Ramazan Arkan er glad for å ha kunna dela ut nytestamente og dela evangeliet under julekonsertar i rådhuset og på eit hotell i Antalya.

Ramazan Arkan er glad for å ha kunna dela ut nytestamente og dela evangeliet under julekonsertar i rådhuset og på eit hotell i Antalya.  


– Vi er oppglødde, fortel pastor Ramazan Arkan, som leier kyrkjelyden som er partnar for Stefanusalliansen

– Vi er takksame for alle bønene og oppmuntringane frå mange støttespelarar. Vi ser at Gud svarar på bønene. Vi veit at venene våre vil bli oppmuntra av det som har hendt her. Mange misjonsorganisasjonar ser framleis på Tyrkia som ein av dei mest unådde nasjonane. Det er mange grunnar til det. Det er vanskeleg å dela evangeliet. Men dette er kallet vårt. No ser vi at Han skaper opningar på kreative måtar for å få sanningsordet ut til enkeltmenneske.

– Kva skjer?

– Tidlegare år fekk vi alltid setja opp bokbord på gatene og dela ut nytestamente og invitasjonar til kyrkja før jul. Vi hadde fleire julekonsertar i travle gater i sentrum. Men dei siste tre åra vart vi av lokale styresmakter her i Antalya nekta dette. Dette var skuffande. Men no før jul viste Gud oss ein ny måte å spreia julebodskapen på, seier Arkan.

Kyrkjelyden opna eit nytt kyrkjebygg i mai fordi den gamle kyrkja var for lita. Bygginga var støtta av Stefanusaliansen. Ein fersk rapport frå Den protestantiske alliansen i Tyrkia viser at fleire andre protestantiske kyrkjer slit med å få godkjent hus til gudstenester. Men i Antalya deltok viseborgarmeisteren under opninga. Der var også ei musikkgruppe frå Moldova.

– Vi inviterte musikkgruppa tilbake før jul. Dei heldt to konsertar – ein i rådhuset og ein på eit hotell. Vi reklamerte på store annonsetavler og delte ut 7000 flygeblad. Til saman kom 750 menneske på dei to konsertane. Dei høyrde vakker musikk, og eg fekk dela evangeliet. På veg ut venta folk i kø for å få eit nytestamente. 400 menneske også på julegudstenestene våre. Vi har rekna ut at i jula fekk kring 600 menneske truleg fekk høyra evangeliet for aller første gong.

– Kva betyr dette?

– Dette er storarta. Vi har aldri før nådd ut til så mange med aktivitetane våre. Be for alle dei som fekk høyra evangeliet for første gong, at Gud verkar og at dei vender tilbake til kyrkja.

– Meir godt nytt å fortelja?

– Ja. Gjesterommet og kafeen i den nye kyrkja vart tekne i bruk første veka i januar. Vi håpar dette vil verta ei inntekt for kyrkja, men endå viktigare er håpet om at dette vil føra nye menneske til kyrkja og gje oss kontakt med menneske som ikkje har vore i kyrkja tidlegare. Straks gjorde tre grupper reservasjonar for å halda konferansar i bygget vår. Kyrkja er ikkje berre ei velsigning for oss, men vi håpar bygget blir til glede også for heile det kristne samfunnet i Antalya. I vår kyrkje er fire menneske komne til tru dei siste to månadane.  Og ei gruppe iranske konvertittar har også teke i bruk kyrkja for å ha gudstenester. Difor oppmodar eg alle støttespelarane våre: Hald fram med å be for oss, seier Ramazan Arkan.

 

Støtt kampen for trosfriheten

Stefanusalliansen har tre partnere i Tyrkia. De trenger vår hjelp i en krevende situasjon. Også våre partnere i Midtøsten trenger vår støtte.

Gi en gave

AKTUELT

PROSJEKT