Ein protestmarsj av medlemmar av den militante hindunasjonalistiske gruppa Bajrang Dal.

Ein protestmarsj av medlemmar av den militante hindunasjonalistiske gruppa Bajrang Dal.  


Ein kommisjon under Det evangeliske kyrkjefellesskapet (EFI har i sin 2017-rapport summert opp 351 verifiserte tilfelle av hatkriminalitet mot kristne gjennom 2017.

Kommisjonen for religionsfridom under EFI seier at regjeringa må byggja opp att kristnes tiltru til at styresmaktene vil verna dei.

Årsrapporten har fått tittelen «Hat og målretta vald mot kristne i India». Rapportskrivarane gjer det klart at talet 351 ikkje er overdrive, men at det tvert om er for lite.

– Dei fleste sakene blir aldri rapporterte, enten fordi offeret er skremt eller fordi politiet, særleg i dei nordlege statane, snur ryggen til», heiter det i rapporten. Politiet blir skulda for i mange slike tilfelle å nekta å registrera klager om kriminelle handlingar.

Hindunasjonalisme
Hindunasjonalistiske krefter er på frammarsj i India. Det høgreorienterte partiet BJP kom til makta i 2014, og det har nære band til den nasjonalistiske hindutva-rørsla. I åra etter at BJP kom til makta, har vald mot kristne og andre minoritetar vakse sterkt. Også muslimar er utsette. Den hindunasjonalistiske bevegelsens opphavsmann karakteriserte muslimar, kristne og kommunistar som landets største tryggingstruslar. For hindu-nasjonalistane må ein vera hindu for å vera ein god indar. Det gjer det verre og verre å vera religiøs minoritet.

Rapporten frå EFI-kommisjonen blei, skriv World Watch Monitor, publisert 16. februar. Kommisjonen skriv at ikkje-hinduistiske samfunn blir angripne og at angriparane slepp straff. Rapporten ber den indiske regjeringa syta for at folk som spreier hat vert straffa.

Rapporten dreg parallellar mellom det omfanget av vald som kristne India opplevde i fjor og valdsbølgja som vart kalla «ein pogrom» i Kandhamal i India i 2008. Då blei nær 100 kristne drepne. 6 000 kristne hus og 300 kyrkjer vart plyndra. 56 000 menneske vart heimlause. Pogrom er eit ord som først vart nytta om målretta valdsorgiar mot jldar i Aust-Europa på 1800-talet, men er seinare også brukt om overgrep mot andre minoritetar,

Vekst
Talet på registrerte tilfelle av hatkriminalitet mot kristne i India har vist vekst frå 147 i 2014, til 177 i 2015 og 134 i første halvår av 2016. I den siste rapporten vert det lista opp fire mord, 110 tilfelle av psykisk vald og arrestasjon, 70 truslar og trakasseringar, 64 tilfelle der gudstenester vart stoppa med tvang og 49 tilfelle der kristne vart arresterte basert på falske skuldingar.

Indias hindu-nasjonalistiske regjering har erkjent i parlamentet omfanget av «lokal vald» - ei omskriving av valdelege samanstøytar mellom religiøse grupper, har «gått opp med 28 prosent over tre år til og med 2017».

– Situasjonen for indiske kristne forverrar seg nokså raskt, seier generalsekretær i EFI, Rev. Vijayesh Lal, til World Watch Monitor.

–  Vald mot kristne undergrev kristnes tillit til regjeringa.  Vi presenterer denne rapporten til regjeringa slik at den kan setja i verk tiltak for å byggja oppatt tilliten, seier Lal.

Vald i høgtider
Dei fleste angrepa skjer knytt til søndagar og høgtider. Mange angrep ramma gudstenester, og 54 saker blei rapporterte i april og 40 i desember, begge godt over gjennomsnittet for ein månad på 29.

Mellom anna skjedde det angrep mot fleire kyrkjer på palmesøndag i fjor. Men medan den indiske statsministeren Modi fordømde terroren mot egyptiske kristne i påska, heldt han munn om angrepa på kristne i hans eige land, utført av hans eigne støttespelarar.

Svertar
Rapporten til EFI-kommisjonen seier at leiarane for somme delstatsregjeringar brukar pengar «for å sverta kristne offentleg». Rapporten åtvarar mot eit politisk klima som er i ferd med på bli oppheta før det nasjonale valet i 2019. «Fotsoldatar for BJP har gått over i høggir i hatkampanjar og målretta vald mot individ og grupper, særleg religiøse minoritetar og dalitar», heiter det i rapporten.

Indias katolske biskopar har nyleg åtvara mot hindu-nasjonalismen og religiøs hatkriminalitet. Statistikk viser at religionsbasert vald har vakse medan Narendra Modi har vore statsminister.

– Framveksten av religiøse nasjonalistiske rørsler i land som India, Nepal og Myanmar er ein sterk trussel for religiøse minoritetar, seier seniorrådgjevar Lisa Winther i Stefanusalliansen.

Og 2018 har starta ille. Ei stor gruppe hindunasjonalistar støytte saman med politiet 4. januar utanfor ein katolsk skule i Vidisha i Madhya Pradesh. I det tilfellet verna politiet skulen.

Åtvarar
Også Human Rights Watch er svært uroleg over veksten i angrep på minoritetar i India. – Den indiske regjeringa svikta i å stoppa eller å truverdig etterforska hatefulle angrep mot minoritetar, sa organisasjonen då den i januar la fram sin årsrapport.

Forbyr skifte av tru
Seks indiske delstatar har vedteke eller er i ferd med å få lover som kriminaliserer det å skifte tru. Dette har spreidd seg til fleire naboland. Lausannebevegelsen slo alarm om dette i ein rapport frå 2016.