sveltestreika til tilhøva i fengselet er blitt betre.

– Dei veit at det å gå til ein sveltestreik vil vera skadeleg for helsa deira, men at dette er siste utveg. Det einaste midlet dei har i kampen for betre fangebehandling, er livet og helsa si, fortel Michelle Nguyen til Stefanusalliansen. Frå Atlanta, Georgia i USA har ho samarbeid med Nguyen Bac Truyen i ei årrekkje. 

Kona til Truyen tok kontakt med henne å fortelja om sveltestreiken. Sjølv er Bui Thi Kim Phuong svært uroleg.

Ber om forbøn og støtte
– Nguyen Bac Truyen bad om forbøn og støtte. Han ville at alle som har kjempa for saka hans og alle andre skulle få vita om situasjonen, fortel Michelle Nguyen etter å ha snakka med Bui Thi Kim Phuong.

Ber om at han vert sett fri
– Nguyen Bac Truyen fortsetter å kjempe for rettferdighet selv under veldig krevende omstendigheter. Denne modige mannen risikerer enda en gang sin egen liv og helse for å stå opp for sine egne og andres rettigheter. Vi ber norske myndigheter om å ta opp Truyens sak med vietnamesiske myndigheter for å få han løslatt umiddelbart, sier generalsekretær Ed Brown i Stefanusalliansen.

11 år i fengsel
Nguyen bac Truyen blei dømt til 11 års fengsel i april 2018 etter å ha blitt arrestert og bortført i Ho Chi Minh-byen (tidlegare Saigon) i juli året før. Frå 2007 til 2010 sat han tre og eit halvt år i fengsel for sin menneskerettskamp.

Han sjølv er hoa hao-buddhist og har stått saman ikkje minst med katolske menneskerettsaktivistar i Vietnam. Han har kjempa for både trakasserte hoa hao-buddhistar og katolske aktivistar.

– Nguyen Bac Truyen har sett sitt eige liv og tryggleiken til familien i fare i kampen for menneske med ei anna tru enn si eiga, uttalte Ingvill Thorson Plesner som er leiar i komiteen som tildeler Stefanusprisen.

– Prisen støtte til at eg er uskuldig
Prisen skal formelt overrekkjast i ein digital seremoni 15. desember. Sjølv takkar Nguyen Bac Truyen for prisen og dedikerer den til kona si som har stått opp for han i ti harde år. Dei var fleire gonger saman då regimets menn gjekk til fysiske åtak på dei, både i 2014 og 2016.

– Eg ser på prisen som ei verdsetjing av innsatsen min og ein støtte til at eg er uskuldig dømt. Menneskerettar vil vera den viktigaste saka vidare i dette hundreåret fordi menneskerettar, menneskeverd, velferd, fred og fridom er gitt alle av Gud og er ikkje eit resultat av ein særskilt politisk teori, uttalar Nguyen Bac Truyen frå fengselet.

– Diktatur, løgn og bedrag
– Det er gale av eit regime å tvinga sin eigen vilje på 100 millionar menneske og seia at dette er folkets vilje. Det er diktatur, bedrag og løgn som ikkje høyrer heime i ei opa verd. Dette vil før eller seinare bli eliminert, sier Nguyen Bac Truyen og legg til:

– Eg er viss på at menneskerettsaktivistar både i Vietnam og utanfor Vietnam vil dela gleda mi.

Han ber priskomiteen helsa dei andre kandidatane til Stefanusprisen.

 

 

AKTUELT

PROSJEKT