Iran forsterkar innsatsen for å nøytralisera huskyrkjene i Iran.

Iran forsterkar innsatsen for å nøytralisera huskyrkjene i Iran.  


Dei dømde er Saheb Fadaei og Fatimeh Bakhteri. Førstnemnde får 18 månader bak lås og slå.

Dei to er medlemmar av Church of Iran, ei kyrkje med eit uvanleg syn på den treeinige Gud, eitt av nettverka blant huskyrkjene i Iran. Dei to var i ei gruppe som blei arresterte i ei huskyrkje i byen Rasht 25. mai 2017.

Den 22. september blei advokaten deira informert om dommen etter at retten hadde saka tidlegare i månaden. Saheb Fadaei er i tillegg dømd til to års indre eksil i Nehbandan i Sør Khorasan-provinsen, melder Middle East Concern. Dette er nær den iranske grensa mot Afghanistan.

Det heiter i dommen at når kristne seier at Jesus er Herre og at Bibelen er deira øvste autoritet, kan det sjåast på som eit «angrep på islam».

Saheb Fadaei slepp å sona denne straffa sidan han alt er i gang med å sona ei anna fengselsstraff på ti år i Evin-fengslet i Teheran. Han, pastor Yousef Nadarkhani, Mohammadreza Omidi og Yaser Mosibzadeh er alle dømde til ti års fengsel for å driva huskyrkjer og for å vera talerøyr for «sionistisk kristendom». Rettshøyringa var i juni 2017. Dei fire vart taua inn for soning i sommar.

 

Støtt kampen for trosfriheten

Stefanusalliansen støtter arbeid for iranske kristne gjennom Pars Theological Centre – og gjennom appeller og forbønner.

Gi en gave

AKTUELT

PROSJEKT